At noko skurra heilt frå fyrste dag når det gjeld covid-19-«pandemien», var det mange som tenkte. Diverre er det stor skilnad mellom tankeverksemd og det å prøve å spreie livsviktig informasjon til folk flest. Spesielt utfordrande blir det når både styresmakter og media gjer det dei kan for å hindre informasjonen i å kome ut. Der nyttar dei seg av dei verktøy som finst i skrinet, og desse verktøya spenner heile spekteret frå sensur, arbeidsløyse, sperring av bankkontoar og – i ekstreme tilfelle – mord. Dei siste åra har covid-varslarar døydd som fluger, og ingen ser ut til å kunne (eller ville) undersøkje nærare kva omstende som ligg bak.
Spesielt beit eg sjølv meg i merke då Nyhetsspeilet-skribent Hans Gaarder døydde på vårparten 2021 i samband med eit påstått covid-19-utbrot på låven hans i Gran kommune. Der kasta media seg over han som ein ulveflokk og nærast antyda at han fortente å døy fordi han var skeptisk til korona-tiltaka og dei sokalla «vaksinane». All respekt for den avdødes ettermæle og dei etterlatne såg ut til å ha fordufta, her skulle Gaarder svertast for all framtid, og dei som hadde liknande tankar fekk her ei utvitydig åtvaring. Det store spørsmålet som skurrar er kva han eigentleg døydde av. At ein koronatiltaksmotstandar døyr av korona høyrest litt for passande ut når styresmakter og media går ut av sine gode skinn for å pushe eit bestemt narrativ om eit påstått dødeleg virus og ein påstått trygg og effektiv mRNA-injeksjon.
Gaarder er langt ifrå den einaste i opposisjon som har blitt rydda av vegen. Denne artikkelen er frå januar 2022, men er like aktuell i dag. Gjennomgangstemaet er at covid-varslarar som snakkar ut mot den nifst koordinerte responsen på covid frå regjeringar i bortimot heile den vestlege verda, har ein lei tendens til å anten døy eller bli sperra inne på psykiatriske institusjonar.
Til dømes kom den italienske forskaren Domenico Biscardi med kritikk mot covid-politikken til regjeringa, og dreiv i tillegg og forska på desse sprøytene. I byrjinga av januar 2022 ramla han plutseleg død om frå eit påstått hjarteinfarkt. Ein italiensk senator åtvara derimot om at Biscardi berre er nok ein varslar i rekkja som blir stilna fordi dei vågar å snakke ut. Dersom journalistar og medieformidlarar verkeleg jobba uavhengig, hadde dei for lengst sett i verk undersøkingar og etterforskingar rundt desse mistenkjelege dødsfalla. Til dømes fekk Biscardi før sin død besøk av det italienske politiet på grunn av forsking han hadde gjort rundt «effektiviteten» til mRNA-injeksjonane (som vi i dag veit er lik null, om ikkje negativ). Han hadde mellom anna kome fram til at Novavax-injeksjonane inneheldt kvikksølv, eit stoff som er særs giftig for kroppen. Andre ting i injeksjonane inkluderte grafén, nanopartiklar og mikro-overførarar. Han hadde i tillegg erklært at han kom til å ta dette til høgste rettsinstans i Europa, Den europeiske rettsdomstolen. Han snakka om ei ny «Nüremberg-rettssak». Det skal her leggjast til at Biscardi berre var 53 år gammal då han døydde – og han var uvaksinert.
Ein annan som døydde under mystiske omstende, var den tyske kjemikaren og ingeniøren Andreas Noack. Dødsfallet fann stad etter at han hadde laga ein video om funn av grafén i korona-sprøytene. I likskap med Biscardi fekk Noack òg besøk av politiet, og det midt ein livestream han filma. Brølande politimenn slo inn døra og nærast overfall han. Videoen vart publisert 23.november 2021 – 27.november la hans gravide kone ut ein video der ho sa at han var drepen, og at dette skjedde dagen før, 26.november.
(Sjå òg «Internasjonalt anerkjent tysk kjemikar død etter oppsiktsvekkjande funn av grafénoksid i Covid-‘vaksinar’», publisert 12.desember 2021.)
I juli 2021 vart 54 år gamle dr. Guiseppe De Donno, som hadde utvikla ei banebrytande behandling for covid-pasientar, funnen død. Behandlinga hans gjekk ut på å bruke plasma frå folk som hadde friskna til frå Covid, og denne plasmaen vart i sin tur brukt på pasientar som hadde blitt smitta. Metoden hans var bortimot gratis å bruke, og iallfall ikkje patentbeskytta av eit digert legemiddelselskap. Han skal visstnok ha hengt seg sjølv. Han var overraskande nok ikkje motstandar av covid-«vaksinane», men tilrådde at folk tok dei for å beskytte seg sjølv mot covid. Legemiddelindustrien var derimot fiendtleg overfor han fordi behandlinga hans var so billeg, og ville påverke negativt profitten dei sjølv hadde tenkt å tene på mRNA-injeksjonane.
