Av Ethan Huff, NewsTarget. NewsTarget er systersida til Natural News. Omsett av saksyndig.
Ein tidlegare sjukepleiar i delstaten California som fekk sparken for å nekte å bli «vaksinert» mot Wuhan koronavirus (covid-19), snakkar ut om all skrekken ho var vitne til og måtte halde ut medan ho arbeidde gjennom «pandemien».
Gail Macrae seier at ho brukte å støtte organisasjonar som Centers for Disease Control and Prevention (CDC) og American Medical Assosiation (AMA) før covid. Kva ho såg og fekk ordre om å gjere mot pasientar som del av regjeringa sine offisielle covid-protokollar endra derimot synspunkta hennar fullstendig.
Før ho vart oppsagt jobba Macrae på sjukehus, inkludert i akuttmottaket som sjukepleiar, og ho er òg jordmor. Ho var tilsette ved Kaiser Permanente Santa Rosa Medical Center frå 2015 til 2021, då Operasjon Warp Speed vart lansert av Trump-administrasjonen.
Rundt våren 2020 då covid verkeleg vart sett i høggir, byrja Macrae å leggje merke til avvik mellom det som media rapporterte og det som faktisk skjedde på arbeidsplassen hennar.
«Dei var aldri fulle av pasientar,» sa Macrae om korleis sjukehuset hennar var alt anna enn «overfløymt», slik som nyheitsmedia uriktig rapporterte på den tida. «Faktisk, heilt frå byrjinga av covid, men under heile det fyrste året av denne pandemien hadde ikkje berre sjukehuset under-belegg, men eg fekk òg vaktene mine avlyst.»
(Relatert: Hugsar de då Sarasota Memorial Hospital i Florida vart tekne på fersken i å prøve å myrde pasientar for å blåse opp covid-tala sine og få «pandemien» til å sjå meir skremmande ut?)
Kor mange andre sjukepleiarar vart bedne om å bryte etikk og moral ved å myrde pasientar med remdesivir og respiratorar?
Macrae si stilling ved sjukehuset var per diem, noko som tydar at ho ikkje kunne skape sin eigen turnus og velje når ho skulle arbeide. Titt og ofte dreiv sjukehuset og avlyste vaktene hennar fordi der rett og slett ikkje var nok pasientar som var innlagt og trong bistand.
Det viser seg at dette var «standarden» gjennom vinteren 2020 òg, som visstnok skal vere då covid-tilfella var ute av kontroll. Ved berre to høve var sjukehuset fylt av pasientar, men Macrae seier at dette ikkje var uvanleg til å vere den tida på året, covid eller ikkje.
Det einaste som endra seg på den tida var at Macrae og kollegaene hennar vart tvinga til å fortelje familiane til pasientar at dei ikkje kunne besøke sine kjære, noko ho følte «braut» etikken og moralen hennar.
Macrae vart òg tvinga til å administrere dødelege legemiddel slik som remdesivir, som Tony Fauci profitterte direkte på – men det fungerer ikkje til å behandle covid. I mellomtida fekk sjukehuspersonelet forbod mot å administrere hydroksyklorokin og ivermectin til pasientar.
«Og vi såg inga forbetring,» seier Macrae om dei offisielle covid-protokollane som ho vart tvinga til å administrere. «Og faktisk såg vi at pasientar fekk multiorgansvikt.»
Verken CDC eller AMA endra nokosinne politikken sin, trass at folk døydde i hopetal, noko som viser at desse organisasjonane ikkje kan stolast på. Frå Macrae sitt synspunkt tilsvarer det som dei fortalde helsearbeidarar å gjere under covid «medisinsk mord».
«Eg trur at det kjem frå kombinasjonen, det er remdesivir, det er isoleringa av pasientar. Det er veke etter veke med, du veit, ingen tilgang til mat og vatn,» sa ho om korleis desse protokollane unaudsynt enda liva til mange pasientar.
«Alle desse protokollane, skremselspropagandaen, isoleringa, dei giftige legemiddela – eg gjekk derifrå og følte eg hadde vore delaktig i medisinsk mord.»
Etter at «vaksinane» vart sleppte laus under Operasjon Warp Speed, byrja Macrae å sjå ei stadig aukande tilstrøyming av pasientar som hadde blitt råka av hjarteinfarkt eller slag – eller det som på det medisinske feltet er kjent som «code blue»-hendingar.
«Og ni av ti gonger var desse code blues på det lågare nivået, ned til klinikken, der dei dreiv og injiserte folk,» sa Macrae. «Og [to av] mine kollegaer fekk faktisk anafylaktisk sjokk etter å ha fått sprøytene.»