Av Niamh Harris, The People’s Voice (Newspunch). Omsett av saksyndig.
Arnold Schwarzenegger har bede om orsaking for kommentarar han kom med for to år sidan, då han avfeia bekymringar rundt medisinsk tyranni under den sokalla covid-«pandemien».
Dersom forteljinga ikkje hadde endra seg, hadde han då likevel bede om orsaking?
Skodespelaren frå Terminator-filmane vart rasande på folk som var mot munnbind- og covidsprøyte-påboda, og sa «til helvete med fridommen dykkar».
Under ein CNN-diskusjon i august 2021 sa Schwarzenegger: «Vi kan ikkje berre seie ‘eg har rett til å gjere X, Y og Z’. Når du påverkar andre menneske, då blir det alvorleg.»
«Der er eit virus her. Det drep menneske, og den einaste måten vi hindrar det er: ta vaksine, gå med munnbind, praktiser sosial avstand, vask hendene heile tida, og ikkje berre tenk ‘vel, fridommen min blir jo forstyrra her’. Nei, til helvete med fridommen dykkar,» sa han.
InfoWars rapporterer: To år seinare ser stjerna frå Commando ut til å ha tenkt litt over åtferda si, og endra meining.
Ein brukar på Twitter var i ferd med å fremje Schwarzenegger sin nye Pump Club-podcast, då ein annan brukar sa at han ikkje hadde teke seg bryet med å sjekke den ut på grunn av kommentarane skodespelaren kom med i 2021.
«Eg ønskjer å sjekke denne ut, men eg har vanskeleg for å kome over Arnold ‘til helvete med fridommen dykkar’ Schwarzenegger,» sa brukaren.
Som respons bad Schwarzenegger sjølv om orsaking og sa: «nokre gonger snakkar munnen min før eg rekk å reagere».
«Her er noko anna eg vil seie: eg er lei meg for at eg sa dei orda. Eg prøver å vere nådelaust positiv, men nokre gonger snakkar munnen min før eg rekk å reagere. Eg burde ha kommunisert betre,» skreiv stjerna frå Sanne løgner sist veke.
No når støvet har lagt seg etter covid-plandemien, ser det ut til at somme byrjar å innsjå kor langt over streken dei gjekk takka vere den fryktdrivne hovudstraumsmedie-maskina.
[…] Av Niamh Harris, The People’s Voice (Newspunch). Omsett av og henta frå saksyndig. […]
LikarLikar
[…] Av Niamh Harris, The People’s Voice (Newspunch). Omsett av og henta frå saksyndig. […]
LikarLikar