Laurdag morgon 7.oktober 2023 lanserte Hamas ein operasjon mot Israel, der fleire hundre israelarar visstnok skal ha blitt drepne. Sjølv hadde eg gjester i helga, men fekk med meg at nettsidene til NRK plutseleg hadde vigd store delar av denne offensiven til dette. Til og med kvite bokstavar på svart bakgrunn.
Ordet «uprovosert» vart brukt frå høgre til venstre av presse, snakkehovud, politikarar og toppleiarar over heile den vestlege mediesfæren. Det var då eg konkluderte at dette jo høyrdest mistenkjeleg likt ut den retorikken denne same gjengen brukte då Russland «uprovosert» gjekk til åtak på Ukraina tilbake i 2022.
Fleire har tenkt tanken, mellom andre Caitlin Johnstone og Pål Steigan. Steigan publiserte 9.oktober ein artikkel der tittelen seier eksplisitt kva som er hans syn: «Når alle sier det var ‘uprovosert’ vet vi at det var provosert». Saksyndig deler dette synet på saka – dette har vi liksom høyrt før. Han skriv innleiingsvis:
«Vi ser at den vestlige politiske/medieklassen gjentar ordet ‘uprovosert’ unisont igjen, denne gangen i referanse til den massive operasjonen som ble satt i gang av Hamas mot Israel lørdag morgen, som ifølge meldingene drepte hundrevis av israelere.»
Som Caitlin Johnstone (som Steigan refererer til i artikkelen) so korrekt påpeiker (mi omsetjing):
«Er det ikkje merkeleg å sjå det same underleg spesifikke ordvalet lagt inn igjen og igjen og igjen om den same hendinga i meldingar frå politikarar og ekspertar, uavhengig av deira politiske tilknyting? Når du legg dei alle ved sida av kvarandre byrjar det å høyrast høgst mistenksamt ut, som nokon som alltid refererer til bilen sin som ‘bilen min, som eg ikkje stal’, eller alltid introduserer ektemaken sin som ‘kona mi, som eg ikkje slår’.»
Ho konkluderer at kvar gong ein ser ordet «uprovosert» bli nærast tvangsprega gjenteke på slik ein einsarta måte av alle innan politikk og media, so er det dei snakkar om definitivt massivt provosert. Som Amer Zahr oppsummerer i eit innlegg på X/Twitter (mi omsetjing):
«75 år med etnisk reinsing. 15 år med blokade. Konfiskering av palestinske landområde. Pogromar på palestinske landsbyar. Krenking av palestinske heilage område. Daglege raid av palestinske heimar. Konstant audmjuking av eit heilt folkeslag.
Ingenting i dag er ‘uprovosert’.»
Johnstone skriv vidare:
«Vi såg nøyaktig denne same tingen då Russland invaderte Ukraina; heilt frå byrjinga vart vestleg politikk og media overmetta av ordet ‘uprovosert’, og dei dreiv og gnei det inn i ansikta på det vestlege folket med den bodskapen igjen og igjen, trass det openberre og unektelege faktumet at krigen i Ukraina definitivt var provosert fram.»
Kvifor skulle dei elles fokusere so manisk på at dette var «uprovosert»? Ho skriv:
«Å kalle palestinsk vald mot Israel ‘uprovosert’ er glatt endå meir latterleg enn å kalle den russiske invasjonen uprovosert, fordi mishandlinga til israelsk apartheid er so velkjent av folk flest på dette punktet. Fleire hovudstraums menneskerettsorganisasjonar har skulda Israel for å utføre eit valdeleg apartheidregime som behandlar palestinarar som undermenneske. Palestinarar som bur i friluftsfengselet kjent som Gaza blir bevisst utsett for udrikkeleg vatn, matmangel, energimangel og bombingskampanjar. Dei utanfor Gaza blir offer for eit rasistisk, valdeleg politi og konfiskering av landområde, og lever under eit anna sett med lover enn jødiske israelittar. Heile folket vart tvinga ut av heimane sine for å gjere plass til ein ny stat av grunnar som hadde ingenting å gjere med dei, og kvart eit forsøk på å motstå dette har ført til at dei har blitt drepne som ‘terroristar’.»
Nok ein gong prøver vestleg politikk og media å seie noko på innpust og utpust igjen og igjen, som enkelt kan falsifiserast. Kvifor?
«Svaret er at dette valet [av ord] ikkje handlar so mykje om kva dei seier, men om kva dei gjer. Dei prøver ikkje å kommunisere med publikummet sitt, dei prøver å gå utanom den kritiske tenkinga til publikummet og lure dei til å akseptere som sant noko som latterleg openbert er ei løgn.»
Dersom åtaket viser seg å vere 100% provosert fram, kvifor skjedde dette? Steigan skriv at Caitlin Johnstone antydar at dette skjedde for å dekkje over nederlaget i Ukraina. Det er typisk for dei å straks finne på ei ny krise når den gamle held på å ebbe ut. Invasjonen av Ukraina kom akkurat då «pandemien» var i ferd med å misse fotfeste, og Hamas-offensiven kjem «tilfeldigvis» då nederlaget i Ukraina er uunngåeleg. Han skriv òg:
«Er det ikke også slik at kinesisk diplomati nettopp har sørget for at det åpner seg en v[e]i til fred i Midtøsten gjennom å forene gamle fiender som Iran og Saudi-Arabia og gjennom å legge til rette for fredelig utbygging av infrastruktur, næringsliv og handel i det større Midtøsten, inkludert Israel og Palestina?
Dette truer med å avslutte den permanente krigstilstanden som USA og Israel har sørget for gjennom en generasjon eller to. Fred er farlig. Den ødelegger markedet for krigsindustrien og svekke[r] grunnlaget for hegemoniet.
Mistanken om manipulasjon og provokasjon øker når vi leser at verdens mest finmaskede overvåkingssystem ikke lyktes i å fange opp ene eneste av Hamas-soldatenes massive forberedelser til angrepet.»
Det finst vel knapt eit landområde i verda som er meir overvaka enn Gaza. Likevel greidde palestinarane på mystisk vis å «fly med motoriserte hangglidere og dessuten sprenge seg gjennom tungt kontrollerte grenseposter uten at noen slo alarm!».
Pepe Escobar skriv (referert via Steigan) at nokon (vi veit kven!) treng ein ny krig for å setje Vest-Asia i brann: «Et fredelig Vest-Asia betyr gjenoppbygging for Syria, ombygging for Irak og Libanon, Iran og Saudi-Arabia som del av BRICS 11, det strategiske partnerskapet mellom Russland og Kina respektert og engasjert over hele Vest-Asia.»
Nemnde partnarskap har ikkje berre funne ei alternativ rute til Suez-kanalen, dei driv òg på å opprette eit alternativ til dollaren. Steigan skriv:
«Så kanskje provokasjonen ble utløst for å gi Netanyahu mulighet til å rasere Gaza en gang for alle og fordrive palestinere i hopetall? […]»
Prosjekt Ukraina er daudt, gje oss prosjekt Midtausten – for å gjengje Steigan sine avsluttande ord.
