Ønskjer Arnold Schwarzenegger å endre den amerikanske grunnlova slik at han sjølv kan bli president?

Av og til dukkar det opp nyheiter som er so bisarre at dei rett og slett ikkje kan diktast opp, folk flest har ikkje so god fantasi eller kreativitet. No har skodespelar og tidlegare California-guvernør Arnold Schwarzenegger visstnok lira av seg i eit intervju med BBC at han ønskjer å bli president i USA. «Eg føler at eg ville ha blitt ein fantastisk president», sa «the Terminator» sist onsdag i London. Dette rapporterer òg The People’s Voice, sjølv om dei har ei noko einsidig vinkling av intervjuet. Eg mistenkjer at ei fjør har blitt til fem høns, slik den gjengen ofte har tendens til å gjere.

I intervjuet fortel Schwarzenegger om karrieren sin, og at USA tok imot han med opne armar; alt han har oppnådd har vore takka vere USA. Ambisjonane hans i barndommen var å bli den sterkaste mannen i verda, og tene fleire millionar dollar på å spele i filmar. Han flytta til USA frå Austerrike som 19-åring, starta ein vektløftarkarriere der han vann Mr. Olympia sju gonger, og lanserte ein skodespelarkarriere der han spelte i ei rekkje actionfilmar, deriblant The Terminator, Commando, The Running Man, Total Recall og Sanne løgner. I tillegg var han guvernør i California frå 2003 til 2011. Politisk er han republikanar. Han fekk mykje motbør under pandemien då han regelrett bad uvaksinerte dra til helvete. Dette bad han seinare om orsaking for.

Trass at han har budd i USA i heile sitt vaksne liv, har han framleis austerriksk statsborgarskap, i tillegg til det amerikanske, som han fekk i 1983. Det er nettopp hans austerrikske opphav som gjer at han ikkje kan stille som presidentkandidat – for å gjere det må ein vere fødd i landet, sokalla natural born citizen. Han ser ut til å antyde at ein treng å endre lova slik at utlendingar kan bli president (mi omsetjing):

«Eg meiner, greitt, der har vi grunnlova […]. Vi treng ei eller anna immigrasjonsreform, absolutt, for å endre den. Men det ville ha vore litt egoistisk dersom eg gjekk hen og prøvde å endre lova.»

Når det gjeld sjølve presidentvalet i 2024, håper Schwarzenegger at det kjem ungt blod inn i presidentembetet. 76-åringen synest det er merkeleg at amerikanarar har ein kamp mellom folk som i dag er i slutten av 70-åra og har passert 80 (Joe Biden er 80 medan Donald Trump er 77).

So… Schwarzenegger sender ut tvitydige signal. Ønskjer han at grunnlova blir endra slik at han kan stille som presidentkandidat? Og meiner han at dei som stiller er for gamle? Dersom han mot alle forventingar klarer å få endra grunnlova slik at han sjølv kan stille, korleis kan det tilføre presidentembetet ungt blod at ein 76-åring stiller som kandidat?

Intervjuet med BBC vart halde i høve den nye sjølvhjelpsboka han har gjeve ut, Be Useful, Seven Tools for Life. I 2012 gav han ut biografien Total Recall, der han skreiv om skilsmissa frå kona Maria Shriver (niesa til John F. Kennedy) etter at han hadde gjort vaskehjelpa gravid. Skandalane i hans liv bleiknar derimot i forhold til Biden-familien, so det å få Schwarzenegger som president vil ikkje akkurat øydeleggje ryktet til embetet.

Kommenter innlegget