Leiar i Advokatforeningen teken for fyllekøyring – hadde 0,88 i promille dagen derpå

Den 56 år gamle kjendisadvokaten Jon Wessel-Aas skreiv sundag 29.oktober 2023 på Facebook at han hadde blitt teken for fyllekøyring. Dette melder iNyheter sin redaktør, etterretningsoffiser Helge Lurås. Wessel-Aas er òg leiar for Advokatforeningen, og uttalte ved eit høve at Resett sine lesarar var «kloakkrotter». Lurås (òg kjent under tilnamnet «Lure-oss») er som vi alle veit òg tidlegare redaktør i nettopp Resett, og ser ut til å fryde seg over dette. Fleire lesarar i kommentarfeltet til artikkelen kallar dette for «karma».

Wessel-Aas skriv sjølv om hendinga:

«Lørdag formiddag [28.oktober] ble jeg stanset av politiet i en rutinekontroll i Østerdalen, på vei hjem fra et seminar på Røros dagen før. Utåndingsprøven viste at jeg fortsatt hadde promille i kroppen tilsvarende 0,88. Jeg hadde med andre ord gjort den alvorlige feilvurderingen å ikke vente lenge nok før jeg satt[e] meg bak rattet etter en hyggelig kveld.»

Den styrtrike advokaten erkjente i eit politiavhøyr at han hadde køyrt i ruspåverka tilstand, og saka vil dermed gå som ein tilståingsdom. Sjølv forventar han betinga fengelsstraff på rundt 18 dagar, ein klekkeleg bot og tap av førarretten i 18 til 20 månader. Fleire av advokatkollegaene hans støttar han i kommentarfeltet til Facebook-artikkelen, inkludert Brynjar Meling, jusprofessor Jan Fridthjof Bernt og sjølvaste djupstatsadvokaten Jon Christian Elden. Det er framleis uvisst kven av hans gamle kompisar som skal representere han i retten.

Ein promille på heile 0,88 dagen derpå vitnar om eit alkoholinntak kvelden før som ikkje akkurat høyrest ut som ein «hyggjeleg kveld». Det høyrest meir ut som eit fylleslag av ei anna verd, der desse styrtrike advokatane utan tvil sat og bøtta nedpå med svindyr konjakk, whisky og utsøkte vinar. Wessel-Aas drakk truleg frå to drinkar samstundes, og måtte nok berast i seng utpå morgonkvisten. So stod han opp, vurderte seg som «edru», sjaga i veg til den vanvittig dyre penisforlengar-bilen og køyrde av garde. At der ikkje gjekk liv tapte, er nærast eit under.

Advokatar høyrer ikkje akkurat til det mest etiske sjiktet i menneskeheita. Dei er so godt som alle medlemmer av eliten, og har ei tjukk lommebok fordi dei lever av å flå desperate menneske som berre ønskjer rettferd. Ein artikkel på Resett for nokre år sidan slo fast at timeprisen for advokatar hadde bikka seks tusen i timen. No er timeprisen truleg høgare. «Vår eiga» Barbro Paulsen tek frå to til fire tusen i timen pluss mva., om ein skal tru prisane som ligg ute på heimesida til advokatfirmaet ho jobbar i, Rogstad. Wessel-Aas tek nok hakket meir, og krev utan tvil eit ublu honorar for å stille opp som «sakkunnig» eller «juridisk rådgjevar» på ymse møterom og lokale. Han takkar nok ikkje nei til ei flaske edel konjakk heller.

Advokatforeningen har litt av eit førebilete. Men anna er ikkje å vente av denne gjengen av griske, grådige kjeltringar, svindlarar og løgnarar. Dei er rotne til beinet og eig ikkje magemål når det gjeld salær. Mange av dei påstår at dei handlar i det gode si teneste og hjelper menneske for å forsvare seg mot eit brutalt og nådelaust system. Det er diverre løgn. Advokatar høyrer etter mitt syn til den øvste eliten i det moderne norske samfunnet, og det er eliten dei jobbar for å ivareta interessene til. Beviset for dette er enkelt å stille seg: Når høyrde du sist om ein advokat som jobba pro bono?

