Det har i lengre tid gått nifse rykte om at folketalet i Kina kan vere langt mindre enn Det kinesiske kommunistpartiet (CCP) driv og skryter av. I mai 2023 spekulerte Natural News-skribent Ethan Huff i om kommunistregimet blåste opp befolkningstala sine med ein overfaktor på 100 millionar menneske. Det blir sagt å bu over ein milliard menneske i verdas offisielt mest folkerike land, men enkelte hevdar at landet har godt under ein milliard, eller at dei aldri nokosinne har hatt ein milliard innbyggjarar.
Det som Saksyndig ikkje var klar over våren 2023, var at Henry Makow 30.april 2023 publiserte ein artikkel om massedød i Kina. Innhaldet og bodskapen er ganske so urovekkjande. Der blir det hevda at so mykje som 400 millionar kinesarar kan ha blitt utsletta (altso myrda) sidan 2020. Makow bruker «KMG» som kjelde, og skriv (mi omsetjing):
«Mange med familie og venner i Kina forstår at tilstanden til folkehelsa er særs dårleg.
Privatpersonar i Beijing har fastslått at alt frå hundrevis til tusenvis til millionar av menneske døydde i byen i ein kort periode sist vinter.
I somme tilfelle har nesten heile familiar blitt utsletta. Ein kinesisk-amerikanar sa på Voice of America at han miste fem slektningar på åtte dagar i Kina. Ein annan rapport kom frå Bao Jian, dottera til den velkjende CCP-sekretæren Bao Tong som gjekk bort i slutten av november 2022.
Ho sa 13.januar [2023] at ho hadde mist 17 nære venner og slektningar i den nylege fortida, noko som ho meinte ikkje kunne skje på tusen år. Ho hevda at fleire hundretusen menneske hadde døydd i Beijing nyleg, og fekk ein respons frå ein annan kritikar som sa ho var for konservativ, og at dødstalet var over ein million i Beijing åleine.
Nyleg snakka grunnleggjaren av Falun Gong, meister Li Hongzhi om det verkelege dødstalet i Kina. I løpet av dei tre siste åra då covid-19 og relaterte sjukdommar har herja, har ifølgje hans antakelse, 400 millionar kinesarar døydd i epidemien.
Ein spår at 100 millionar kinesarar kjem til å døy før epidemien sluttar, noko som i alle tilfelle tydar at ein tredjedel av Kinas befolkning vil bli utsletta.»
Desse bombastiske påstandane vart altso sagt av Falun Gong-grunnleggjaren i april 2023. Det står vidare i Makow-artikkelen:
«På same tida ser vi at hovudstraumsmedia ikkje har vedkjent seg dødstalet til Kina. Tilbake i 2021 vart det sagt av kinesiske Yu Fuxian, ein internasjonalt anerkjent demograf, at Kinas befolkning hadde falle til 1,28 milliardar i 2020 etter den fyrste sjokkbølgja av covid-19 i 2019-2020. Dette talet antydar at Kina miste rundt 150 millionar innbyggjarar i det fyrste året av helsekatastrofen.»
Dei kan derimot ha døydd av andre ting enn «covid», vi snakkar her trass alt om det berykta kinesiske kommunistregimet, som gladeleg drep sine eigne for å drive fram illusjonen av ein «dødeleg pandemi». Vidare i artikkelen står det:
«Ein hackar som kalla seg sjølv ‘Chinadan’ fekk tak i dei personlege dataa til 970 millionar kinesarar gjennom eit datainnbrot i Alibaba-skya, og prøvde å selje dataa på nettet sommaren 2022. Han tilbaud 750 000 tilfeldige identitetar til interesserte partar som kunne verifisere autentisiteten til dataa. Wall Street Journal testa autentisiteten til ei rekkje av dei, og alle viste seg å vere korrekte. […] Sidan databasen inneheldt informasjon om alle vanlege (altso dei som ikkje har hemmeleg identitet) kinesarar, indikerer databasen at Kinas befolkning var rundt ein milliard på den tida (rundt juni 2022).
