Desperate amerikanske kvinner leitar på Facebook etter SÆD frå uvaksinerte menn!

Koronaprosjektet har ført til nok ein uføresett konsekvens: Uvaksinerte sæddonorar er i vinden som aldri før, og amerikanske kvinner søkjer no på Facebook etter uvaksinert sæd for å bli mødrer. Som amerikanarar seier: You can’t make this shit up!

Nettstaden The Post Millennial rapporterer (mi omsetjing):

«Kvinner rundt om i USA tek no i bruk ukonvensjonelle strategiar for å bli gravide, i det mødrer in spe leitar etter sæddonasjonar frå menn som har nekta å ta covid-19-inokulasjonen. Kvinnene leitar etter denne sæden på Facebook.

Jonathan David Rinaldi, òg kjent som ‘The Sperminator’ [igjen, du kan ikkje dikte opp slikt!; oms.komm.], var lenge donor for USA si største sæddonasjonsgruppe, ei Facebook-gruppe ved namn Sperm Donation USA, ifølgje Daily Mail. Han valde seinare å forlate gruppa og skapte sin eigen sæddonasjonsoperasjon [!!] etter at han høyrde gjetord om behovet for ‘uvaksinerte sæddonorar’.

Nesten 250 personar er medlem av gruppa, som har lykkast i å hjelpe folk med å stifte familiar, ifølgje rapporten. Medlemmer inkluderer unge profesjonelle, homofile par og single damer frå både USA og Storbritannia, der dei fleste tilbyr seg å donere sæd gratis.»

Greitt, lat meg berre skyte inn at gratis sæd i dette tilfellet er ein dårleg forretningsmodell. Desperate kvinner betaler kva som helst for å bli mødrer, noko dei som driv med in vitro-befruktning kan skrive under på.

I artikkelen står det vidare:

«Rinaldi sa til Daily Mail: ‘Eg stoler ikkje på Big Government, Big Pharma, eg stoler ikkje på dei, og eg treng ikkje å injisere meg sjølv meg ting som eg ikkje eingong veit kva er.’

Ei etterforsking av den britiske medieformidlaren [Daily Mail] avslørte at kvinner har søkt på nettet etter ‘uvaksinerte sæddonorar’ og sa spesifikt at dei ikkje ønskte ‘nokon covid-vaksine’ på innlegg der dei såg etter ein potensiell donor.

Men som deltek i handlinga/aksjonen [action i originalartikkelen] kallar seg sjølv ofte ting som ‘uvaksinert mann (sæd ikkje modifisert av mRNA)’.

Eit innlegg av ei dame som tydelegvis hadde blitt besvangra av ein ‘uvaksinert sæddonor’ sa: ‘nok ein farm-raised, ikkje Pharma-raised baby på veg!’ [ordspelet lèt seg ikkje omsetje utan at poenget går tapt; oms.komm.].

Rinaldi sa at han ikkje har teke nokon influensavaksinar, og ingen covid-vaksinar. ‘Ingenting sidan [han] var baby.’

‘Min beste venn då eg voks opp var ikkje vaksinert i det heile. Og no er han heilt fin og frisk,’ sa han. ‘Då eg fekk mitt fyrste barn, byrja eg å lese pakningsvedlegga og ingrediensane. Og då skulen byrja å fortelje sonen min at han måtte ta dei… Eg likar verkeleg ikkje å bli fortalt kva eg skal gjere av staten, so det fekk meg til å tenkje, og gjere det motsette.’

Rinaldi sa at han berre ville donere til ‘uvaksinerte’ kvinner i ei ‘perfekt verd’. ‘Men realiteten er at ikkje alle trur på dette. Ikkje alle er utdanna,’ forklarte han. ‘Eg ville elske det om ingen vart vaksinerte.’

Rinaldi informerte derimot ei dame som han vurderte å donere sæd til at han ville avlyse prosessen dersom ho tok imot ein oppfriskningsdose med covid-19-sprøyta. ‘Og eg sa ‘høyr her, dersom du tek oppfriskningsdosen, gjer eg ikkje dette for deg. Det er allereie ille nok at du har to av dei’’, skal han visstnok ha sagt.»

For å gjenta meg sjølv, dette er so sprøtt at ein ikkje kan dikte det opp. Dersom verpesjuke kvinner i Bergen og omland ønskjer sæd frå ein uvaksinert mann, oppmodar eg dei om å ta kontakt på saksyndig@saksyndig.com. Salæret kan vi alltids bli einige om over ein kopp kaffi. Eller ein øl.

3 comments

  1. For å redde menneskeheten ville jeg kun gi min sperma til helt ikke-injiserte kvinner, ikke til injiserte, for når moren er forgiftet er toget gått og hva som kommer ut er da 50% suspekt.
    «Black-eyed babies» av injiserte foreldre, nurk som er like sterke og kvikke som en apebaby like etter fødsel var noe man hørte om for et par år siden, det er ikke nevnt siden, så vidt jeg vet; vil man(n) være med på å sette sånt til verden? Det ville ikke jeg gjort. Min sperma er fra en over 60, så jeg er nok gått ut på dato, kanskje, jeg vet ikke, dog muligens bedre enn ingenting.

    Likt av 1 person

  2. Det finnes vel mange mørkøyde krek, A Là «Nordfjordingar» der borte.

    Dei skal jo vere minst like bra som noko anna, enligt propagandaen?

    Vil dei ikkje ta imot svineriet er dei vel nokre usle satanistar . . .

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget