Den tragiske historia om lektor Allan Henriksen: Oppseiingssaka som enda med sjølvmord

Kommentar frå saksyndig: Kjelder til denne artikkelen er henta frå allereie publisert materiale.  Av omsyn til etterlatne og pårørande reknar eg det difor som greitt å skrive om denne saka, som etter mitt syn har offentleg interesse. Nettavisa Resett publiserte tilbake på våren 2022 ei rekkje artiklar om saka, men artiklane forsvann då nettavisa gjekk konkurs i desember 2022. Heldigvis delte Antiglobalisten minst to av artiklane. I tillegg baserer denne artikkelen seg på to artiklar på nettstaden revelje.no. Ein dom frå Eidsiva lagmannsrett har òg blitt brukt som kjelde, sjølv om den openbert ser ut til å halde med motparten, arbeidsgjevar. Saman målar desse kjeldene eit bilete av det som kanskje er eit av dei verste justismorda innan norsk arbeidsliv i nyare tid. Diverre er saka særs illustrerande for kva som skjer når ein tilsett av ulike grunnar hamnar i unåde hjå arbeidsgjevar.

Allan Henriksen jobba som lektor på Kjellervolla ungdomsskole i Lillestrøm, hovudsakleg som faglærar i kroppsøving. Utdanninga hans omfatta mastergrad i coaching og idrettspsykologi, ei grad i pedagogikk og ei toårig skodespelarutdanning. Då han byrja som lektor ved ungdomsskulen i 2013, vart han beden om å rydde opp i seksjonen kroppsøving, fordi karaktersnittet var altfor høgt. Ifølgje Henriksen hadde kroppsøvingslærarane ved skulen ikkje kunnskap om kva dei skulle vurdere på, og hadde visstnok heller ikkje oversikt over læreplanen. «Løysinga» deira var dermed å gje altfor høge karakterar, som ikkje gjenspegla den faktiske prestasjonen eller kunnskapsnivået til elevane. Naturleg nok klaga ingen elevar på dette.

Henriksen hadde sagt til leiinga at han kunne setje dei same høge karakterane, men at leiinga då måtte bekrefte det. Leiinga skal då ha sagt til han at det var hans ansvar å setje riktige karakterar. Henriksen valde då å følgje læreplanen, og vurdere utifrå krava i planen – som einaste lærar. Resultatet var at elevane i klassane hans brått fekk vesentleg lågare karakterar enn elevar som hadde andre lærarar. Denne gongen kom det klagar, og stadig fleire av dei òg. I motsetnad til dei altfor høge karakterane frå lærarar som ikkje følgde læreplanen, var Henriksen sine karakterar godt grunngjevne, so han såg ingen grunn til å oppjustere karakterane trass stadig fleire klagar.

I 2015 kan det sjå ut som om tre gutar i niande klasse konspirerte for å kome med falske pedofiliskuldingar mot Henriksen. Gutane var misfornøgde med karakterane sine. Henriksen kravde ei undersøking for å avklare omstenda, men leiinga nekta visstnok å etterkome ønsket. I staden vart Henriksen beden om å vurdere kva han la ut av bilete på sosiale media. Henriksen fortel sjølv i ein av sine YouTube-videoar at Facebook-kontoen hans var sperra for dei som ikkje var venner med han, og han var verken venner med elevane sine eller foreldra til elevane (slike relasjonar blir sett på som uprofesjonelt av dei fleste lærarar, inkludert Henriksen). Seinare i 2015 byrja Henriksen på ei vidareutdanning, men fekk ikkje innvilga studiedagar, noko arbeidsgjevar vanlegvis skal tilretteleggje for. Han måtte ta vidareutdanninga medan han jobba fulltid.

