No gjev media KLIMAENDRING skulda for covid-«vaksine»-skadar

Natural News rapporterer (mi omsetjing):

«Den siste orsakinga frå etablissementet for høgare ratar av hjarteinfarkt og slag, er ‘ekstreme hetebølgjer forårsaka av klimaendring’.

Ein ny studie, blir vi fortalt, knyter ei oppblomstring av hjarte- og karrelaterte dødsfall til verkeleg varme temperaturar, som visstnok skader menneske som er svarte og gamle i ein uproporsjonelt høgare rate enn andre demografiske grupper.

I staden for å adressere elefanten i rommet – Wuhan koronavirus (COVID-19)-‘vaksinar’ – snakkar artikkelen i staden mykje om at vêret og ‘utslepp av drivhusgassar’ er ansvarlege for rundt 5500 ekstra hjarte- og karrelaterte dødsfall kvart år.

Sjølv om USA innfører mange av dei ekstreme globaloppvarmingsforslaga som globalistane driv og pressar på for no, vil det berre fjerne rundt 1200 ekstra dødsfall frå det talet, noko som framleis vil innebere 4300 ekstra dødsfall kvart år på grunn av vêrrelaterte hjarteproblem, insisterer studien.

Ifølgje forskarane som er involvert i studien, har alle bortsett frå kvite – naturlegvis – den høgaste risikoen for å bli råka av hjarteinfarkt eller slag på grunn av dårleg vêr, noko som tydar på at noko må gjerast for å gje dei spesialbehandling.

‘Folkehelseeffekten av klimaendring fell på personar som lever på kanten av samfunnet vårt,’ påstår Sameed Khatana, ein hjartespesialist [kardiolog] og assisterande professor ved University of Pennsylvania sin Perelman School of Medicine.

‘Kvar ei politisk handling eller forsøk på å formilde [situasjonen] må bli retta mot personar som er dei mest sårbare.’»

Å skulde noko som openbert er «vaksine»-skadar på klimaet ser ut til å vere siste desperate handling for å beskytte det løgnaktige narrativet om at injeksjonane er trygge og effektive. Natural News skriv vidare:

«Ein tidlegare modell sett saman av Khatana og hans kollegaer ved Penn, hevdar av dødsfall av hjarteinfarkt og slag stig i direkte relasjon til talet ‘ekstreme varmedagar’ som finn stad i eit gjeve år.

‘Ekstreme varmedagar’, forresten, blir definert som å ha ein varmeindeks – eit mål av temperatur som er eit produkt av temperatur i området og relativ fuktigheit – som er på eller over 90 grader Fahrenheit [32,2 grader Celsius; oms.an.].

Ved å bruke data samla frå alle 3108 fylka i fastlands-USA mellom åra 2008 og 2017, påstår teamet at dei har funne ut at dess fleire verkeleg varme dagar, dess fleire døyr av hjarteproblem.

Innan år 2019, seier dei sokalla ‘ekspertane’, var der 54 verkeleg varme dagar per år i gjennomsnitt, noko som resulterte i rundt 1651 klimarelaterte dødsfall per år.

Ha i minne at dette er ein særs liten proporsjon av det totale talet hjarterelaterte dødsfall som finn stad i USA kvart år. Det er berre ein drope i bøtta, relativt sett, og peiker på ein agenda som har vore i framvekst i seinare år, heilt sidan Operasjon Warp Speed.

For å leggje lok på flaumen av hjarterelaterte dødsfall som har oppstått sidan covid-sprøytene vart sleppte lause, prøver ‘vitskapen’ desperat å leite etter ei anna orsaking for å dekkje over dette farmasøytiske folkemordet.

Varmt vêr har eksistert sidan tidenes morgon. Ikkje berre det, men verda ser ut til å heller vere i ein avkjølingsfase enn ein oppvarmingsfase for tida, so ‘ekstremvarme’-orsakinga verkar ikkje nemneverdig overbevisande.

Ifølgje det klima-pushande media, er ekstremvarme ein ‘ikkje-erkjent katastrofe’ som forårsakar fleire dødsfall kvart år i USA enn nokon andre vêrrelaterte hendingar. Er dette eigentleg sant?

Løysinga som dei føreslår er å skape nye stillingar for ‘varmeoffiserar’ som skal patruljere gatene på leiting etter hjarteøydeleggjande varmt vêr. Desse varmeoffiserane vil få i oppdrag å kommunisere til folket dei påståtte risikoane knytt til å eksponere seg sjølv på varme dagar.»

Kommenter innlegget