Av Stella Paul, American Thinker. Omsett av saksyndig.
Ein vakker dag, dersom USA blir redda, kan der kome eit museum for å minnast dei covid-døde. Der vil vere ei fløy for dei som vart drepne av sjukdommen som døydde heime etter å ha blitt nekta tidleg behandling. Der vil vere ei fløy for dei som døydde av vaksinen, og ei anna for dei som døydde av nedstengingane. Og det vil heilt sikkert bli dedikert ei fløy til dei som døydde på sjukehus på grunn av dødelege protokollar.
Sist veke utforska artikkelen min i American Thinker, «What Happened in Hospitals During Covid» det dødelege medsinregimet som pasientar vart offer for på sjukehus, ofte utan deira informerte samtykke. Artikkelen fekk mykje merksemd, og eg vart invitert på Bannon’s War Room for å diskutere den.
Som eit resultat byrja eg å høyre frå mange menneske om deira kjære sin pinefulle bortgang på sjukehus, og Twitter-nyheitsstraumen min byrja å likne på ein digital gravlund for å minnast dei elska sjelene som gjekk tapt.
Her er eit utval av smerta til dei etterlatne.
Frå ein lesar av American Thinker: «Ektemannen min var eit av offera for bruken av Remdesivir, og resten av den fryktelege protokollen som vart gjeven til han av Kaiser Permanente i California. Vi vart fullstendig isolerte frå han, nekta livreddande behandling som vi visste ville fungere, til dømes FLCCC-protokollen. Heile tida han var på sjukehus var traumatisk.»
Uheldigvis har desse historiene og tusenvis av liknande historier enno ikkje knust mediebarrikadane. Dei etterlatne lid i stillheit, åleine med sinnet og sorga si. Enkelte av dei arbeider med grupper for protokoll-etterlatne på nettet for å kjempe for rettferd, og for å minnast dei døde. Dei gjer sitt beste i ei verd som ikkje lenger liknar det USA dei kjende.
Legar og sjukepleiarar med sterk etikk-kjensle lid òg, og føler seg svikne av profesjonen som dei vigde liva sine til. Etter å ha lese artikkelen min skreiv ein lege:
«Det er nøyaktig slik artikkelen skildrar. Eg levde gjennom det med foreldra mine. Det var organisert drap. Sjukehusa fekk betalt per dødsfall, ikkje per redda liv. Incentiva var baklengs og snudd på hovudet. So fort nokon vart innlagt, miste familien kontakten og pasientane vart i praksis torturert til døde og hadde ingen rettar.
Dei vart nekta ein kontaktperson, om det var ein ektemake eller ein tilsett på sjukehuset. Dei vart tvinga til å ta legemiddel slik som Remdesivir, som håva inn tonnevis med pengar for Big Pharma og Fauci. Mareritthistoriene er sanne og verre enn dei du les i denne artikkelen. Mange av pasientane mine fortalde meg at dei heller ville ta sjansen og døy heime, enn å bli nekta rettane sine og bli torturert til døde på eit sjukehus. Eg høyrde mange mareritthistorier. Mesteparten av dette vart undertrykt av media.»
Skildringane hans vart gjentekne i vitnesbyrdet til sjukepleiaren Gail MacRae. [Saksyndig har ein artikkel om saka, som kan lesast her.]
Dersom sjukehusa faktisk var åstader for kriminalitet, må vi sjå på motivet til dei kriminelle. AAPS (American Association of Physicians and Surgeons [«amerikansk foreining for legar og kirurgar»]) har funne eit klassisk krim-motiv: pengar. Den føderale regjeringa betalte sjukehus fyrstelege bonusar for å handheve ein spesifikk, dødeleg protokoll. Kvart steg på vegen, frå pasienten ankom akuttmottaket til liket vart levert nede i kjølerommet til obdusentane, vart lydige sjukehus bada i føderale pengar.
I intervjuet mitt på War Room, spurde Natalie Winter, vedunderbarn-gravejournalisten som var programverten, meg å gå gjennom kvart steg av den føderale regjeringa sine bonusar til sjukehusa. Her er dei, som lista opp av AAPS:
- Ein «gratis» påkravd PCR-test i akuttmottaket eller ved innlegging for kvar pasient, med eit regjeringsbetalt gebyr til sjukehuset.
- Tilleggsbonus-utbetaling for kvart positive covid-19-diagnose.
- Ein bonus til for ei covid-19-innlegging på sjukehuset.
- Ei 20% «boost»-bonusutbetaling frå Medicare på heile sjukehusrekninga for bruk av remdesivir i staden for legemiddel slik som Ivermectin.
- Ei ekstra og større bonusutbetaling til sjukehuset dersom ein covid-19-pasient hamnar i respirator [«mekanisk ventilert», som ei omsetjing av den opphavlege ordlyden; oms.komm.].
- Meir pengar til sjukehuset dersom dødsårsaka er skriven opp som covid-19, sjølv om ein pasient ikkje døydde direkte av covid-19.
- Ein covid-19-diagnose gjev òg ekstra utbetaling til obdusentane.
Eg fortalde òg Natalie om ei anna covid-utbetaling som kom etter turen ned på bordet til obdusenten. Då ektemannen min døydde på ein nedstengt sjukeheim i New York, fekk eg eit brev frå regjeringa som informerte meg om at dersom eg kunne få ein lege til å slå fast at han døydde av covid, ville dei hjelpe meg med å betale utgiftene til gravferda hans. Eg heiv brevet i søpla.
Tusenvis av amerikanske familiar har blitt smadra i småbitar av den katastrofale sjukehusresponsen på covid. Den føderale regjeringa subsidierte ein protokoll som var dødeleg, so resultatet var mange fleire døde. Eg ber og håper at alle familiane greier å finne rettferd for sine kjære.