Frå januar 2016 vart han 50% sjukemeldt i samband med seinskadar frå ei trafikkulykke tilbake i 2010. I ein av videoane sine fortalde han at han hadde blitt påkøyrt, og fått brot i nakken. I februar 2016 fekk han ei privat Facebook-melding frå ein tidlegare elev der han vart kalla rasistisk fordi han berre hadde gjeve eleven tre i gym. Det går an å sende nokon private meldingar på Facebook sjølv om ein ikkje er Facebook-venn med dei.

Hausten 2017 vart han plutseleg innkalla til eit møte med leiinga. Grunnen skal ha vore at han kom med kritikk av at ein lærarkollega hadde motsett seg Henriksen og to kollegaer sitt forslag til ein firevekers rullerande plan om bruk av gymsal og uteareal; kollegaen såg ut til å vegre seg for å vere mykje utandørs, spesielt om vinteren. Henriksen etterlyste alternative forslag i staden for berre kritikk. Leiinga gav han beskjed om at han hadde «gått langt over streken», og om noko liknande skjedde igjen, ville han få skriftleg åtvaring. Hans tillitsvalde, som oppfatta dette som ei munnleg åtvaring, bad han be leiinga om å få åtvaringa skriftleg. Då gav rektor Henriksen beskjed om å berre gløyme heile saka.

I oktober 2017 fann det stad nok eit møte med leiinga. Der følte Henriksen seg undergraven av leiinga fordi dei dreiv og endra karakterane hans etter klagesaker, mot hans vilje. Han opplevde at leiinga var ute etter å bli kvitt han.

31.januar 2018 vart han kalla inn til endå eit møte med leiinga, tilfeldigvis ei veke etter at karakterane var blitt gjevne ut. Han vart konfrontert med at han for tre månader sidan under symjeundervisning skal ha halde ei jente litt for lenge. Jenta reagerte ikkje på episoden der og då, men skal seinare (då ho fekk karakterane?) ha kome på andre tankar. Ein kvinneleg assistent var med han i alle slike timar – men ho vart aldri spurt om episoden. Saka vart visstnok lukka utan at Henriksen fekk anmerkningar eller åtvaring, men det er rimeleg å tru at han oppfatta episoden som ubehageleg.

I slutten av februar 2018 var han på nok eit møte, der det denne gongen gjaldt konflikt med ein kollega. Grunnlaget var «svært ulik vurderingspraksis» av elevane.

I juni 2018 meldte fastlegen til Henriksen skulen inn for Arbeidstilsynet fordi Henriksen opplevde seg som mobba, krenkt og dårleg behandla. Forsøk på dialog med rektor, kommune og fylke, òg via fagforeining, hadde ikkje ført fram. Legen skreiv mellom anna at hovudkonflikten såg ut til å vere ueinigheit om karaktersetjing, og at Henriksen følte seg mobba, ignorert og motarbeidd. Arbeidsmiljøet på skulen var den sannsynlege årsaka til at Henriksen sin helsetilstand hadde blitt forverra. Då hadde han vore delvis sjukemeldt i to og eit halvt år, sidan januar 2016, og for lengst gått over på arbeidsavklaringspengar.

I desember 2019 skjedde det noko som burde få alle tillitsvalde til å steile: Henriksen fekk beskjed om å trappe opp stillingsprosenten frå 50% til 60% frå 1.januar 2020, eller bli oppsagt den prosenten han gjekk sjukemeldt. Trass sin helsetilstand, etterkom Henriksen ønsket. I februar bad han om ei veke avspasering i april, men fekk avslag. Grunngjevinga var at avspasering under opptrapping ikkje var aktuelt, sidan opptrappinga då ikkje kunne evaluerast. I mars 2020, like før «pandemien», fekk Henriksen beskjed om å auke stillingsprosenten opp til 70%, visstnok for å erstatte permisjon eller sjukefråvær til ein annan lærar. Arbeidsavklaringsprosenten vart justert ned til 30%, men rektor meldte ikkje opptrappinga på 10% inn til lønnskontoret. Altso fekk Henriksen 10% mindre lønn enn han hadde rett på.