4 comments

  1. Som sønn av en advokat kan jeg langt på vei bekrefte mange av «fordommene» som ramses opp i artikkelen, selvom fatter’n nok er en av de få som ser sine kolleger i et tilsvarende lys. I sin tid ble han også pålagt å heve sine satser for ikke å bli kastet ut av advokatfoteningen (skulle sikkert vært versal A der), men heller ikke han kan «frikjennes» for å oppleve seg «utenpå» den gemene hop; han opptrådte derfor ofte så «folkelig» at det ble en karikatur i seg selv, til glede for bygdedyret. Mulig det er noe i vannet ved juridisk fakultet på Blinderen?

    Likt av 1 person

    • Det du fortel om Advokatforeningen er ganske interessant. Å detaljstyre kva ein advokat skal ta i satsar kan vere gjort for å unngå «urettferdig» konkurranse. Dersom ein advokat tek tusen kroner mindre i timen, seier det seg sjølv at klientar heller går til han enn til konkurrentane. Dette høyrest ut som prissamarbeid i mine øyre. So kan ein spørje seg kvifor det skal vere so dyrt å hyre advokat. Ligg det grådigheit bak? Slik eg ser det er der ingen tvil om det. Skaper dette eit sjikt i samfunnet der berre velbemidla folk kan forsvare seg mot overgrep frå stat og arbeidsgjevar? På det vil eg svare eit definitivt JA.

      Likar

  2. Det er nok ganske vanlig at bransjer opererer med en prisveiledning medlemmer av bransjeforeningene forventes å følge. Jeg kjenner dog ikke til denne saken annet en at han (faren min) snakket om det rundt middagsbordet i det aktuelle tidsrom på 90-tallet.

    Da jeg selv begynte mitt virke som grafisk formgiver noen år senere, var det også uglesett å legge seg lavt i pris for å fiske kunder.

    Ellers er jeg jo hjertens enig i at advokatenes prissetting utilgjengeliggjør deres tjenester for altfor mange, noe som naturligvis (også) er «by design» (om enn ikke alltid av den enkelte jurist).

    Grådighet ser man over alt, og det hadde vært interessant å dykke i hvorvidt dette er en «naturlov eller et resultat av andre påvirkninger; uansett blekner nok grådigheten til selv de mest skamløse av oss i sammenligning med de store skjulte aktører som anser oss for midd å være.

    Vi vanlige dødelige står nå på terskelen til å for alvor oppleve hvilken dyp og total forakt våre «herskere» faktisk har for oss.

    Ditt/Saksyndigs opplysningsarbeid er i så måte en ytterst viktig, om enn liten, stemme som kan gå skjebnetiden i møte i trygg forvissing om at det er nedlagt en mer enn fullverdig, integritetsrik innsats for å varsle.

    Likt av 1 person

    • Takk for ros og interessante kommentarar, StormFrog. Det som gjer advokatyrket tvilsamt òg, er at medan røyrleggjarar, tannlegar og bilmekanikarar kan – til ei viss grad – rettferdiggjere prisen dei tek (mellom anna med at dei dokumenterer utgifter dei har til delar, verktøy og utstyr dei bruker), so er det for meg vanskeleg å sjå kva slags «utstyr» advokatar bruker når dei utfører tenestene sine. Betaler vi for intellektet deira? Jus er ei absurd og merkeleg verd, tilsynelatande blotta for sunn fornuft. Rettssaker er reine teateret. Juristar kan samanliknast med eksegetar (bibeltolkarar). Der eksegeten kommenterer og tolkar ein bestemt passasje i Bibelen, gjer advokaten det same, gjerne utifrå tidlegare dommar som har skapt juridisk presedens. Det kan sjå ut som om ikkje to juristar tolkar lova på same måte, og at to dommarar aldri dømmer likt i to saker med liknande juridiske omstende. Det gjer utfallet i rettssaker like vanskeleg å spå som sluttresultatet i ein fotballkamp. Dei einaste som tener på dette, ser ut til å vere nettopp advokatane, som får sitt salær uavhengig av utfall.

      Likar

Legg att svar til StormFrog Avbryt svar