Jungeltelegrafen melder: Bebuarane på kommunal sjukeheim får berre éi bleie per vakt og blir nekta iskrem fordi det er «tomme kaloriar»

Sjå òg «Fryktkultur, misunning og konspirasjonar på arbeidsplassen», publisert 15.november 2021 og «Fryktkultur… del 2», publisert 9.april 2022.

Lesarane er sikkert kjent med at eg jobba i den kommunale helsesektoren i ein større vestlandsby i 15 år, fram til eg i juni 2021 vart fjerna og tvinga til å inngå sluttavtale på grunn av meiningane mine om «pandemien» og alle dei øydeleggjande «tiltaka». Frå 2017 til 2021 jobba eg på ein kommunal sjukeheim som i mange år hadde hatt ein dyktig styrar som sette bebuarane i fokus, såg innsatsen dei tilsette gjorde, og som hadde ei fenomenal evne til å skape eit godt psykososialt arbeidsmiljø. Dette endra seg diverre då han førtidspensjonerte seg i desember 2020, og ein ny styrar/einingsleiar byrja i stillinga hans. Ho var ei dame i 50-åra som hadde slik ein totalitær og menneskefiendtleg leiarstil at eg og ho straks rauk uklar. Ved hjelp av to av mine kollegaer på avdelinga mi fekk ho oppretta avskjedssak på meg, men kommunaldirektøren greip inn med nemnde sluttavtale. Eg har sidan hatt yrkesforbod i den kommunale helsesektoren i den bykommunen.

I ettertid har eg høyrt diverse historier frå tidlegare kollegaer om at arbeidsmiljøet på grunn av denne kvinnelege einingsleiaren er verre enn nokosinne. Sjukeheimen skal spare pengar for ein kvar pris, og dette går utover både trivselen i personalgruppa og ikkje minst bebuarane. Den eine kollegaen i denne «konspirasjonen» mot meg ser no ut til å ha blitt ein slags mediekontakt for sjukeheimen, i og med at ho ved fleire høve har fått meiningsinnlegg på trykk i lokalavisene. Der skriv ho derimot berre på generell basis om personalmangel, utan å peike på dei mange kritikkverdige forholda på sin eigen arbeidsplass.

Denne veka møtte eg ein tidlegare kollega då eg var på tur i skogen. Ho hadde nyleg gått av med pensjon etter å ha jobba på naboavdelinga mi i mange år. Ho hadde følgjande ting å fortelje:

  1. Dei tilsette har fått ordre om å berre bruke éi bleie per bebuar per vakt.
  2. Berre éin vaskeklut og eitt handkle per bebuar per vakt.
  3. Bebuarane blir nekta iskrem fordi dette er «tomme kaloriar», endå det er personalet sjølv som har kjøpt inn iskremen for at bebuarane skal få litt kos. Då handlar det ikkje om økonomi, men rett og slett overformynderi.
  4. Reinhaldsleiaren, som i alle år har jobba ekstravakter i pleia, fekk ikkje lenger lov å jobbe i pleia. Ho slutta i reinhaldsstillinga og byrja å studere, og sjukeheimen leiger no reinhald via vikarbyrå (noko som er særs dyrt). Sjukeheimen har mist ein god kollega, og fått meir utgifter til reinhald – forstå den logikken den som kan!
  5. Fleire tilsette har ved fleire høve vore i møte med einingsleiaren der dei uttrykkjer sterk misnøye med den nye «ordninga» på sjukeheimen. Likevel har ingen betringar skjedd. Dette gjeld mesteparten av personalgruppa på naboavdelinga mi, og heile nattevaktgruppa, og denne «opposisjonen» blir leia av den tidlegare konstituerte avdelingsleiaren, som eg veit er ei dame med bein i nasen og sjølvstendige meiningar.

Då eg sjølv jobba på korttidsavdelinga på den private sjukeheimen, fekk eg plutseleg beskjed ein dag at pasientane ikkje kunne få kaffi til lunsj fordi kaffi var so dyrt. Eg flirte godt over dette, før eg likevel laga kaffi til dei. Alle ville ha kaffi, og dei betalte jo trass alt for opphaldet der. Dessutan blir det å nekte nokon ei matvare som er tilgjengeleg, i dei fleste tilfelle sett på som bruk av tvang. Bebuarane på den kommunale sjukeheimen er fastbuande, og får dermed trekt ein stor del av trygda si for å bu der. Då er dei noverande forholda dei lever under naturlegvis uakseptable. Dei betaler i dyre dommar for ei teneste dei ikkje heilt får.

