Som dette innlegget på nettstaden Quora viser, er ikkje den nordiske modellen berre fryd og gaman. Her fortel finnen Joel Kivelä om den mørke sida til velferdssystemet i hans eige heimland:
I Finland, sjølv om det er nesten ingen heimlause, og trass kvaliteten og omfanget til den skattebaserte velferda og helseomsorga, er det verkeleg lett å falle utanfor det normale samfunnet og bli fullstendig nyttelaus. Det er svært mogleg å berre bu arbeidslaus heime og aldri forlate leilegheita eller treffe nokon, berre bestille mat, varer og hushaldningsartiklar på nettet og få dei levert på døra, og til og med då ikkje sjå den som leverer.
På toppen av dette er legemiddel i dag meir tilgjengelege enn nokosinne, slik at sjølv enkelte eldre førskuleungar no veit korleis ein bestiller piller frå sosiale media eller det mørke nettet. Det er ulovleg å selje alkohol på nettet for heimlevering, so alkoholikarar må i det minste besøke polet med jamne mellomrom.
Mange unge menneske veit alt dette, og dersom åra deira på skulen har vore meir eller mindre uuthaldelege og framtida verkar usikker og/eller fylt av umotiverande arbeid, er det ein enkelt veg vekk frå alt ansvaret og dei sosiale forventingane knytt til vaksenlivet, å berre bli ei «velferdsrotte» som snyltar på systemet og held fram med å leve slik dei gjorde med foreldra, eit bekymringslaust tilvære framfor TV-en, datamaskina, eller spelkonsollen, med søppelmat og ymse rusmiddel, og kanskje til og med sex med tilfeldige nett-datar som fører ingenstad.
Sidan menneske ikkje er laga for å vere passive gardsdyr som lever i stallar, fører denne hedonistiske livsstilen til alvorlege mentale helseproblem over tid som forverrar sjølve situasjonen. Problemet er velkjent og statsmedia har til og med produsert fleire dokumentarar som følgjer eit breitt utval av unge menneske med den nemnde livsstilen.
Likevel ser ingen ut til å sitje på ei løysing, sidan velferdssystemet tilbyr ein kritisk viktig trampoline for mange skattebetalande borgarar som opplever mellombelse tilbakeslag eller sjukdom, og dei venstre- og senterorienterte politikarane er svært motviljuge til å bruke pisken meir enn gulrota for å verkeleg endre sysselsetjingsprosenten.
Rotårsakene ligg djupt i utdanningssystemet, i dårleg oppdraging, og generelt i den moderne kulturen som raskt endrar seg ved hjelp av teknologi, utan at det sosiale systemet greier å halde følgje.
Å jobbe 7,5 timar om dagen fem dagar i veka i staden for å ikkje jobbe i det heile, utgjer ikkje slik ein stor skilnad på levestandarden lenger dersom store delar av den luksusen inneber eit liv bak skjermen, eller dersom ei større inntekt for det meste tydar fleire luksusmerke, som har ingenting å gjere med kvalitet eller behov.
Sjølv den fattigaste velferdsrotta i dag lever betre enn kongane tilbake i mellomalderen.
Dersom det er vanskeleg å lese mellom linjene, handlar svaret om dei relativt mørke biverknadene til eit høgt utvikla egalitært velferdssamfunn. Ikkje om korleis Finland på ein eller annan måte er verre enn mange andre stader. Kvart land har sine eigne problem som dei strevar med.
Med Finland er det den aldrande befolkninga og den aukande statsgjelda: kvart år får vi meir pensjonistar og fleire som hamnar utanfor arbeidslivet og lever på trygd, medan vi får stadig færre arbeidande skattebetalarar og større føretak som støttar heile systemet. Dette er dei verkelege problema som politikarane og regjeringa vår strevar med. Å argumentere at der ikkje er nokon reelle problem, berre fordi vi ikkje lever i ein moderne dystopi, er berre uvetande og sprøtt.
Eg ville ikkje ha budd andre stader, men det tydar ikkje at Finland er perfekt og at ingenting nokosinne treng å endre seg.