Djupstatspolitikaren og krigsforbrytaren Henry Kissinger er omsider død – 100 år gammal

USAs tidlegare utanriksminister og påståtte diplomat Henry Kissinger har omsider dauda, over 100 år gammal. Dette melder diverse nyheitsformidlarar. Kissinger vart tilbakekalla av naturen i sin eigen heim i den amerikanske delstaten Connecticut, ifølgje ei melding frå konsultasjonsfirmaet hans. Dei gav ikkje nokon dødsårsak, men eit dødsfall i ein alder av 100 kan neppe skuldast andre ting enn alderdom. Døden innhentar alle, sjølv dei som inngår pakter med mørke, sataniske krefter. Nettstaden Zero Hedge skriv (mi omsetjing):

«Kissinger var den einaste personen nokosinne som var den nasjonale tryggleiksrådgjevaren til Det kvite hus samstundes som han var utanriksminister, noko som gav han ein kontroll over amerikansk utanrikspolitikk som sjeldan har blitt matcha av nokon som ikkje var president.

Han hjelpe mest betydeleg til med å skape ‘etter-Andreverdskrig-ordenen’, som førde USA gjennom betydelege endringar innan utanrikspolitikken, ifølgje nettsida til Kissinger. ¨

Herr Kissinger, som møtte leiaren av Det kinesiske kommunistpartiet (CCP), Xi Jinping, under eit overraskingsbesøk til Beijing 20.juli [2023], er hylla i Kina for å ha styrt opninga av relasjonar mellom CCP og Washington under president [Richard] Nixon under Den kalde krigen på tidleg 1970-tal.»

Hans to mest høglydte kritikarar, Christopher Hitchens og William Shawcross, kalla Kissinger ein krigsforbrytar. I boka si The Price of Power skreiv journalisten Seymour Hersh at Kissinger og Nixon i grunnen var to alen av same stykke (sitat henta frå nemnde Zero Hedge-artikkel):

«Dei ‘var og blei blinde overfor dei menneskelege kostnadene til handlingane sine. Dei døydde og såra i Vietnam og Kambodsja – so vel som i Chile, Bangladesh, Biafra og Midtausten – såg ikkje ut til å telje då presidenten og hans tryggleiksrådgjevar kjempa mot Sovjetunionen, sine misoppfatningar, sine politiske fiendar, og kvarandre.»

Zero Hedge skriv vidare at «dei som ikkje beundra dr. Kissinger følte at hans fokus på realitetane knytt til Den kalde krigen og hans velvilje til å bruke makt – openlyst eller skjult – for å avansere amerikanske mål gjorde han blind overfor humanitære og menneskerettsrelaterte vurderingar».

I månadene før hans død sa han derimot at det var ein stor feil å sleppe inn [i USA] so mange menneske av med totalt ulike kulturar og religionar og konsept.

Zero Hedge skriv vidare:

«WaPo [Washington Post; artikkelen krev registrering for å lesast] rapporterer at i sin omfattande biografi om dr. Kissinger, kom journalist Walter Isaacson til den konklusjonen at han [Kissinger] ‘hadde ei instinktiv kjensle for makt, og for å skape ein ny global balanse som kunne hjelpe USA å handtere sitt abstinenssyndrom etter Vietnam. Men det var ikkje matcha av ei liknande kjensle for den styrken ein kunne få ut av å vere open overfor USA sitt demokratiske system, eller for dei moralske verdiane som er den sanne kjelda til deira globale påverknadskraft.»

Isaacson skildra Kissinger som «briljant, konspiratorisk, listig, sensitiv overfor korleis ting heng saman og nyansar, tilbøyeleg til rivalisering og maktkampar, sjarmerande, men likevel stundom svikefull».

I sin artikkel om Kissingers død, datert 30.november 2023, skriv Pål Steigan:

«Han hadde millioner av menneskers liv på samvittigheten og ble mottatt med underdanig begeistring når han besøkte Norge og møtte de[…] politiske ‘toppene’ i vår politikerkaste. Norge sørget også for å gi ham fredsprisen.

Kissinger fikk fredsprisen i 1973 og er antakelig den personen i vår tid som har flest menneskeliv på samvittigheten. Han ga CIA instrukser om å støtte militærkuppet i Chile i 1973. Han støttet Indonesias invasjon i Øst-Timor i en krig der omtrent en fjerdedel av befolkninga ble drept. Og ikke minst var han en av de mest ansvarlige for temmebombinga av Vietnam, Laos og Kambodsja der millioner av mennesker ble drept og lemlestet. Da han kom til Norge i 2016 ble han mottatt som en æresgjest.»

NRK skriv i sin artikkel om Kissingers død at tildelinga av Nobels fredspris «utløste store protester, Nobelkomiteen ble anklaget for å belønne krigsforbrytere, og krigen i Vietnam var langt fra over». Dei skriv at den andre mottakaren (Nord-Vietnam sin forhandlingsleiar Le Duc Tho) takka nei til prisen, «og Kissinger kom heller ikke til Oslo for å hente den».

Ifølgje nettsida WikiSpooks var Kissinger involvert i djupstatspolitikk og jamleg på møte i det hemmelege djupstatsmiljøet Le Cercle (fransk for «sirkelen»), som er skildra som endå meir hemmelegheitsfullt og innhylla i mystikk enn Bilderberg-møta. Han var ifølgje WikiSpooks ein av dei mest markante djuppolitikarane i nyare historie. Ein djuppolitikar er del av den skjulte makta som tek avgjerder, og der hovudstraumsmedia generelt unngår å undersøkje vidare kva denne gjengen eigentleg driv på med. Dei er dei som eigentleg kontrollerer vanlege politikarar; djuppolitikarar styrer politikarar slik ein dokkemeister styrer dokkene sine.

Kommenter innlegget