12.mars 2020 stengde Noreg ned, og Henriksen gjekk over til heimeskule. I byrjinga av mai fekk han beskjed frå leiinga om at dei «føreslo» at han tok all oppspart avspasering. Henriksen reagerte negativt på dette, fordi det for han var openbert at dei ville ha han fekk frå undervisningssituasjonen.

11.august 2020 møtte Henriksen opp til planleggingsdag for skuleåret 2020/2021. Då var det fyrste gong sidan februar at han var fysisk til stade på Kjellervolla. Der oppdaga han at han ikkje hadde blitt tildelt klassar for skuleåret. På slutten av dagen spurde han rektor om grunnen til dette, og fekk då ei liste med 18 «kulepunkt» om åtferda si som lærar dei siste åra. Han fekk òg beskjed at han ville få ei innkalling til drøftingsmøte i posten. Møtet skulle finne stad 19.august. På møtet hadde han med seg tillitsvalt og advokat. Der forsvarte dei seg godt mot dei 18 klagepunkta, men han vart 3.september likevel sagt opp. Grunngjevinga? Leiinga såg på det som uforsvarleg å ha han tilsett på skulen, tilsynelatande på grunn av avvik mellom deira forventingar og hans faktiske prestasjonar, stadige saker frå kollegaer, foreldre og lærarar, og «ingen endringsvilje». Eit gjennomgåande tema såg ut til å vere at Henriksen la skulda på andre ting enn forhold hjå seg sjølv.

I september 2020 vart Henriksen politianmeldt for å ha filma elevane sine. Filming var vanleg praksis på skulen for å vurdere elevane, og på byrjinga av kvart skuleår skreiv foreldre/føresette under på eit skjema der dei gav samtykke til at barna skulle filmast i undervisningssamanheng. Faren til ein av elevane hadde klaga til rektor då han fekk vete at dottera hans hadde blitt filma – sjølv om han måtte ha gjeve løyve til dette på byrjinga av skuleåret. Rektor laug til forelderen om at Henriksen ikkje hadde lov til å filme ho, og resultatet vart dermed politianmelding.

I desember 2020 gjekk Henriksen til søksmål for usakleg oppseiing og erstatning, med den grunngjevinga av grunnlaget for oppseiinga bygde på falske anklagar. Alt dreia seg om at elevar og foreldre var misfornøgde med at han var for «streng» med karakterane, sjølv om han jo berre følgde vurderingskriteria i læreplanen og dermed gjorde jobben sin som lærar – i motsetnad til kollegaene. Ved å vurdere strengare enn resten av lærarane, hadde Henriksen gjort seg sjølv til ei skyteskive for late/likegyldige elevar og deira foreldre, som naturlegvis var misfornøgde med dei dårlege karakterane. Det er òg mogleg at Henriksen si langvarige deltidssjukemelding kan ha skapt vond vilje hjå rektor. Den einaste «oppfølginga» han fekk av arbeidsgjevar, var at han vart tvinga til å trappe opp stillingsprosenten under trugsel av å bli delvis oppsagt frå stillinga.

Seinare viste det seg at rektor og kommuneadvokaten hadde forfalska dokument som vart brukt i prosesskrivet som kommunen leverte til domstolane. Saman med dokumenta vart det brukt bilete av Henriksen kledd ut som dame (han hadde skodespelarutdanning), som vart henta frå hans private, sperra Facebook-konto der verken elevar eller foreldre hadde tilgang. Bileta hadde mest sannsynleg kome frå svikefulle kollegaer som Henriksen på den tida truleg oppfatta som sine venner, og difor hadde delt bileta med. Føremålet med denne prosessen var å framstille Henriksen som pedofil og/eller seksuelt avvikande. Det vart mellom anna påstått at ein spesialpedagog hadde sagt at han hadde ei «grenseoverskridande fysisk tilnærming» mot jentene og oppførde seg upassande. Seinare viste det seg at spesialpedagogen aldri hadde sagt noko slikt.