Eg spurde ho kva som skjedde om ein bebuar trong meir enn ei bleie per vakt. Til dømes om vedkomande hadde diaré. Ho fekk eit uttrykk av skam og pine i det vakkert tilårskomne ansiktet og sa stille at ho ikkje ville tenkje på det. For å vere ærleg, orka eg heller ikkje å tenkje på det. Og kva med vaskekluten? Dersom det kom avføring på den, ville dei likevel halde fram med å bruke den – til dømes til å tørke munnen etter måltid? Igjen, vi orka ikkje å gå vidare med den tankerekkja. Og kva var greia med å nekte dei iskrem? Det siste ein helsefagarbeidar tenkjer på når det gjeld stell og pleie av demente, skrøpelege personar i 90-åra som er på dødens rand, er konseptet «tomme kaloriar». Om dei likar iskrem og dei er fysisk i stand til å ete det, er det i vår og deira interesse å gje dei det, sidan manglande appetitt og vektnedgang er eit stort problem på sjukeheimar. Ho himla med auga over dette, og eg rista oppgjeven på hovudet.

Det verste, sa den pensjonerte kollegaen, var at einingsleiaren hadde gjeve personalgruppa streng beskjed om at dei ikkje skulle gå ut med denne informasjonen. Kanskje heller ikkje til dei pårørande, endå dette ikkje vart nemnt spesifikt (hadde dei pårørande visst om det, hadde det nok blitt medieoppslag!). Dei fortvilte tilsette hadde altso fått munnkorg. Sidan eg ikkje lenger jobbar på sjukeheimen, og eg no eingong driv ein nyheitsblogg, går eg offentleg med denne informasjonen no.

Etter å ha høyrt det ho hadde formidla til meg, fortalde eg om min eigen situasjon, og korleis eg hadde blitt fjerna etter 15 år hjå same arbeidsgjevar på grunn av meiningane mine. Ho sa «Veit du, eg har ikkje ord!». Då kom eg med eit tips til dei om korleis dei kunne skape litt problem for einingsleiaren. Etter mitt syn er ho farleg, og må fjernast. Ikkje for min eigen del, sidan eg som sagt for lengst har slutta der, men for dei gjenverande tilsette og ikkje minst bebuarane sin del.

Eg tipsa dei om å gjere følgjande: Alle på nemnde avdeling pluss nattevaktgruppa må gå saman og levere skriftleg klage på einingsleiar til hennar sjef, etatsdirektøren. I klagen må dei ta føre seg punkt for punkt alle dei kritikkverdige forholda som einingsleiar er ansvarleg for. Dersom fleire personar seier det same om ein person, blir dette meir truverdig enn om berre éin gjer det. Denne strategien fungerer so godt at den diverre kan slå begge vegar, som eg sjølv erfarte på den private sjukeheimen. Denne hendinga fortalde eg naturlegvis òg om til kollegaen, og la til at ein av sjukepleiarane no jobbar på den kommunale sjukeheimen. Eg bad ho vidareformidle dette til sine kollegaer – og kanskje burde nokon halde auge med narkotikarekneskapen?

(Sjå òg «Helse-Noreg i eit nøtteskal? Konspirasjon i personalgruppa på privat sjukeheim fekk erfaren helsefagarbeidar oppsagt», publisert 15.august 2023.)

Dei kan gjerne få med seg verneombod og tillitsvalde, men i og med at verneombodet er «skribenten» som var med på å kaste meg under bussen, sa eg rett ut til kollegaen min at verneombodet nok var på einingsleiars side. Og dei tillitsvalde? Truleg det same, sidan personleg erfaring seier meg at tillitsvalde held med arbeidsgjevarsida fordi dette er mest opportunt for dei karrieremessig.

Kollegaen min tok dette til ettertanke. Ho spurde meg so om ho kunne få ein klem. Det ønsket innfridde eg. Vi skildest og gjekk kvar vår veg.

Denne historia frå helsesektoren berre bekreftar mistanken eg har hatt i lengre tid: Det handlar ikkje lenger om å ivareta menneske, det handlar om profitt, og om å innynde seg hjå sine overordna slik at ein kjem seg opp og fram. Tilbake ligg døde bebuarar og gråtande pårørande.

Kommenter innlegget