Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
For å halde på sin offisielle status som det mest folkerike landet i verda, har kommunist-Kina visstnok drive og juksa med tala med ein overfaktor på rundt 100 millionar menneske.
Du las riktig: Kina «overtalde», for å sitere deira kommunistleiarar, befolkninga med minst 100 millionar menneske, visstnok for å «sjå meir skremmande og formidable ut», for å sitere ein mediereportasje.
Befolkningsløgnene som kjem frå Kina har visstnok vore ei greie ganske lenge no. Mange, mange år tilbake i tid har kommunistregimet blåse opp befolkningstala sine og rett og slett halde fram med å gjere det heilt til det ikkje lenger var mogleg.
Orsakinga til Kina er at dei rett og slett gjorde ein «feil». Men realiteten er at leiarane i landet visste nøyaktig kva dei gjorde ved å kome med ei alvorleg usanning om helsa i landet i form av talet menneske.
(Relatert: Å gjere alle homofile og «trans» er ein hovudkomponent i ein global avfolkingsplan, ifølgje eit memo frå 1969.)
Det er matematisk umogleg at den kinesiske befolkninga til og med skal ha nådd ein milliard menneske
I år 1900 var Kina sitt offisielle befolkningstal rett under 400 millionar. Mellom då og no vart landet råka av rundt 464 millionar overtalsdødsfall, som kjem i tillegg til vanlege kvardagsdødsfall.
Og likevel forventar ein at vi skal tru at Kina si befolkning i dag på eit eller anna vis er over 1,4 milliardar menneske, sjølv med dei strenge barnegrensene i landet, covid-tyranni og annan destruktiv politikk?
«Eg seier det er matematisk og fysisk umogleg,» fastslår ein reportasje. «At det ikkje kunne ha skjedd på den måten.»
«Eg trur ikkje Kina har 1,4 milliardar. Eg trur ikkje dei har ein milliard. Faktisk tviler eg litt på at dei nokosinne nådde ein milliard.»
Når sant skal seiast er Kina si befolkning i ferd med å krasje, akkurat som den er i mange delar av verda, inkludert i heile Vesten. Og akkurat som i Vesten, er Kina sin økonomi krympande og på randa av å implodere.
Kvifor Kina valde å snakke uriktig om, i det minste delvis, sine pynta befolkningstal, har no meir enn sannsynleg å gjere med den audmjukande handteringa deira av covid.
«Det er vanleg kunnskap at alle forsøka til Kina på å gjenskape menneskenaturen – eittbarnskampanjen, sosialkreditt-systemet, covid-politikken (eller berre covid, for den del) – er på kollisjonskurs ute i senteret av det dystre øydelandet der nasjonar går for å døy,» nemnde den same reportasjen i tidlegare påstandar.
«Nasjonalt sjølvmord på denne skalaen er noko som aldri har blitt sett før. Kva resultatet vil bli, er opptil alle å gjette, men det kan umogleg bli godt.»
Kina er sanneleg ikkje dei einaste som lyg, derimot. Vår eiga regjering ser ut til å sjeldan, om nokosinne, fortelje sanninga om noko som helst meir – so mykje at medlemmer av begge politiske parti er generelt avskydd av folket.
«Litt sånn som Demokratar, Demokrat-styrte delstatar, Republikanarar og Republikanar-styrte delstatar, sumpfolk, presidenten vår, Kongressen vår, leiaren i Justisdepartementet, leiaren i FBI, etterretningssamfunnet vårt, sjefsdommaren for høgsteretten, hovudstraumsmedia… ad nauseam,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet om USA og lygeproblemet.
«Kven lyg ikkje i dag? Faktum er at dette er norma og fullstendig akseptabelt. Sanninga er det som er so støytande i dag.»
Ein annan skreiv at Kina, for å kome tilbake til hovudtemaet i denne historia, er berykta for å «lyge om alt, inkludert styrken til økonomien sin».
«Lykke til til desse landa som handlar med yuan no i staden for dollaren,» la denne personen til som ei åtvaring.
«Vil dette skyve oss inn på krigsstien?» spurde ein annan.