Amerikansk general drit seg loddrett ut i intervju om Ukraina-krigen

Jau da, USA sin politiske elite er verkeleg så villfaren

Av Larry Johnson, Sonar 21.com. Omsett av Monica Sortland for Derimot.

Eg er glad eg har lesarar som bur utanfor USA sine grenser, og ikkje kan ta temperaturen på kroppen politikk. Det er eit av mine mål – altså forklare den samfunnsmessige galskapen som er breitt spreidd, særleg innan den etablerte politiske klassen. Eit illustrerande døme: den pensjonerte generalen David Petraeus.

Han blir intervjua av Radio Free Europe/Radio Liberty og stadfestar, etter svara hans å dømme, at han enten er ein av dei dummaste mennene med fire stjerner på brystet, eller ein av dei intellektuelt uærlegaste. Kanskje begge delar.

La meg gi deg nokre av  lågpunkta frå intervjuet:

RFE/RL: Kor står vi no i Ukraina-krigen?

David Petraeus: Eg trur vi står nær enden på den russiske vinteroffensiven, som så langt ikkje har nådd måla sine, og som truleg vil kulminere utan å nå dei måla. Og sjølv om [russiske styrkar] til sist tar Bakhmut, så vil det ha kome til ein så høg pris at det vil ha vore ein uklok offensiv.

Og så ventar vi på den forventa ukrainske offensiven på seint i vår/førsommaren, som vil vise fram Vestlege stridsvogner, Vestlege infanterikampkøyretøy, artilleri og eit utval andre system, og den typen trening og avdelingsutvikling som for første gong i denne krigen vil la Ukraina oppnå kombinerte våpen-operasjonar – noko Russland ikkje har gjort, og noko ukrainarane gjorde, til ein viss grad, i Kharkiv-offensiven sist haust.

«Enden på den russiske vinteroffensiven»? David har tydelegvis ikkje skjønt at våren starta for ein månad sidan, og russarane viser ingen teikn til å ville trekke seg. Og kva var dei russiske måla? Eg har 1000 dollar til den som greier å vise meg ei liste over russiske mål for «vinteroffensiven». Dei einaste måla eg har sett i media, er demilitarisering, de-nazifisering og å få slutt på artilleriangrepa på Donbas. Og russarane har aldri spesifisert noka tidslinje. Med andre ord: Petraeus driv med stråmannsargumentasjon.

Så har vi tvangsførestillinga om Ukrainas nært føreståande motoffensiv. Eg veit ikkje om ein einaste vellykka militærkampanje nokon gong i historia som vart starta med gjentatte offentlege proklamasjonar om ein «nært føreståande motoffensiv». Den typen ubegripeleg brot med militærdoktrinen får tene som ei påminning om kor mislykka David Petraeus var som militærkommandant og som CIA-direktør.

Og kva med dei «Vestlege stridsvognene» som skal vende krigen? General David vil kanskje revurdere spådommane sine etter framsyninga av «evnene» til eit par ukrainske tank-førarar denne veka, på ein treningsbase i Polen: 

Ein Leopard 2A4 overført til Ukrainas væpna styrkar (AFU), køyrde under trening i Polen inn i ei anna stridsvogn og reiv av kanontårnet på den.

Petraeus held fram:

Så det er der vi er. Vi fullførte eit år der Russlands tapte slaget om Kiev, tapte slaget om Kharkiv, tapte slaga om Sumy, Tsjernihiv og Kherson, og dei har ikkje oppnådd vintermåla sine. Og no vil [dei] bli møtte med ein vår- og sommaroffensiv frå nye ukrainske styrkar som er under opptrening og blir utrusta i Tyskland, Polen, Storbritannia og Ukraina, som eg trur vil oppnå det Ukraina set seg føre å gjere.

La oss ein augeblink ignorere at Russland gjorde taktiske retrettar og ikkje engasjerte seg i nokre av dei såkalla slaga som Petraeus ramsar opp. Han utelet den kjensgjerninga at Russland igjen og igjen har slått Ukraina i republikkane Lugansk og Donetsk og forårsaka massive tap for Ukraina i prosessen. Kva med Mariupol? Ikkje berre slo russarane godt forskansa ukrainske styrkar, men dei bygg no og opp att byen i raskt tempo.

RFE/RL: Kva trur du skulle vere målet for ein slik ukrainsk motoffensiv?

Petraeus: Eg trur det vil bli todelt. Eit vil vere å sikre at russarane ikkje greier å forsterke eller sende nye forsyningar til Krim via den søraustre delen av Ukraina — så å kutte den bakkekommunikasjonslinja dei skaffa seg med offensiven sin sist vår og sommar. Og deretter, det andre, å framkalle oppsmuldringa, kanskje til og med kollaps, av russiske styrkar i eit breitt område av sørlege Ukraina, etterkvart som dei frigjer meir av det ukrainske territoriet som russarane tok i fjor.

