Toksikologiekspert: Covid-19-vaksinar kjem til å sterilisere ein heil generasjon

Av Ramon Tomey, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ein ekspert i toksikologi og molekylærbiologi åtvara om at Wuhan koronavirus (Covid-19)-vaksinar kjem til å «sterilisere ein heil generasjon».

Dr. Janci Lindsay kom med denne åtvaringa under ein rundbordsdiskusjon 7.desember der senator Ron Johnson (republikanar, delstaten Wisconsin) var vert. Ho sa at mRNA Covid-19-sprøytene hadde «potensiale til å sterilisere ein heil generasjon» eller «bli overført til dei neste generasjonane som utilsikta genoverføring».

«[Det er] fullstendig uansvarleg å halde fram med nokon av desse sprøytene [for barn og dei i fruktbar alder] utan å etterforske dette. Vi kan på ingen måte seie på dette tidspunktet at [mRNA-vaksinane] er trygge og effektive,» sa Lindsay.

Ho peikte òg på påstandar om at Pfizer og Moderna sine Covid-19-vaksinar held seg på injeksjonsstaden, som sidan har blitt avkrefta sidan mRNA reiser gjennom heile kroppen.

«Vi vart fyrst fortalt at det ville halde seg i armen, men det gjer det ikkje. Det endar opp med å bli distribuert i heile kroppen for både Moderna og Pfizer,» sa Lindsay. Toksikologieksperten med over 30 års vitskapleg erfaring la til at Moderna-vaksinane sitt mRNA-innhald ikkje har blitt oppdaga i nyrene.

«No, kva er dei fibera? Hjernen, milten, hormonkjertlane, beinmergen, blodet, eggstokkane og testiklane. No, kva skjer når genterapiane kjem til eggstokkane og testiklane? Vel, vi veit det rett og slett ikkje fordi det uheldigvis ikkje har blitt tilstrekkjeleg testa.»

Lindsay åtvara om at mRNA-vaksinane har potensial til å forårsake massiv reproduktiv skade og sterilisere ein heil generasjon. «Dette har ikkje blitt undersøkt, og det må gjerast,» sa ho. «Eg krev no at dette blir undersøkt.»

mRNA-sprøyter kan skade det menneskelege genomet i fleire generasjonar framover

Tilbake i november republiserte mRNA-vaksineteknologi-oppfinnar dr. Robert Malone på sin Substack ein meiningsartikkel skriven av den sertifiserte obstetrikklegen og gynekologen dr. James Thorp. Malone var òg tilstade på rundbordsmøtet 7.desember.

«Denne eksperimentelle terapien kan ha permanent skadelege effektar på det menneskelege genomet fleire generasjonar framover eller for alltid,» skreiv Thorp. «Dei involverte burde ha utelukka langtidseffektar før dei byrja å rulle ut denne nye eksperimentelle genterapien. Den gylne regelen som har blitt praktisert i alle år når det gjeld graviditet, er å aldri late ukjende substansar bli brukte i graviditet.»

Thorp siterte studiar av Pfizer mRNA-vaksinen gjort av det japanske Pharmaceuticals and Medical Devices Agency, som han fekk via ein Freedom of Information Act (FOIA)-førespurnad.

Resultatet av studiane bekrefta at mRNA-sprøyta straks vart absorbert inn i blodstraumen innan 48 timar. I tillegg la mRNA-et seg i lag av lipid-nanopartiklar (LNP) konsentrert i eggstokkane 118-faldig i løpet av den same perioden.

«Ikkje berre dokumenterer biodistribusjonsstudiane den katastrofale konsentrasjonen av LNP i eggstokkane nær dei livsviktige og avgrensa eggcellene – livet til alle våre framtidige generasjonar – men det konsentrerer seg òg i briset fosterlivet, noko som potensielt gjer permanent skade på ‘frøet til immunfunksjonen for livet’,» sa Thorp.

Thorp peikte òg på at den britiske regjeringa frårår å injisere gravide og ammande med covid-19-vaksinen, og har ikkje rikka seg frå den ståstaden. Derimot nemnde han at Storbritannia si offisielle nettside «på listig vis grov denne tilrådinga djupt ned i ein sjø av ubrukeleg informasjon».

Dette, ifølgje Thorp, var ein «briljant strategi» sidan den offisielle nettsida dermed kan sikre seg mot framtidige søksmål ved å seie at informasjonen jo var der.

Han sa til slutt: «Den fagfellevurderte publiseringane av Covid-19-vaksine-«biverknader» i løpet av berre 18 månader er langt fleire enn dei som er publiserte frå alle andre vaksinasjonar over heile verda i løpet av hundre år.»

Dr. Janci Lindsay si åtvaring kan sjåast her.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s