Her er grunnen til at store selskap inngår upassande avtalar med trans-«influencerar»

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Leiarane som styrer selskap som Nike, Anheuser-Busch og Kate Spade, som har merkevare-partnarskap med den kontroversielle trans-influenceren Dylan Mulvaney, som har opphøgd ho til dagens populære woke «It girl» (som er biologisk mannleg), driv ikkje berre med dydsposering.

Dei gjer det fordi dei må, for å unngå å misse sin livsviktige sosialkreditt-poengsum, som kan gjere ende på føretaket deira, rapporterte New York post no nyleg.

 Human Rights Campaign (HRC) har oversyn over Corporate Equality Index (CEI)-poengsummen, som er særs viktige for føretak å halde på for å unngå negativ påverknad på sosialkreditt-poengsummen sin, heldt New York Post fram. CEI-poengsummen blir utstada av HRC, den største politiske lobbygruppa i verda for LGBTQ+, og evaluerer kor godt selskap lyder vurderingskriteria deira.

HRC får midlar frå ymse kjelder, inkludert George Soros sin Open Society Foundation, og som vi alle veit, har Soros brukt sine milliardar på å systematisk øydeleggje det amerikanske og vestlege samfunnet i fleire tiår, fordi han tydelegvis oppnår ei eller anna form for pervers nyting av det.

I følgje den nylegaste rapporten har meir enn 840 amerikanske selskap fått høge CEI-poengsummar. Selskap som oppnår totalt 100 poeng, får den høgt ettertrakta tittelen «Best Place To Work For LGBTQ Equality» [«beste stad å jobbe for LGBTQ-likskap»]. HRC-data frå i fjor avslørte at 15 av selskapa på Fortune topp 20-lista fekk ei vurdering på 100%, heldt rapporten fram.

HRC vart etablert i 1980 og skapte CEI i 2002, med Kelley Robinson som sin noverande president sidan 2022, som tidlegare arbeidde som politisk organisator for Barack Obama sin 2008-presidentkampanje. HRC har fem hovudkategoriar for sine vurderingskriteria, kvar med sine eigne underkategoriar, som selskap må oppfylle for å tene eller tape CEI-poeng.

Hovudkategoriane er: «Workforce Protections» [«beskyttelse av arbeidsstyrken»], «Inclusive Benefits» [«inkluderingsfrynsegoder»], «Supporting an Inclusive Culture» [«støtte av ein inkluderande kultur»], «Corporate Social Responsibility and Responsible Citizenship» [«selskapets sosiale ansvar og ansvarleg borgarskap»].

Eit selskap eller konsern vil tape CEI-poeng dersom dei ikkje rettar seg etter HRC sitt krav om «integrering av interseksjonalitet i profesjonell utvikling, ferdigheitsbasert eller anna opplæring», eller om dei ikkje bruker eit «forsynande mangfaldsprogram med demonstrert innsats for å inkludere sertifiserte LGBTQ+-leverandørar».

James Lindsay, ein politisk podcaster som driv ei side ved namn New Discourses [«nye diskursar»], samanlikna Human Rights Campaign med mafiaen, og sa til New York Post at dei bruker CEI-vurderinga «som eit utpressingsføretak».

HRC er ikkje ein passiv organisasjon, og sender representantar til konsern kvart år, og gjev dei ei liste med krav å rette seg etter for å oppnå høg CEI-poengsum. Dersom konserna ikkje lykkast i dette, blir dei truga med å tape CEI-poengsummen sin, heldt New York Post fram.

CEI er éin komponent i den stadig veksande investeringsrørsla kjent som ESG (Environmental, Social and Corporate Governance [«miljømessig, sosialt og konsernrelatert styring»]), som blir aktivt fremja av dei topp-tre-investeringsfirmaa i landet. ESG-midlar blir investerte i selskap som går mot bruken av fossilt drivstoff, fremjar fagforeiningsbygging, prioriterer rase- og kjønns-utfallslikskap over ansiennitet og erfaring når dei tilset eller vel medlemmer til styre, blant andre kriteria.

Fleire kjelder har sagt til New York Post at enkelte amerikanske adm.dir.-ar er meir opptekne av å tekkjast BlackRock, Vanguard og State Street Bank, som er blant dei største aksjeeigarane av dei mest offentleg omsette amerikanske konserna på aksjemarknaden, enn med å potensielt gjere konservative sinte, sa New York Post, og merkte seg at desse selskapa er dei største aksjonærane i Nike, Anheuser-Busch og Kate Spade.

Førre veke vekte Dylan Mulvaney sin nye reklamekampanje med Bud Light og Nike kontrovers, og førde til kritikk frå countrystjerna Travis Tritt og Kid Rock, kvinnelege olympiske deltakarar, og Caitlyn Jenner, som sa om Nike: «Det er ei skam å sjå slikt eit ikonisk amerikansk selskap bli so woke!… Dette er ein skandale.»

New York Post skreiv at Mulvaney, ein 26 år gammal trans-influencer som hevda å skifte kjønn frå mann til kvinne i mars 2021, men som framleis naturlegvis er mann, visstnok har tent over ein million dollar på ymse merkeanbefalingar, inkludert mote- og venleiksmerke slik som Ulta Beauty, Haus Labsw og CeraVe, so vel som Crest og InstaCart.

I tillegg har han meir enn 10 millionar Instagram-følgjarar.

Ekspertar antydar at verken Kid Rock eller Mulvaney er det publikummet som USA sine topp-direktørar prøver å imponere med denne woke-nonsensen.

«Dei store fondsforvaltarane slik som BlackRock omfamnar alle denne ESG-ortodoksien i måten dei bruker press mot topp-konsern-styreteam og styre, og dei avgjer i mange tilfelle kompensasjonar og bonusar til leiarar som blir gjenvalde eller gjenutnemnde til styre,» sa entreprenøren Vivek Ramaswamy til nyheitsformidlaren (Ramaswamy stiller som presidentkandidat som Republikanar og forfatta Woke Inc.: Inside America’s Social Justice Scam). «Dei kan gjere det særs tungt for deg om du ikkje lyder agendaen deira.»

Larry Fink, adm.dir. i BlackRock, som forvaltar aktiva til ein verdi av 8,6 billionar og som er kjent som «ansiktet til EDG», skreiv eit velkjent brev til adm.dir.-ar med tittelen «A Sense of Purpose» [«ei kjensle av føremål»] i 2018. Dette brevet fremja ein «ny styringsmodell» som er i tråd med ESG-prinsipp, og legg vekt på kor viktig eit selskaps sosiale og miljømessige påverknad er.

«Samfunnet krev at selskap, både offentlege og private, tener eit sosialt føremål,» skreiv Fink. «For å ha framgang over tid må kvart selskap ikkje gjere det godt finansmessig, men dei må òg vise korleis dei bidreg positivt til samfunnet.»

Fink lét det òg bli kjent at «dersom eit selskap ikkje engasjerer seg med samfunnet og har ei kjensle av føremål, vil dei til slutt misse løva til å operere frå sine hovud-interessentar».

Samfunnet vårt deler seg i woke og ikkje-woke-faksjonar, og det inkluderer selskap. Ærleg tala er det på høg tid at dette skjer.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s