Digitaldemens er den nye trugselen mot folkehelsa til unge

Har du høyrt om ein tilstand som heiter digitaldemens? Det hadde ikkje eg før eg kom over ein artikkel av John Mac Ghlionn i The Epoch Times, som Zero Hedge òg publiserte. Vanleg demens er allereie ein trugsel i den vestlege verda, og i dag har minst sju millionar amerikanarar over 65 ei eller anna form for demens. Innan slutten av tiåret reknar ein med at meir enn ni millionar kjem til å lide av demenssjukdom, og ni millionar er folketalet i New York by.

Fellestrekket for alle demenssjukdommar er gradvis tap av kognitive evner når personen byrjar å dra på åra. Demens per se treng derimot ikkje å ha noko med alder å gjere; ein 18-åring som blir alvorleg hjerneskadd i ei trafikkulykke og får ein plutseleg og dramatisk reduksjon i kognitive evner, blir rekna som dement. Når 89 år gamle Gerda ikkje lenger hugsar kven barna er, blir dette rekna som senil demens, altso demenssjukdom. Demens skil seg frå medfødd kognitiv svikt, eller kognitiv svikt som oppstod i den sokalla utviklingsperioden. Denne typen kognitiv svikt blir rekna som psykisk utviklingshemming. I dag skil lovverket mellom demens og utviklingshemming, og utviklingshemma vil til dømes få betre trygdeytingar, og kan ha rett på å flytte i kommunale bufellesskap. Ein 18-åring som blir hjerneskadd i ei trafikkulykke vil til samanlikning få plass på sjukeheim. Midtbygda sjukeheim i Åsane har til dømes ei eiga avdeling for unge, pleietrengjande pasientar.

Demens er eit alvorleg problem i vestlege land, og talet personar som får diagnostisert demenssjukdom (senil demens) aukar for kvart år – òg her i Noreg.

Nemnde artikkel skriv om ein ny type demens som har dukka opp i seinare år, og denne har ingenting med demenssjukdom, trafikkskadar eller utviklingshemming å gjere. Den blir kalla digitaldemens, og kjem av overdriven bruk av digitale verktøy. Dette råkar folk som er godt under 40, primært barn og unge. Digitaldemens blir no rekna som ein større helseepidemi.

Digitaldemens oppstår når ein del av hjernen blir overstimulert medan ein annan del blir understimulert. Som det står i artikkelen (mi omsetjing):

«Når vi tankelaust bruker digitale verktøy, blir frontallappen, som er ansvarleg for å utføre funksjonar på høgt nivå, lite brukt, om brukt i det heile. I mellomtida blir occipitallappen, den visuelle prosessoren som er å finne bak i hjernen, bombardert med sensorisk input. Medan dei ligg og sonar ut, misbruker menneske, både unge og gamle, hjernane sine, dag ut og dag inn. Barn og tenåringar er spesielt i fare av to grunnar:

  • Ein amerikanar i 8- til 12-årsalderen bruker i snitt 4,7 timar per dag med å rulle vekk liva sine [på ein dataskjerm eller mobilskjerm]. Det er rundt 70 dagar av eit gjeve år.
  • Den prefrontale cortex (PFC), hjerneregionen som er ansvarleg for planlegging og taking av avgjerder, er ikkje fullstendig utvikla før ved 25 års alder.

Digitaldemens forringar både korttids- og langtidsminne. I tillegg, som forsking viser, aukar overdriven skjermtid risikoen for Alzheimers sjukdom, den vanlegaste forma for demens, i vaksen alder. Ikkje overraskande er overdriven skjermtid nært assosiert med digital avhengigheit. Dette gjer i sin tur digitaldemens verre, som resulterer i at den grå materien i hjernen krympar. Kvit materie gjer kommunikasjonen lettare mellom område med grå materie. Men utan grå materie, som speler ei kritisk rolle i kjensler, minne og rørsler, er der ikkje eigentleg noko å kommunisere. Kvit materie hjelper trafikken med å kome seg frå A til B. Grå materie er, på den andre sida, sjølve trafikken.

Det blir verre. Som Gurwinder Bhogal, ein briljant britisk-indisk skribent, nyleg skreiv, er ikkje berre ‘krymping av grå materie hjå smarttelefon-avhengige personar’ eit aukande problem, den vestlege gjennomsnitts-IQ-en går ned – og det raskt, legg han til.»

(Sjå òg «Er den vestlege verda i fritt fall når det gjeld moral og intelligens?», publisert 25.desember 2021.)

Søkkande intelligens har vore tilfellet i fleire tiår. I artikkelen står det vidare:

«Nedgangen i hjernekraft har vore spesielt merkbar i USA. Eksponering for bly, og, meir nyleg, effektane av drakoniske nedstengingar, har hatt ein særs skadeleg effekt på IQ-en til amerikanarar. Medan teknologien held fram med å stige, held IQ-en fram med å dale. Er der ein samanheng? Svaret ser ut til å vere ja.»

Artikkelen nemner kunstig intelligens slik som ChatGPT, som ei av årsakene til nedgangen i IQ. Folk overlèt meir og meir tenking til kunstig intelligens og søkjemotorar, i staden for å skrive sjølv eller gjere eigne undersøkingar. Dette elskar eliten. Folket skal helst bli dummare for kvar dag som går, slik at dei ikkje oppdagar at eliten er i ferd med å utrydde dei. Folket skal underhaldast dagen lang med tanketom underhaldning – det romarane berømt kalla brød og sirkus – medan alt blir lagt til rette for ei framtid der fleirtalet av menneskeheita er døde.

Artikkelen avsluttar passande med å konstatere at teknologi har fortært både tankane og sjelene våre – kjem vi nokosinne til å få dei tilbake?

2 comments

  1. Interessant! Frontallappen holdes med spill og fjas inaktiv i åra den delen av hjernen skulle trent seg og utviklet seg, så de unge blir langsomt altså lettere lobotomerte, og de fleste universiteter forlangte full dosering, d.v.s. en hel generasjon er degenerert. Trist. Sterile, de som ikke dør plutselig. Barn født med hjertefeil er den nye normalen. Mamma og pappa digitaldemente og immunsvekka, noen uføre, skada av you-know-what, men legen sa det er opplagt at vi her ser denne fæle long covid man vet så lite om, og som der må bevilges mer penger til forskning på. Og vinterens doser settes fortsatt i folk med klokkertro. Trøste oss!
    Diktat og gangetabeller vi lærte i gamle dager er antagelig avskaffet for lenge siden.
    Tekno-avhengighet er hensikten, fullt tilsiktet, med sikte på microchipping;
    spill og netflix er stinne av «predictive programming» og de unges hjerner er påvirkelige; det hele er en regissert og utspekulert fordumming og hyperseksualisering av alt som kan krype og gå inkludert mindreårige, og nå ser jeg dyr er neste kandidat klar for normalisering, og det vil ingen ende ta. Hybrider gærningene har laget på lab’en er sikkert spennende for psyko-klubben.
    Mens menn flest liker høne, og kvinner liker «morning glory».

    Likt av 1 person

    • Det at so mange, både private og offentlege personar, viser teikn på kognitiv svekking, er òg eit teikn på at noko er hakkande gale. Den kollektive IQ-en er i fritt fall, og sjølv dei smartaste av oss greier ikkje lenger å dra opp snittet.

      Likar

Kommenter innlegget