I slutten av 2021 vart den 44-årige Brandy Vaughan, som var ein framtredande vaksinekritikar og tidlegare tilsett i legemiddelgiganten Merck, funnen død heime hjå seg av sin unge son. Ho prøvde å åtvare folk om farane til legemiddel og vaksinar, og sa at farmasiindustrien gjer folk sjuke for å tene pengar. Ho forska på vaksinar og oppdaga at dei inneheldt skadelege substansar som skader kroppen. Ho skreiv gjentekne gonger på sosiale media at dersom ho nokosinne var funnen død, låg det vondsinna intensjonar bak. I sitt siste innlegg på Instagram åtvara ho mot influensavaksinar – to dagar seinare var ho død.
Dr. Mel Bruche, ein høgt respektert kanadisk lege, vart i byrjinga av 2022 sperra inne på psykiatrisk avdeling etter å ha eksponert eksplosjonen av dødfødde babyar hjå vaksinerte mødrer. Den kanadiske regjeringa fekk han innlagt mot sin vilje, og på avdelinga vart han i tillegg tvangsmedisinert med eit farleg legemiddel som er i bruk i psykiatrien. Han fekk òg forbod mot å bruke telefonen sin.
Dr. Meryl Nass, ein lege i delstaten Maine med 25 års erfaring, fekk autorisasjonen sin mellombels inndregen og fekk ordre om å gjennomgå ei psykologisk evaluering. «Brotsverket» hennar var å behandle pasientar med hydroksyklorokin og ivermectin, i tillegg til å dele sokalla «feilinformasjon» om covid og «vaksinane». I Maine er dødshjelp lovleg, so dei som er alvorleg sjuke av covid kan dermed be om hjelp til å døy. Dei kan derimot ikkje be om ivermectin slik at dei blir friske.
Den britiske gravferdsagenten John O’Looney, som snakka ut om overtalsdødsfalla i Storbritannia i samband med massevaksineringa, skal ha blitt misbrukt på eit britisk sjukehus og måtte reddast av venner. Han uttrykkjer at han er glad for at han kom seg vekk i live derifrå. I tillegg til å ha varsla om overtalsdødsfalla, har han òg avslørt at sjukepleiarar på britiske helseføretak får ordre om å administrere dødelege dosar med midazolam til covid-pasientar, noko som berre aukar dødstalet. I tillegg avslørte han at ein driv og forfalskar dødsattestar for å kunstig blåse opp talet covid-døde.
Andre temmeleg påfallande dødsfall i samband med «pandemien», er Kary Mullis, oppfinnaren av PCR-testen. Han døydde hausten 2019, like før koronaprosjektet starta. PCR-testen har vore eit leiande verktøy for å gje folk diagnosen «covid-positiv», og talet syklusar kan justerast opp dersom ein ønskjer positive resultat, og ned dersom ein ønskjer negative. Testen er totalt ueigna som diagnostisk verktøy, noko Mullis sjølv sa. Likevel vart testen brukt flittig under heile «pandemien» for å feilaktig gje folk covid-diagnose. Hadde Mullis vore i live hadde han nettopp vore den som gjekk ut og sa at testen var ubrukeleg, på same måte som dr. Robert Malone varsla om at mRNA-teknologien i covid-«vaksinar» ikkje fungerer i praksis. Malone lever heldigvis framleis i beste velgåande.
To andre dødsfall som kan vere relatert til «pandemien», er dei mystiske dødsfalla til det kanadiske milliardærparet Barry og Honey Sherman. Den 75 år gamle mannen og den 70 år gamle dama vart funne døde i huset sitt i Toronto i desember 2017, og saka har aldri blitt oppklart. Sonen deira skal i etterkant ha sagt at Sherman-paret hadde fiendar, og Toronto-politiet sa at dei hadde mange aktuelle personar i søkjelyset. Barry Sherman grunnla og var leiar for det digre selskapet Apotex, som produserte generiske (ikkje-patentbeskytta) legemiddel. I vekene før dødsfalla hadde selskapet tapt ei rettssak til 500 millionar dollar som involverte eit legemiddelpatent. Apotex vart kjent for å lage generiske versjonar av legemiddel, som dermed vart konkurrentar til legemiddela til gigantselskap slik som Bayer og AstraZeneca. Bayer saksøkte Apotex ved eit høve på grunn av dette. Apotex har i dag Jeff Watson som adm.dir. og president. Av interesse kan det nemnast at Apotex produserte det generiske legemiddelet hydroksyklorokin (Plaquenil), som opphavleg blir brukt som malariamedisin, men som òg blir brukt til å behandle covid-19. Ei av Saksyndig sine kjelder, som er lege, har ein hypotese om at dersom Sherman framleis hadde levd, hadde han omstilt fabrikkproduksjonen til å masseprodusere hydroksyklorokin-tablettar. So langt ligg det ingen offisielle motiv bak eit eventuelt drap, med mindre «nokon» ville at ei slik omstilling av produksjonen ikkje skulle finne stad verken før eller under «pandemien».
