Ni migrantar arrestert etter at dei kapra nederlandsk skip som skulle returnere dei til det afrikanske fastlandet

Då ei gruppe migrantar vart redda av eit nederlandsk skip i Atlanterhavet, vart dei aggressive då dei høyrde at dei skulle returnerast til Marokko. Faktisk vart dei so forbanna at dei kapra dette lasteskipet. No er alle ni arrestert på grunn av mistanke om kapringsforsøk. Dette melder ReMix News.

Dei mistenkte var del av ei gruppe migrantar som vart redda av fartøyet VOS Pace etter at båten dei brukte for å kome seg til Europa hamna i havsnaud nokre kilometer frå den marokkanske kysten. For dei som kan sin geografi er det berre det relativt smale Gibraltar-stretet som skil Marokko i Afrika frå Spania i Europa. Stretet har derimot sterk straum fordi det er bindeleddet mellom Middelhavet og Atlanterhavet.

I alt 79 migrantar vart berga av det nederlandske lasteskipet, som heldigvis var i området. Dette fann stad natt til måndag 2.oktober. Etter at mannskapet rapporterte om hendinga til marokkanske styresmakter, fekk dei ordre frå Redningskoordineringssenteret i Rabat (hovudstaden i Marokko) om å returnere dei redda til hamnebyen Tan-Tan. Då somme i migrantgruppa høyrde at dei skulle sendast tilbake til det afrikanske fastlandet, vart dei aggressive.

Dei mistenkte truga mannskapet med knivar og forlanga at dei skulle vende kursen mot Kanariøyane, eit populært knutepunkt for migrantar som reiser frå Vest-Afrika og vidare inn i EU. Kanariøyane er ein del av EU-landet Spania, og ligg om lag 100 kilometer frå det marokkanske fastlandet. Kapteinen på skipet sette kurs mot den øya Fuerteventura, som høyrer til nemnde øygruppe. Han greidde heldigvis å åtvare spanske styresmakter om den pågåande kapringa. Då dei kom til hamns på Fuerteventura, vart dei ni kaprarane arrestert, medan dei andre migrantane om bord i skipet vart haldne om bord i påvente av avhøyr av spansk politi.

Fleirtalet av dei om bord var (ikkje overraskande) vaksne menn av nordafrikansk opphav, fortalde kjelder frå spanske naudtenester til det spanske nyheitsbyrået EFE. Der var òg ni kvinner og eitt barn i gruppa.

Dei mistenkte kan under spansk lov risikere minst ti års fengsel for piratverksemd.

Kommenter innlegget