Ikkje lat dykk lure av Covid 2.0 – lær av kva som skjedde under Covid 1.0, tidenes «Darwin Awards»

Mike Adams klinka til med ein glimrande artikkel 29.august 2023, der han kom med ti openberre grunnar til at alle intelligente menneske burde ha lært av Covid 1.0, i tillegg til å kome med nyttige råd om kva alle kan gjere dersom det kjem ei andre bølgje av covid-hysteri. Saksyndig har lese gjennom punkta og kjem her med ei gjengjeving av dei.

På dette punktet må ein omtrent ha budd under ein stein for å tru at dei statlege covid-ordrane har som føremål å gjere folket godt. Ein må òg vere nærast tilbakeståande for å tru at munnbind stoppar overføring av covid, at sosial avstand fungerer, eller at covid-«vaksinar» hindrar smitte og overføring.

Dette er i all sanning menneskeheita sin største IQ-test. Under Covid 1.0 fann det stad det eg kallar ei utsiling av individ, ein slags Darwin Awards, der dei mindre opplyste lét seg lure og tok mRNA-injeksjonane. Resultat? Hjartebetennelse, slag, infarkt, evigvarande menstruasjon og i somme tilfelle synstap. Og forresten… Folk døyr som fluger for tida, spesielt unge, tilsynelatande friske menneske.

Medan Covid 1.0 var ein slags generalprøve for eliten, der folket vart presentert statleg tyranni og medisinsk-vitskapleg bidrageri, er Covid 2.0 sjølve avsluttande eksamen for å finne ut kven som framleis ikkje har lært ein tøddel frå generalprøven. Prosjektet framstår meir og meir som ei Endlösung, og dei som stryk på denne global-IQ-eksamenen, vil nok fort finne ut at dei ikkje har lenge igjen å leve.

Det er allereie openbert at eliten førebur Covid 2.0. Stadig eskalerande fryktporno, rykte om gjeninnføring av «tiltak», og ikkje minst det faktum at den illegitime presidenten Joe Biden nyleg har løyvd over ein milliard dollar til utvikling av ein ny «vaksine», som han naturlegvis oppmodar alle amerikanarar til å ta. Sjølv har han teke fem covid-sprøyter, men likevel blitt smitta to gonger.

CDC innrømmer samstundes at alle tidlegare covid-sprøyter ikkje fungerer mot den nye «varianten» BA.2.86 – som dei seier berre smittar fullvaksinerte.

Mike Adams har døypt denne nye varianten «BS.24.7» (bullshit 24/7), og kallar den «Presidentval-varianten» («the Election Variant» på engelsk). Det er for han openbert at denne nye runden med virusskremsel har som føremål å stele 2024-valet i form av postavrøysting fordi folk blir skremde til å halde seg heime i staden for å fysisk møte opp i vallokale rundt om i landet. Det nye slagordet for Bidens 2024-kampanje burde vere «Make America scared again».

Folk må slutte å lyde desse tåpelege, totalitære tiltaka. Berre slik kan vi få slutt på all galskap knytt til vår tids moderne svøpe: Korona, klima og krig.

Her er dei ti punkta til Adams:

