Om vi skal tru ein artikkel i iNyheter, ser åleinemødrer ut til å mangle pengar til ei anstendig jul for barna sine. Og verre: Menn dukkar opp på mellom anna finn.no og tilbyr økonomisk hjelp i byte mot seksuelle tenester. Somme av dei er òg interesserte i å kjøpe skitne truser av desse økonomisk vanskelegstilte damene. Alt dei vil ha er ei god jul for barna sine, og dei kontaktar difor i desperasjon medmenneske og ber om «julehjelp».
NRK skriv òg om det eg kallar ein bekymringsverdig tendens. Aleneforeldreforeningen kallar praksisen for «forkastelig». I utgangspunktet legg åleinemødrene ut annonsar fordi dei treng økonomisk hjelp til å betale straumrekninga, eller fordi dei ikkje har råd til julepresangar til barna. Ei mor som er viljug til å selje kroppen sin for å kunne kjøpe Brannmann Sam-figurar til gutungen, må vel kunne seiast å verkeleg elske barnet sitt. Elskar ho seg sjølv etter slik ein «transaksjon»?
Ifølgje NRK skriv ei åleinemor: «Jeg tenker at det er mange desperate menn der ute som prøver å utnytte noen i en sårbar situasjon. De tenker nok at vi er så desperate at vi gjør alt for penger eller gaver.»
Eg ville ikkje har brukt ordet «desperat» om desse mennene. Dette er gjort av særs kyniske individ med litt for mykje pengar og litt for mykje vondskap i dei iskalde steinhjarta sine.
Åleinemora «Kari» kjem med følgjande hjartesukk: «Man føler plutselig at man kanskje setter ungene i fare med å be om hjelp, når det er nettopp dem man prøver å beskytte oppi det hele […]» og «Jeg føler at jeg kryper til korset, med huden blottlagt og sårbar, ved å be om hjelp. Og så møter man seksuell trakassering. Det gjør bare hele situasjonen enda verre.»
Slik tigging i full offentlegheit nærast opnar opp for utnytting, òg av seksuell natur.
Cathrine Austrheim er leiar i Aleneforeldreforeningen, og har følgjande å seie til NRK om situasjonen:
«Det skjer ofte, og det er nok store mørketall. Det er helt forkastelig, og viser hvordan samfunnet fremdeles har dårlige holdninger til det å være en alenemor […]» og «Man mister troen på noen mennesker. Det er fryktelig ubehagelig. Samtidig føler man skam, og lurer på om det er sånn folk oppfatter deg.»
Pressansvarleg i Finn, Linda Glomlien, skriv til NRK at dei har «nulltoleranse for seksuell trakassering mot våre brukere».
Å utnytte menneske som er i ein desperat situasjon er på alle måtar forkasteleg. På grunn av bevisst politikk frå «våre» politikarar er straumrekningane so høge at vanlege folk blir flådd levande. Åleinemødrer er mest utsett, sjølv om dei får dobbel barnetrygd fordi dei er åleineforsørgjarar. Denne velferdsordninga er ikkje so generøs som ein skulle tru. Og slett ikkje alle får barnebidrag frå barnefedrane, spesielt ikkje om dei kjem frå visse land, har under ei viss inntekt eller rett og slett er døde. Det er mange grunnar til at ei dame endar opp som åleinemor, og ikkje alle grunnane er hennar skuld. At samfunnet framleis fordømmer slike vanskelegstilte kvinner er beklageleg og eit tankekors.
Ei sak har fleire sider. iNyheter har tidlegare skrive om kvinner som vil få barn for ein kvar pris, ofte med menn som ikkje er like ivrige etter å føre slekta vidare. Slike «verpesjuke berter» vil gå gjennom eld og vatn for å bli mødrer, og då er det diverre ikkje anna å vente at mannen stikk av, når han bokstavleg tala er blitt lurt til å bli far. Å inngå ein avtale i vond tru er nok mest nedrig når det gjeld avtalen om å setje eit barn til verda. Ei dame som går til det steget å lure ein mann til å gjere ho gravid, har etter mitt syn gjort seg fortent til dei vanskane som måtte oppstå i etterkant. Utifrå mi personlege erfaring er det gode grunnar til at enkelte damer ikkje greier å finne seg ein anstendig mann å få ungar med.
Saka blir ikkje betre av at damer som allereie er i eit forhold, ser ut til å bli oppfordra av media til å finne seg ein ny mann om han ho er saman med av ymse årsaker ikkje er god nok for ho. Til dømes denne artikkelen, som ser ut til å oppmode damer om å forlate ein mann som blir skildra som «passiv», «avhengig partner» eller «mannebaby». Dei pælmar ut denne mannen på rein impuls, og sit plutseleg med svarteper som åleinemor utan evne til å finne ein ny livsledsagar og de facto barnehjelp.
Det er enkelt å velje feil partner. Ein kan ikkje akkurat be om CV og referansar. Noko so viktig som stifting av familie er meir utfordrande enn nokosinne, spesielt i våre dystopiske tider der vår eiga regjering og staten ser ut til å ha blitt våre fiendar.
Kvinner har hamna i eit episk uføre sidan feminismen oppstod på 1960-talet. Kvinnene vart av raudstrømper og andre oppviglarar aggressivt oppfordra til å forlate heimen og barna og ta steget ut i arbeidslivet. Det er ikkje tilfeldig at snittalderen for fyrstegongsfødande har auka dramatisk; faktisk ligg den no på over 30 år. I gode, gamle dagar var det heilt vanleg å få sitt fyrste barn i ein alder av 20 – og då var ein allereie gift og eigde hus, saman med ein driftig mann som jobba 50 timar i veka for å forsørgje sine kjære. Dei dagane er takka vere denne vondsinna agendaen ugjenkalleleg over. Kvinner over heile den vestlege verda trur at dei kan få både i pose og sekk ved å vere både mødrer og arbeidarar – og mange mislykkast miserabelt i begge delane. Sjukefråværet i kvinnedominerte yrke går i taket, og psykologar frydar seg over dramatisk auke i inntekt frå konsultasjonsgebyr.
Tilfellet med åleinemødrene som blir utnytta seksuelt er berre nok eit symptom på denne perfekte stormen som er i ferd med å øydeleggje både kjernefamilien og heile den vestlege sivilisasjonen. Men, for å kome med eit etterlengta råd til blakke åleinemødrer: Om ein mann vil kjøpe dei skitne trusene dine, er du heldig. Han kunne ha bede om langt meir. Send trusene i ein liten pakke til han etter at han har vippsa deg det avtalte beløpet. Det er betre å vere utan truser enn utan ære. Og du får ein eineståande sjanse til å bli kvitt dei verste menstrusene i tillegg.
I våre beksvarte tider med normalisering av pedofili kan det til og med hende han vil betale litt ekstra for trusene til barna dine…