Ifølgje ein sokalla «konspirasjonsteori» som verserer på Internett, døydde Internettet slik vi kjenner det ein eller annan gong mellom 2016 og 2017. Som ein konsekvens er dei fleste «menneska» vi ser på nettet som publiserer innhald, legg ut ting på sosiale media, og som kommenterer, eigentleg botar (programvareagentar som er programmert til å utføre spesifikke oppgåver automatisk). Teorien om Det døde Internett – Dead Internet Theory – nådde ut i hovudstraumsmedia i ein artikkel publisert i The Atlantic 31.august 2021 med tittelen «Maybe You Missed It, but the Internet ‘died’ Five Years Ago».
I ytste konsekvens hevdar teorien at heile Internett er falskt. I fyrste omgang høyrest dette absurd ut, i og med at det beviseleg framleis er ekte, levande menneske som produserer og legg ut innhald – kven har ikkje venner på Facebook som legg ut feriebilete, kattevideoar, selfiar og eit og anna innlegg som får Statsforvaltaren i Rogaland til å få dei tvangsinnlagt på psykiatrisk avdeling?
Ein av dei mest populære innlegga som forklarer teorien, kjem frå nettforumet Agora Road’s Macintosh Cafe. Der starta ein (truleg ekte) brukar ved namn IlluminatiPirate ein tråd på nettsida med tittelen «Dead Internet Theory: Most of the Internet is Fake». Essensielt er nettet no skapt og halde ved like av kunstig intelligens (KI) og fylt med dei nemnde botane. Som personen sjølv skriv (mi omsetjing, henta frå ein artikkel på nettstaden Futurism.com om temaet):
«Eg har sett dei same trådane, dei same bileta, og dei same svara gjenpublisert igjen og igjen dei siste åra heilt til eg ikkje lenger ser på det som underleg […].»
I artikkelen står det vidare:
«Bak døden til Internett står konsern som jobbar i samband med staten for å pushe propaganda og tvinge faktiske brukarar til å kjøpe produkt. Trass alt må der finnast ein løynt dokkemeister som trekkjer i trådane.»
IlluminatiPirate skreiv vidare at «eg trur det er fullstendig openbert det som eg subtilt føreslår her, med tanke på dette oppsettet […]. Den amerikanske regjeringa tek del i ei KI-driven gaslighting [villeiing] av heile verdas befolkning.»
Alle gode «konspirasjonsteoriar» har ein kjerne av sanning i seg, og dei «beste» viser seg til slutt å vere sanne. Ein kan ikkje nekte for at til dømes algoritmar har gjort Internett til noko heilt anna enn det var for berre nokre år tilbake – til dømes 2016/2017. Framveksten av KI gjennom program slik som ChatGPT og gratisprogrammet til Bing (som Saksyndig brukte i ein artikkel), har òg gjort det meir sannsynleg at innhald kan vere generert av programvareagentar i staden for ekte menneske av kjøt og blod. Spesielt søkjemotorar, slik som den til Google, har i aukande grad gått vekk frå å generere søkjeresultat etter relevansen til artiklane – no ligg der ein tydeleg politisk agenda bak.
(Sjå òg «Er dei rett og slett i ferd med å slette mesteparten av Internett?», publisert 16.august 2022.)
Her i Noreg blir KI no brukt innan hovudstraumsmedia. Mellom anna har NRK byrja å publisere samandrag av lange artiklar, men der står det til gjengjeld at samandraget er produsert ved hjelp av KI. Andre riksdekkjande medieformidlarar har òg samandrag i byrjinga av artiklane – der står det ikkje om innhaldet er produsert ved hjelp av KI. Det treng derimot å tyde at KI ikkje blir brukt.
Teorien om Det døde Internett har òg ein meir skremmande og urovekkjande dimensjon. Den antydar at heile Internett kan vere ein sofistikert utført illusjon. Ingenting av det du ser er «ekte», altso laga av levande menneske. Dataprogram har blitt so nifst dyktige å generere bilete at det ofte skal eit trena auge til for å sjå om eit bilete er teke av eit ekte, levande menneske. I tillegg kan stemmer no skapast ved hjelp av KI. Framleis høyrer ein at desse stemmene kjem frå robotar, men ikkje so altfor mange år inn i framtida kan ein tilsvarande distinksjon vere umogleg å oppfatte.
Mange menneske vil reagere med uhyggje om dei står overfor ein intelligens som ikkje er menneskeleg. Dette såg den japanske robotikkprofessoren Masahiro Mori tilbake på 1970-talet, i ei tid der datamaskiner var på storleik med personbilar. Teorien blir kalla «Den uhyggjelege dalen», Uncanny Valley på engelsk, i sin tur ei omsetjing av det japanske bikimi no tani gensho. Dess meir eit objekt liknar på eit menneske (og der det er openbert at objektet verken er menneskeleg eller levande), dess meir negative kjensler vil eit ekte menneske føle. Objekt som er mindre like menneske vil ikkje skape den same uhyggja. Fenomenet ser ein òg innan datagenerert animasjon – og dette har fått dei store studioa til å lage desse animerte menneskevesena mindre like menneske med vilje, slik at folk ikkje skal bli «frika ut».
Teorien om Den uhyggjelege dalen gjeld sannsynlegvis òg Internett, om enn i mindre grad. Tekst i seg sjølv vekkjer sjeldan den same emosjonelle responsen som eit møte med eit vesen som gjev seg ut for å vere eit menneske – for heile illusjonen handlar om å få deg til å tru at du interagerer med ekte menneske. Då er videoar og bilete av 100% datagenererte «menneske» hakket verre. Og sjølve tanken om at alt og alle du møter på nettet, eigentleg er statiske, døde programvareagentar skapt av grådige konsern, kan få dei aller fleste til å føle seg særs, særs einsame. Akkurat som å vere det einaste mennesket i ein dal av robotliknande vesen som prøver å få deg til å tru at dei er «menneske».
Det bringer oss over til eit langt meir urovekkjande konsept: Er heile denne røyndomen ei datasimulering?