  1. So lenge ein lyder tyranni, vil staten alltid pønske ut nye måtar å oppføre seg som tyrannar. Folk kan alltids skremmast til underkasting ved hjelp av ein endelaus straum av sokalla «kriser».
  2. Munnbind fungerer ikkje, og sjølv CDC innrømmer dette i full offentlegheit. Viruspartiklar trengjer seg lett gjennom porene på munnbinda, akkurat som ein mygg kjem seg gjennom ein hønsenetting. Til dømes seier CDC at munnbind ikkje stoppar røykpartiklar, som er mykje, mykje større enn covid-partiklar.
  3. Sjukehus fekk ordre frå den føderale regjeringa om å utføre massemord på fleire hundre tusen menneske… og dei lydde ordren med glede. Amerikanske sjukehus fekk so mykje som 500 000 dollar per covid-dødsfall, noko som raskt gjorde sjukehus om til dødsfabrikkar. Framgangsmåten deira var å diagnostisere alle som hadde luftvegssymptom med covid, kople dei til ein respirator, isolere dei frå dei pårørande og so ta livet av dei.
  4. Covid-«vaksinar» hindrar ikkje smitte eller overføring. Det medisinske etablissementet hevdar no i staden at «vaksinane» reduserer symptoma av ein covid-infeksjon. I staden er dei å rekne som biologiske våpen som drastisk aukar risikoen for hjarteinfarkt, slag, nevrologiske problem og død. Målet med dette er befolkningsreduksjon, og dette vil sannsynlegvis utførast i endå større grad under Covid 2.0. Dei som trass alt dette framleis vel å stille seg i vaksinekø, er dermed å rekne som sjølvmordskandidatar som ønskjer hjelp til å utføre eutanasi.
  5. Staten vil bruke covid for å drive med valfusk og øydeleggje økonomien. «Presidentval-varianten» av covid ser ut til å vere tima slik at den forstyrrar 2024-valet. Demokratane har ikkje ein sjanse i havet til å vinne ærleg og reieleg mot Trump. Demokratane kan berre vinne ved omfattande valfusk, og ved å kriminalisere motstandarane sine, slik dei for tida gjer med Trump.
  6. PCR-testar som diagnoseverktøy er eit fullstendig bedrag. PCR-verktøy er ute av stand til å gjere ein kvantitativ analyse; altso kan dei ikkje avgjere virusmengda i nokon prøver. Dessutan kan PCR-verktøy lett justerast ved å auke replikasjonssyklusane slik at «bakgrunnsstøy» blir forstørra so mykje at ein kan oppnå «positivt resultat» på alle prøvar dersom ønskjeleg. Heile forteljinga knytt til PCR-testar og «positive resultat» er rein fiksjon, og brukt for å oppretthalde illusjonen om «høge smittetal» for å rettferdiggjere «tiltak». For å parafrasere Adams er ei PCR-maskin like lite i stand til å diagnostisere virusinfeksjon som eit forstørringsglas er i stand til å sjå inn i framtida.
  7. Fastlegen din vart kjøpt og betalt til å pushe utrygge, eksperimentelle mRNA-sprøyter, og det gjekk han med på med vilje. Legar under covid kunne best samanliknast med horer som fekk pengar for å fornedre seg og øydeleggje sitt gode namn og rykte. Dei som ikkje gjekk med på det, erfarte at jobb, inntekt og autorisasjon forsvann under skumle hekseprosessar.
  8. WHO er styrt av globalistar med ein avfolkingsagenda. FN, som WHO opererer under, har som eit av hovudmåla sine å fjerne milliardar av levande menneske frå Jorda. Heile det sokalla «klima-narrativet» handlar om å gjere slutt på menneskeleg aktivitet gjennom å gjere slutt på menneske. Under Covid 2.0 fryktar Adams at WHO vil gje lokale jurisdiksjonar ordre om å samle folk og sperre dei inne i konsentrasjonsleirar – eller «karanteneleirar» som dei sjølve kallar dei – der dei sannsynlegvis vil bli myrda, for so å bli talde som «covid-dødsfall».
  9. Forstyrringar i matforsyingskjeden er ikkje ein biverknad av, men eit strategisk trekk i dei statleg påtvinga nedstengingane. Dei har som mål å få oss til å døy av svolt. Matprodusentar blir stengde ned under påskot av «pandemikrise», avlingar blir avliva på grunn av mistanke om «smitte» (til dømes fugleinfluensa), og uvaksinerte langtransportsjåførar, hamnearbeidarar og fabrikkarbeidarar blir avskjediga, noko som fører til alvorleg bemanningskrise og sviktande leveringsdyktigheit. Denne framprovoserte matmangelen vil føre til drastisk auka prisar, der folk ikkje lenger vil få råd til å kjøpe mat. I Covid 2.0 kan dette i verste fall manifestere seg i at staten tilbyr desperate, sveltande menneske «vaksine» i byte mot til dømes ein hamburgar. (Folk vil i det minste då døy med mat i magen…)
  10. Staten trur at folket fullstendig ukritisk vil lyde nesten alt… og dei har nesten rett. Motstanden blant dei som tenkjer sjølv veks dag for dag. Ved å leggje press på store selskap, organisasjonar og offentlege organ, kan folket få dei til å trekkje tilbake til dømes munnbindpåbod og obligatorisk vaksinasjon for dei tilsette.

Kort fortalt vil dei lettlurte fjolsa døy, medan vi som er litt smartare og meir kritiske til herskarklassen overleve. Adams kjem til slutt med ni punkt som alle med sjølvopphaldingsdrift bør følgje. Her er dei sokalla «covid-triksa» som eliten kjem til å bruke mot folket, sine fiendar:

  1. Dei kjem til å lyge om tala døde og dødsårsak.
  2. Dei kjem til å lyge om effektiviteten av munnbind og vaksinen.
  3. Dei kjem til å lyge om «vitskapen» og kjem til å publisere forfalska «vitskaplege» artiklar i medisinske tidsskrift.
  4. Dei kjem til å leggje seg opp i behandlingar som fungerer, og prøve å kriminalisere dei som fremjar dei.
  5. Dei kjem til å mobbe og skamslå folk til å lyde gjennom trugslar og tvang.
  6. Dei kjem til å økonomisk motivere legar og sjukehus til å myrde deg.
  7. Dei kjem til å sensurere alle ytringar som går imot dødsagendaen deira.
  8. Dei kjem til å innføre vilt grunnlovsstridige fullmakter gjennom reint vågemot, og håpe at folk vil gå med på det utan vidare.
  9. Dersom du ønskjer å overleve alt dette, må du nekte å tru på løgnene og nekte å lyde tyranniet deira.

2 comments

  1. Dette er ikke ment som reklame. Admin sletter hvis det er upassende:

    Jeg skrev ei låt om dette pre pandemi 1.0.
    Denne kan høres i «umastret» utgave her: https://on.soundcloud.com/yuUAy

    Denne og flere låter av lignende karakter/tematikk/budskap er nå under mer profesjonell produksjon av et band med full besetning, og trass noen problemer med flomskader etter «Hans», håper vi å ha en EP ute innen jul. Vi har fått i orden en distribusjonsavtale, så dette vil kunne streames/lastes ned hos de typiske tjenestene (Spotify, Tidal etc.) når sluppet.

    Takk avslutningsvis til Saksyndig som leverer svært godt, jevnt og trutt, og nå er blitt en sentral del av den daglige nett-surfen.

    Likt av 1 person

Legg att svar til StormFrog Avbryt svar