General Dave har tydelegvis ikkje tatt seg tida til å lese grundig igjennom dei lekka US-amerikanske militære debrifingsdokumenta som rapporterer om den fullstendige øydelegginga av Ukrainas luftvernsystem innan midten av mai. Han ignorerer også teikna på at dette stemmer, ettersom russarane trappar opp talet på enkelttokt med fly som leverer monster-glidebomber. Og så er det den kjensgjerninga at Russland dei siste åtte månadane har vore opptatte med å bygge opp sterke forsvarsstillingar, stappfulle med «dragetenner», minefelt og artilleri retta mot innfartsårer.

RFE/RL: La meg spørje deg nærare bestemt om Bakhmut. Leiaren forU.S. Joint Chiefs of General Staff, general Mark Milley, sa nyleg atukrainarane har gjort byen om til eit slaktehus av russarar, at dei får rundjuling der. Kan dette ha vore den ukrainske planen heile tida, å bruke såkalla flaskehalstaktikk og tynne ut i rekkene av russiske soldatar? 

Petraeus: Eg veit ikkje om det var heile tida, men det har tydelegvis blitt det over tid. I starten trur eg at sjølv ukrainarane vil ha observert at Bakhmut ikkje har noka reell, sann geografisk betydning; det er ikkje noko stort knutepunkt for tog eller vegar på den måten visse andre plassar er. Men eg trur dei etterkvart forstod verdien av å forsvare eit urbant område mot ein styrke som svært uprofesjonelt berre kasta soldatar inn i denne spesielle heksegryta og let desse soldatane – som general Milley uttrykte det – få bank. Tapa har vore slåande, medan vinsten berre har vore minimal og utruleg dyr. Og eg trur at med tida også president [Volodymyr] Zelenskiy klart byrja innsjå behovet for å ikkje gi russarane noko dei kunne framstille som ein siger eller som at russiske styrkar nådde måla dei sette for seg sjølve.

Velkomen til twilight zone. Mine utlandske lesarar lyt forstå at Petraeus genuint trur på dette våset, sjølv om offisielle mediereportasjar tydeleg viser at Russland ikkje lir massive tap og ikkje angrip i menneskebølger. Størstedelen av kampane blir gjort av Wagner-gruppa, og dei brukar taktikk som minimerer eigne tap medan dei gjer ukrainske stillingar om til likhus. No rapporterer til og med ukrainske kjelder om at dei ukrainske styrkane har blitt pressa ut av 90% av Bakhmut, og russarane øydelegg gladeleg avdelingar og utstyr som prøver å forsterke desse kringsette uki-soldatane. 

Toppen av forvirring hos general David blir avslørt i denne «analyse»-biten:

Men det ukrainarane vil gjere i den komande offensiven, det kjem til å bli heilt noko anna. Det vil bli kombinerte våpenoperasjonar, noko russarane aldri greidde, ikkje ein gong i starten, trass i at dei hadde hatt månadar med utplassering i Belarus (Kviterussland) og i Russland på Ukrainas grenser, då dei kunne ha trent for denne typen oppgåver. Det er ein slåande tabbe, etter mitt syn. Viss du hadde gitt meg, som kommandant, månadar på å trene til ein invasjon, så trur eg eg ville ha gjort ein god del betre jobb.

Eg har to ord til general Dave — Irak, Afghanistan. Kva slags store sigrar vann han i dei to teatra? Svaret er ingen. Og han var ikkje konfrontert med skyttergravsstyrkar med artilleri og HIMARS, og tanks, og han greidde ikkje å slå geriljastyrkar væpna med rifler og ein og annan bombekastar. Han har aldri hatt kommando i nokon kamp mot styrkar som brukar kombinerte våpen. Dette er berre nok eit døme på hans arroganse og manglande evne til kritisk tenkning.

Eg er ikkje sjokkert over grunnheita og ignoransen til Petraeus. Det var dei kvalitetane som let han tene seg fire stjerner via sin dyktige praksis innan kunstarten spyttsleikeri. Og eg reknar med at somme av protesjéane hans, som er utrusta med same grad inkompetanse, sit i kommandoposisjonar klare for å føre US-amerikanske styrkar ut i katastrofen.

Eg trur ikkje at Petraeus er engasjert i nokon psy-op designa for å lulle russarane inn i sjølvtilfredsheit. Men russiske militæranalytikarar må vel klø seg i hovuda over general Dave sine komplette feilframstillingar av kva som har skjedd i Ukraina sidan februar 2022 og spørje seg «Er dei amerikanske generalane verkeleg så dumme?» Eg veit ikkje om det gjeld alle USAs generalar, men når det gjeld David Petraeus, er svaret eit ljomande JA!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s