Ein lesar gjorde meg for ei tid tilbake merksam på eit temmeleg urovekkjande konsept: At visse service-tenester tek meir enn berre pengar for arbeidet sitt. Min fyrste tanke var at dette måtte vere ein spøk. Vi har jo alle høyrt historia om den single åleinemora som måtte hastetilkalle ein røyrleggjar for å fikse ein øydelagt vask. Ho hadde ikkje nok pengar til å betale, og røyrleggjaren føreslo då «alternative betalingsmåtar» medan han med eit skummelt glis opna buksesmekken. At dette har skjedd på ekte, er det ingen tvil om. Når vasken er øydelagt, og du manglar ein MANN i huset, må du få fiksa vasken sjølv om kontoen er tom. Dette gjeld òg andre service-yrke som krev ekspertise og handverkskompetanse. Dette veit enkelte moralsk forderva handverkarar og entreprenørar diverre å utnytte. Men er dette berre einskild-episodar, eller er problemet av ein meir systemisk natur?
(Sjå òg «Bekymringsverdig tendens: Åleinemødrer blir pressa til å utføre seksuelle tenester for å få pengar til julepresangar til barna», publisert 13.desember 2022.)
Den same lesaren påpeikte at problemet med seksuell utnytting spesielt gjer seg gjeldande i hageservicenæringa i Bergen og omland. Igjen sat eg og klødde meg i hovudet. Var det nokon som dreiv og kødda med meg? Meinte dei dette i fullt alvor? Det fyrste eg måtte gjere, var å sjekke opp i kva «hageservice» eigentleg var for noko.
Det viser seg at langt frå alle hagar er so velstelte som bustadannonser gjev inntrykk av. Ofte er dei overgrodde junglar av ei anna verd, gjerne med tre som har fått vekse fritt i fleire tiår fordi den førre eigaren rett og slett ikkje nedverdiga seg til simpelt hagearbeid. Problemet oppstår når det ikkje lenger er nok å ta fram grasklypparen, hekksaksa eller ljåen. Det er ikkje berre-berre å fjerne eit digert, ròte eiketre som har stått der sidan bestefaren din var ein ung mann. Ikkje berre må sjølve treet fellast, rota må òg opp – og om du kan parkere ein personbil oppå rota, kan du ikkje akkurat hakke laus på den med ei vedøks. Då treng du noko som blir kalla ein stubbefres. Desse er svindyre saker, og det blir litt dumt å bla opp fleire tusen for eit verktøy ein berre skal bruke éin gong. Det er heller ikkje alle som kan – eller bør! – handtere slike livsfarlege reiskapar. Nokon med ti tommeltottar bør helst ikkje vere i nærleiken av motorsager og andre potensielle drapsvåpen.
Løysinga blir då å tilkalle fagfolk som driv med hageservice. Då kjem det ein mann på befaring i den sokalla hagen (eller utmarka, som han kanskje vil kalle den!), før han nikkar og noterer. Ja, eg trur vi skal lage ei liste over kva som må gjerast før dette kan kallast ein hage, seier han til den utslitne, nyskilde åleinemora som står der med ein skrikande kolikk-unge i kvar arm. Eller til den nybakte enkja som brukte å vere modell for vel 30 år sidan.
Oi… Åleinemora (eller enkja) bit seg lett i leppene. Dette kostar då skjorta og halve trusa – og eg drit ikkje akkurat pengar. Då mønstrar denne hageservice-mannen ho frå topp til då. Du, seier han stille med eit skummelt flir. Vi kan alltids bli einige om ei ordning…
Hageservice er meir utbreidd enn eg fyrst trudde. Eg levde under den villfaringa at folk flest kunne handtere sin eigen hage, men der kan naturlegvis liggje vektige grunnar bak kvifor somme hagar ser ut som eigarane har dauda i frå dei. Eit søk på hageservice i Bergen viser mange aktørar, der alle ser ut til å vere enkeltpersonsføretak drivne av menn. Eigaren av eit av føretaka har til og med etternamnet Hagen! No er det ikkje sikkert at alle desse driv med seksuell utnytting av kvinnelege kundar, men om ein skal tru nemnde lesar, er problemet ganske so omfattande. Kanskje er det snakk om kartellverksemd der kvart føretak har sin eigen vesle «region» å krevje seksuelle tenester i, og der straffa er hard dersom ein av dei bevegar seg inn i «feil» område. Då kjem nok stubbefresen fram ei mørk natt.
Dei fleste ønskjer seg ein fin hage, og nokon vil ha slik ein hage for ein kvar pris. Bokstavleg tala.
Det er derimot ikkje berre hagearbeid hageservice-gjengen driv med. Dei føretek òg graving, planering, drenering og legging av naturstein, i tillegg til å støype terrassar av betong. Sokalla «hydraulisk sprenging» står òg på oppdragslista, og eg kan berre vagt gjette meg til kva dette er for noko. Det er utan tvil noko anna enn ordinær sprenging med dynamitt og fenghetter. Ein driv ikkje akkurat med skytebas-verksemd i eit tett befolka område av fasjonable villaer i penbergenske rikmannsstrøk!
Eg reknar med at oppdrag som involverer slik «hydraulisk sprenging» òg vil involvere ein viss eksplosjon inni munnen på ei dame etter utført oppdrag. Eller kanskje til og med i andre enden av kroppen dersom terrenget er bratt eller på andre måtar krevjande å jobbe i. Der er mange bratte hagar i Bergen, folkens.
(Mange kåte kjerringar òg, for den del; ofte er det ikkje mangel på pengar hjå kunden som gjer at hageservice-mannen reiser tilfreds derifrå!)
