Menn gjev sæd til verpesjuke lesber på parkeringsplassar for ein neve dollar

Sjå òg «Desperate amerikanske kvinner leitar på Facebook etter SÆD frå uvaksinerte menn!», publisert 8.november 2023.

Ein av bloggarane på nettstaden The Covid Blog har drive det som må seiast å vere temmeleg dedikert research rundt eit temmeleg sprøtt konsept: Fullvaksinerte kvinner som vil ha barn betaler uvaksinerte menn for sæden deira. Dei har nemleg erfart at fullvaksinert sæd og fullvaksinerte eggceller er ein ganske dårleg kombinasjon. mRNA-et og alle dei skumle tilsetjingsstoffa har kontaminert arvematerialet, noko som gjer graviditet vanskeleg, om ikkje beint fram umogleg. Og når avkommet mot all forventing overlever, blir resultatet ikkje heilt det mora hadde forventa.

(Sjå òg «Merkelege pandemibabyar byrjar å sjå dagens lys – eit resultat av mRNA-injeksjonane til foreldra?», publisert 7.desember 2021.)

Fakta om covid-19-«vaksinane» og arvemateriale er følgjande (her omsett frå nemnde artikkel på The Covid Blog):

  • «Vaksinert vaginal opphissingsvæske og brystmjølk er forgifta med syntetisk mRNA
  • Vaksinerte livmødrer produserer kontaminerte morkaker sterkt tilbøyelege til dødfødslar og spontanabort (om graviditet er mogleg i det heile)
  • Vaksinerte menn har lågt tal sædceller og lite symjedyktig sæd
  • Vaksinert ejakulasjon i ein kvinneleg vagina [finst der mannlege vaginaer, altso?] er essensielt ein mRNA-boosterdose for kvinna.»

Lesaren blir oppmoda til å lese seg opp på dr. Pierre Kory si forsking rundt seksuelt overførbar piggprotein-shedding. Kort fortalt utset uvaksinerte både seg sjølv og sine potensielle avkom for ein alvorleg helserisiko ved å ha seksuelle relasjonar med vaksinerte. Det kan faktisk samanliknast med å ha sex med nokon som du veit er HIV-positive. Dei fleste vaksinerte er truleg sterile.  

Det er under denne konteksten at uvaksinert sæd no står so høgt i kurs. Men er dette berre ein konspirasjonsteori, eller ligg det sanning bak? Spesielt har The Covid Blog fokusert på Facebook-grupper der medlemmene visstnok er på leiting etter uvaksinert sæd. Der går historier på nettet om menn som har ejakulert i plastposar og kanylar, for so å selje sæden sin til den dama som byr høgast. Ein kar i Garden Grove i California tek til dømes heile 3500 dollar (37 780 kroner) for ei ladning sæd. Det kan på alle måtar seiast å vere ei anstendig timelønn. Medlemmene i desse Facebook-gruppene kan til og med velje om dei ønskjer «transaksjonen» via kunstig eller «naturleg inseminasjon», altso samleie. Det er ikkje ofte ein ser slik omvendt prostitusjon, sidan mannen som regel er den som betaler for å få tømme seg i, på eller rundt ei dame. Interessant nok ønskjer dei fleste kvinnene kunstig inseminasjon, av grunnar som eg vil kome tilbake til.

Bloggaren lurer med rette på om det har noko å seie om sæden er uvaksinert, so lenge dama er vaksinert.

Ein av bloggaren sine assistentar prøvde å bli medlem i gruppa Sperm Donation USA. Han vart raskt utestengt frå gruppa. Medlemskap i liknande grupper ser ut til å ha resultert i det same. Dei kom fram til følgjande konklusjon (mi omsetjing):

«Det ser ut til at Facebook tillèt sæddonasjonsgrupper so lenge nemnde sæd blir donert til homofile kvinner, og der ikkje er for mange førespurnader om ikkje-vaksinert sæd i nemnde grupper. Éin ting er klart – alle dei nemnde gruppene er sterkt homofile kvinner.»

Den typiske medlemmen i slike grupper er relativt unge kvinner som er i eit forhold med andre kvinner, og som ønskjer seg barn. «Menn» i desse gruppene får lov til å annonsere at dei er uvaksinerte, tilsynelatande so lenge dei er homofile. Facebook praktiserer sokalla shadow banning dersom det kjem for mange innlegg om uvaksinert sæd. Der verserer anekdotar om menn som møter damer på parkeringsplassar med ein kanyle med sæd, for so å få ein neve dollar. Det kan sjå ut som mange menn har slike sæddonasjonar som anten ei biinntekt eller ein fulltidsjobb. Eg tviler på om slikt vil sjå bra ut på CV-en. Enkelte menn påstår at dei har fått nesten 200 avkom på denne måten.

Bloggaren og hans assistentar mistenkjer at der er element av «kontrollert opposisjon» i denne aktiviteten, spesielt i Sperm Donation USA, som er ei av dei største gruppene. Dei trekkjer spesifikt fram Jonathan David Rinaldi, som går under kallenamnet The Sperminator. Han var 10.november òg med i ein episode av The Stew Peters Show. Rinaldi er ein bekrefta sionist, og ser ut til å prøve å lansere ein politisk karriere for Det republikanske partiet.

The Covid Blog trekkjer fram det juridiske aspektet oppi dette. I motsetnad til sædbankar skjer ikkje desse donasjonane anonymt. Dermed kan kvinnene seinare oppsøkje sæddonoren om dei vil ha barnebidrag. I Storbritannia vart til dømes ein homofil mann i 2012 dømt til å betale barnebidrag til to lesbiske kvinner etter å ha donert sæd til dei tretten år tidlegare.

Bloggaren konkluderer at dei fleste gruppene på Facebook som søkjer uvaksinert sæd, eigentleg er vaksinerte lesbiske par som vil ha sæd frå vaksinerte menn. Han konkluderer:

«Det faktum at so mange menn er viljuge til å gje av si nest-viktigaste kroppsvæske (etter blod) til vilt framande for å bli fedrar til ungar dei aldri kjem til å møte, i byte mot nokre dollar, er temmeleg urovekkjande. Pluss det at nesten alle avkomma vil bli oppdregne i hushaldningar som består av homofile kvinner.

U.S. Centers for Disease Control (CDC) og universitet slutta å utføre jamleg forsking på vald i heimen blant homofile kvinner for rundt ti år sidan på grunn av sanninga: at 44% av hushaldningar med to kvinner i USA rapporterte vald i heimen. ‘Bifile’ kvinner er påverka i ein rate på 61%, mot 35% for normale kvinner (og fleire av desse har politi i hushaldningane).

Enkelte av dei mest hårreisande mordhistoriene du nokosinne vil finne, er homofile kvinner som drep barna sine

Dette er naturlegvis ein del av eliten sin plan, for dei har sidan 1960-talet jobba iherdig med å avskaffe kjernefamilien. Eit barn som blir unnfanga på ein parkeringsplass ved hjelp av lunken sæd i ein kanyle, vil neppe få eit særleg bra liv, spesielt ikkje om dei veks opp med valdelege, mannehatande lesber som foreldre.

Kommenter innlegget