Politianmeldinga mot han, som rektor var ansvarleg for, vart til slutt henlagt. Då hadde han hatt den saka hengjande over seg i eit år.

Henriksen tapte saka si for usakleg oppseiing og erstatning i tingretten i februar 2021. Han anka saka til Eidsiva lagmannsrett, der han tapte igjen 16.desember 2021. 2.mars 2022 fekk han vete at Høgsterett hadde avvist ankesaka hans. I dommen vart Henriksen dømt til å betale sakskostnader på 145 200 kroner – innan 14 dagar. Han hadde på den tida fått seg ny fast jobb som lærar i Oslo kommune. Det einaste han ville, var å reinvaske seg og få erstatning for usakleg oppseiing.

Advokaten hans, Jan Tore Olsborg, uttala til Resett at saka mot hans klient hadde fleire saksbehandlingsfeil, og at Henriksen ikkje hadde fått høve til «helt elementær kontradiksjon». Ei heller hadde han fått opplyst kven klagane kom frå, og ikkje blitt gjeven høve til å kome med sin versjon i nær tid til hendingane; den påståtte hendinga med jenta i symjebassenget fekk han til dømes ikkje vete før tre månader seinare. Trass gode skussmål frå til saman åtte kollegaer, la retten einsidig vekt på rektor og resten av leiinga sin versjon. Resett fann òg ut at nokon i leiinga ved Kjellervolla skole visstnok var gift med kommunaldirektøren for oppvekst i Lillestrøm kommune. Ein tidlegare lærar ved skulen fortalde til Resett at leiinga ved Kjellervolla lét lærarar stå åleine i slike konfliktar. Ein annan sa til nettavisa at leiinga rett og slett køyrde ein utmattingstaktikk mot Henriksen. Dei gav seg aldri. Fleire tilsette skulle ha blitt utsett for eit liknande køyr, men dei valde heller å slutte. Henriksen kjempa til siste andedrag.

Då Resett konfronterte rektor Heidi Borgersen Almlid og kommunalsjef for skule Kirsti Aanstad Hettasch med saka, skreiv sistnemnde følgjande i ein e-post til Resett:

«Vi har allerede uttalt oss i denne saken. Saken er dypt tragisk og har fått det verst tenkelige utfall. Kommunen fikk medhold i tingretten og lagmannsretten. Høyesterett avviste saken. Utover det ønsker vi ikke å kommentere sakens innhold. Kommunen ønsker ikke å fortsette å prosedere en sak i media, som er avsluttet i rettssystemet.»

Ein lesar i kommentarfeltet til Resett skreiv, slik eg hugsar det, at denne saka er det perfekte dømet på det ein kan kalle psykopatisk forvaltning. All makt, men inga skuld. Og iallfall ingen ansvar.

Torsdag 24.mars 2022 reiste 40 år gamle Allan Henriksen til Rikshospitalet med eit våpen, der han tok seg inn på eit rom. Inne på det rommet avslutta han livet sitt. Han hadde i forkant registrert seg som organdonor. I sin siste, no utilgjengelege YouTube-video, la han skulda for valet sitt om å avslutte livet på den langvarige arbeidskonflikten og pedofilistempelet han feilaktig hadde fått.

Kjelder:

Dommen frå Eidsiva lagmannsrett (LE-2021-95617)

Avdøde Allan Henriksens advokat: Dette er en av de mer spesielle sakene jeg har vært borti (Antiglobalisten, 5.april 2022, opphavleg publisert på Resett)

Tidligere lærer: Skoleledelsen kjørte en ren utmattelsestaktikk mot avdøde Allan Henriksen (Antiglobalisten, 7.april 2022, opphavleg publisert på Resett)

«No justice, no life» for lektor Allan Henriksen (Revelje.no, 5.april 2022)

Videoen som viser løgnen om Allan Henriksen (Revelje.no, 10.april 2022)

Kommenter innlegget