Tom Renz om utbreidd fremjing av LGBT-ideologi i skulesystemet og sosiale media

Av Belle Carter, Natural News. Omsett av saksyndig.

Tom Renz kom med skarp kritikk av den massive fremjinga av LGBT-ideologi i både skulesystemet og sosiale media under ein nyleg episode av «Renz Rants».

Han siterte ein artikkel frå The Hill, som rapporterte at rundt ein av fire elevar no identifiserer seg som LGBT. Artikkelen nemnde ein rapport frå 27.april frå Centers for Disease Control and Prevention (CDC) som brukte 2021-data for å kome fram til den konklusjonen.

Ifølgje rapporten har talet LGBT-elevar skote opp til 26% i 2021 – meir enn dobbelt av dei 11% som vart registrert i 2015. Det står skrive at 12,2% av VGS-elevar identifiserte seg som biseksuelle, 5,2% som usikre, 3,9% som anna [seksuell orientering], 3,2% som homofile eller lesbiske, og 1,8% sa at dei ikkje forstod spørsmålet.

«Lat oss låst som om CDC ikkje lyg om absolutt alt,» sa Renz. «Det talet var 11% i 2005 [eigentleg 2015; oms.an.]. So vi har gått opp frå 11 til nesten 26% på seks år. Det som har endra seg er ein massiv marknadsføringskampanje for å overbevise og forvirre barn når det gjeld kva som er kjønnet eller seksualiteten deira.»

Advokaten frå the Buckeye State [delstaten Ohio; oms.an.] peikte på at medan ein verdset fridom i USA, er ideen om å fremje LGBT-ideologien ulik den ideen om å tolerere andre menneske. «Tolerert toleranse er ikkje ei akseptabel greie,» sa Renz. «Dei liberale fremjar den, og seier ‘åh, men de må omfamne den og de burde prøve den. Det er verkeleg fantastisk og det er endå betre. Vi ville alle elske om du identifiserte deg på den måten’.»

Renz trekte fram som døme eit landleg skulesystem nær han som organiserte eit tredagarskurs for åttandeklassingar som var sentrert rundt pornografi.

«Kva faen skal dei eigentleg snakke om i tre dagar? Det er i beste fall ein 15 minutts samtale. Korleis kan du køyre tre dagar om dette utan å fremje det? Eg er sikker på at ei av pornonettsidene donerer pengar for å finansiere det.»

Ohio-advokaten sørgja òg over reaksjonen til LGBT-støttespelarar mot Parental Rights in Education Act, som Florida-guvernør Ron DeSantis la fram i delstaten sin. Lova som feilaktig blir kalla «Don’t Say Gay Bill» [«‘ikkje sei homo’-lovforslaget»] forbaud i praksis undervisning i perversjon til elevar i barnehagen og opp til tredje klasse. LGBT-rørsla oppførde seg som om det var noko gale med å forby at slike ideologiar vart drilla inn i unge barn, la han til.

Det kvite hus signaliserer full støtte for transkjønnsideologi

Renz nemnde òg at Det kvite hus ope støttar LGBT-rørsla gjennom sine handlingar og politikk. Ved eitt tilfelle ønskte pressesekretær Karine Jean-Pierre – som sjølv er ope skeiv – velkomen skodespelarane frå det amerikanske TV-programmet «The L Word: Generation Q» i Det kvite hus.

Ho la vekt på at det er «utruleg viktig» for unge menneske å sjå rollefigurar i media som har livshistorier og identitetar som inspirerer dei til «å nå sitt høgste potensial». Jean-Pierre lovpriste transbarn som «motstandsdyktige» og «tapre», og la til at Biden-administrasjonen «står bak dei og støttar dei».

Bortsett frå Jean-Pierre, sa assisterande helse- og omsorgsminister dr. Rachel Levine – ei transkvinne som er open om tilstanden sin – òg at president Joe Biden fullt støttar det å dope og kirurgisk lemleste barn i kjønnsskiftet sitt namn. Direktør for USA sitt innanlandspolitiske råd, Susan Rice, og Surgeon General dr. Vivek Murthy var i tillegg vertar for ein rundbordsdiskusjon i Det kvite hus for å «bekrefte» kjønnsdysforiske barn og fastslå Biden si desiderte støtte til livsendrande kjemiske og kirurgiske kjønnsbekreftingsprosedyrar.

«Dette er høgst forbausande, folkens. Det er øydelegginga av samfunnet vårt. Det er absolutt skadeleg på alle måtar og former. Det har ingen som helst fordelar,» klaga Renz.

Heile den nemnde episoden av «Renz Rants» kan sjåast her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s