Chinese Epoch Times har gjort ei grunding etterforsking av databasen til Chinadan, i tillegg til å ha etterforska befolkningstala i Kina frå ei rekkje ulike vinklar, og med statistiske kalkuleringar som verkar særs rimelege. Deira konklusjon er at ‘China Dance’-databasen er genuin, og at Kinas befolkning verkeleg var rundt ein milliard rundt juni 2022. Sidan den gongen har mange fleire menneske døydd i Kina, som kan indikere at befolkninga for tida er godt under ein milliard.
Ei anna kjelde er Guo Wengui, den kinesiske milliardæren og dissidenten i USA som nyleg [april 2023] vart arrestert under mystiske omstende av FBI. Det blir sagt at CCP fekk FBI til å arrestere han, og det ser ikkje ut som ein so veldig søkt konklusjon, med tanke på alt han har sagt om CCP og deira leiarar. Faktisk hevda han sist haust [2022] at Kinas befolkning på den tida var like under ein milliard, ifølgje hans etterretningskjelder. Wengui kjem vanlegvis med spektakulære ytringar og temmeleg ofte blir dei sanne etter nokre år. Wengui hevda òg at 29 millionar kinesarar døydde under den nylegaste epidemien rundt årsskiftet [2022-23].
Dersom dødstalet er i nærleiken av det som blir indikert av desse kjeldene, har kinesarane akkurat blitt råka av den desidert største katastrofen i verdshistoria, noko som er verdt å reflektere over.
Spørsmålet er, vil resten av verda overleve denne katastrofen i Kina uskadd? So godt som alle regjeringar i verda har samarbeidd med CCP sidan dei greip makta i 1951, og sjølv om der har vore ein og annan klage på CCP og deira mangel på menneskerettar, har ingenting i praksis blitt gjort for å opponere mot den økonomiske og maktpolitiske ekspansjonen til CCP i verda.»
Ein lesar kjem med følgjande tankevekkjande kommentar til artikkelen (utdrag):
«400 millionar menneske i Kina hadde dumtelefonar før pandemien. I dag har 974 millionar menneske i Kina smarttelefonar, noko som matchar ‘Alibaba-filene’ som er nemnt i artikkelen. Dumtelefon-brukarane er vekke alle saman. Du kan ikkje forlate bygningen din, gå i butikken eller reise utan ein smarttelefon i Kina, og heile sosialkreditt-systemet er bygt rundt smarttelefonen din. Ein venn som kjenner folk innan etterretning fortalde meg at då pandemien byrja, ‘var alle dei som vart sveisa inne i leilegheitene sine dumtelefon-brukarar’. Dersom du ikkje ønskjer å oppgradere til ‘spiontelefonen’, tek dei rett og slett livet av deg.
Det er ikkje vanskeleg for CCP å kartleggje kven som er tilknytt kven ved hjelp av gatekamera og sporing av telefonsamtalar, tekstmeldingar og lokasjon. Heimlause, dei som bur vekke, og dei som ikkje har noko med familien sin å gjere lenger, er enkle mål. ‘Du saknar ikkje det som du ikkje kjenner’.
Fakebook [sic] har blitt tekne i å drive kontoar til folk som har døydd, dei har til og med ‘elda’ bilete av medlemmer med KI-biletteknologi, prosjekt ‘Lazarus’. KI er no so god at den kan skanne e-postane dine, bileta og videoane, ta eit 15 minutts opptak av stemma di og lage nye innlegg, svare overbevisande på telefonen, osb. Bevis på at nokon er i live har no teke på seg ei ny meining; ikkje stol på telefonsamtalar eller Internett-innlegg, dei kan lett forfalskast.
Konklusjon: Mange menneske vart utsett for folkemord i Kina. CCP har ei lang historie av massemord på dei som ikkje ville gå med på programma deira; før bløffdemien myrda dei minst 60 millionar og opp til 80 millionar i ein serie av kampanjar. Falun Gong har blitt forfølgde sidan 1999 fordi dei mediterer. Det nye kabalist/WEF-programmet vil ta verdas befolkning ned til ein milliard, og dei er langt på veg mot det målet.
Kven kan seie sikkert at massemord ikkje vart utført i andre land slik som USA eller EU? Dette er ein verdsomspennande operasjon av Satanist-kabalen.»
