Stormeister Albert Pike sitt brev til Mazzini i 1871 – forfalsking eller Illuminati-konspirasjon for å ta over verda ved hjelp av tre verdskrigar?

15.august 1871 skal amerikanaren Albert Pike ha skrive eit brev til den italienske revolusjonære leiaren Guiseppe Mazzini. I brevet skriv Pike om ein konspirasjon som involverer tre verdskrigar og der det endelege målet er å overta verda. Dette skal ha vore planlagt av eliten i fleire generasjonar. Albert Pike var ein frimurar av 33.grad, so vel som stormeister og grunnleggjar av den sokalla Southern Jurisdiction of the Masonic Scottish Rite Order. Mazzini var forkjempar for foreining av Italia, som på den tida var eit lappeteppe av bystatar, i tillegg til å vere i forbrodden av den italienske revolusjonære rørsla. Somme seier han hadde ein høg rang i Illuminati. Brevet var på utstilling i biblioteket til British Museum i London fram til 1977, men i dag nektar museet for at brevet eksisterer. I dette dokumentet blir det presentert noko ein hevdar er eit utdrag (mi omsetjing):

«Fyrste verdskrig må setjast i verk for å late Illuminati styrte makta til tsarane i Russland, og gjere det landet om til eit fort av ateistisk kommunisme. Skilnadene som blir forårsaka av ‘agenturet’ (agentane) frå Illuminati mellom dei britiske og dei tyske imperia vil bli brukt til å nøre opp under denne krigen. På slutten av krigen vil kommunisme bli bygt opp og brukt for å øydeleggje dei andre regjeringane, og for å svekkje religionane.»

«Andre verdskrig må setjast i verk ved å utnytte skilnadene mellom fascistane og dei politiske sionistane. Denne krigen må setjast i gang slik at nazisme blir øydelagt og at den politiske sionismen vil bli sterk nok til å utgjere ein suveren stat ved namn Israel i Palestina. Under Andre verdskrig må internasjonal kommunisme bli sterk nok til å balansere kristendom, som deretter blir lagt føringar på og halden i sjakk, fram til vi treng den for den siste sosiale kataklysmen.»

«Tredje verdskrig må setjast i verk ved å utnytte skilnadene forårsaka av ‘agenturet’ til ‘Illuminati’ mellom dei politiske sionistane og leiarane av den islamske verda. Krigen må bli uført på ein slik måte at islam (den muslimske arabiske verda) og politisk sionisme (staten Israel) gjensidig øydelegg kvarandre.

I mellomtida vil andre nasjonar, når dei fyrst er splitta rundt dette temaet, bli tvinga til å kjempe heilt til det skjer fullstendig fysisk, moralsk, spirituell og økonomisk utmatting… Vi skal sleppe laus nihilistane og ateistane, og vi skal provosere fram ein formidabel sosial kataklysme som i all sin skrekk vil vise tydeleg overfor nasjonane kva som er effekten av absolutt ateisme, opphavet til villskap og dei blodigaste tumultar.

Då vil borgarar overalt, som er plikta til å forsvare seg sjølve mot verdsminoriteten av revolusjonære, utrydde desse øydeleggjarane av sivilisasjon, og folkemengda, desillusjonert av kristendommen med si teistiske ånd som frå den augneblinken av vil vere utan kompass eller retning, desperate etter eit ideal, men utan å vete kor dei skal rette tilbedinga si, vil motta det sanne lys gjennom den universelle manifestasjonen av den reine doktrinen til Lucifer, som endeleg vil bli brakt ut til offentleg skode.

Denne manifestasjonen vil kome som eit resultat av den generelle reaksjonære rørsla som vil følgje øydelegginga av kristendom og ateisme, der begge blir erobra og utrydda på same tid.»

Brevet har ifølgje Stefan Stanford i All News Pipeline den fulle tittelen «Albert Pike’s Letter to Mazzini: The Illuminati Plan for 3 World Wars». Brevet blir av somme rekna for å vere ei forfalsking, sidan det vart skrive i 1871, lenge før Fyrste verdskrig braut ut. British Museum ser ikkje eingong ut til å ville vedkjenne seg brevet, og dei hadde det på utstilling heilt til 1977.

Pike-brevet spår med nifs nøyaktigheit den russiske revolusjonen i 1917 der tsarfamilien vart myrda og Sovjetunionen oppretta, fallet til det tyske imperiet i kjølvatnet av Fyrste verdskrig, oppblomstringa av fascisme og nazisme i Europa, opprettinga av staten Israel etter at Andre verdskrig stoppa nazismen i Europa, og urovekkjande nok dagens kamp mellom det sionistiske Israel og det muslimske Palestina, der 11.september-åtaka gjorde muslimar til offisielle fiendar av Vesten. Ateismen kan tolkast som dogmet «følg vitskapen», som var ein særs velbrukt fase under koronaprosjektet; eliten gjennom sine representantar innan «folkehelse» kravde på det verste nærast at folk skulle dyrke covid-«vaksinane» (og dei sjølve!) som ein slags guddom, og «covidianismen» kan på mange måtar reknast som ein slags religion – motstridande meiningar var det nulltoleranse for, der fanst berre éi sanning. Lucifer kan referere til den sataniske religionen frå Babylon som eliten praktiserer, og som blir meir og meir eksponert ved hjelp av varslarar og tidlegare offer.

Korleis kunne Pike vete alt dette tilbake i 1871 med mindre der var konkrete planar om å iverksette nettopp alt dette i løpet av det 20. og 21.hundreåret? Der går ein raud tråd gjennom nyare historie frå orden til kaos, og deretter ein ny (verds)orden, og dette brevet framstiller verdskrigane som del av ein konspirasjon av Illuminati/eliten for å overta verda. Framgangsmåten deira er i sofall uhyre vellykka.

Kommenter innlegget