Dei kallar det «våpenisert» tale
Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.
Lat oss ta det fyrste fyrst: Dersom vi på eitt eller anna vis kunne kommunisere med grunnlovsfedrane, ville dei bli forferda over kor avgrensa ytringsfridommen har blitt, og at den til og med har blitt kriminalisert i landet som dei grunnla og gav over til oss.
Til dømes ville dei bli sjokkerte over lover mot sokalla «hattale» som a) svært ofte berre er ytringar som ein eller annan politisk lurendreiar som læst som han er aktor påstår er «hatefullt», og b) kan vere ubehagelege og til og med avskyelege ord og ytringar som fornærmar det store fleirtalet i landet vårt – men som likevel ikkje svertar, krenkjer eller ber falskt vitnemål mot nokon.
Men vi har blitt so vande med å late folk som vi vel for å representere oss diktere korleis vi kan og ikkje kan uttrykkje oss sjølve, noko vi ser bevis for i Biden-regimet si straffeforfølging av fire amerikanske borgarar som sa ting som regimet rett og slett ikkje lika.
«Biden-administrasjonens Justisdepartement har akkurat tiltala fire medlemmer av African People’s Socialist Party (APSP) for å konspirere for å agere agentar frå Russland ved å bruke tale og politisk handling på måtar som Justisdepartementet seier «våpeniserer» First Amendment-rettane til amerikanarar,» skriv Caitlin Johnstone på heimesida si. [First Amendment regulerer mellom anna ytringsfridom; oms.an.]
Ifølgje Washington Post, ein «medie»-formidlar frå djupstaten, tok føderale styresmakter på tysdag [18.april 2023] ut tiltale mot fire amerikanarar fordi dei visstnok var involverte i ein vondsinna kampanje som regimet påstår var retta mot å fremje pro-Kreml-propaganda i Florida og Missouri. Tiltala er utvida frå ei tidlegare sak der ein russisk operativ var tiltala for å styre ulovlege påverknadsagentar i USA.
The Post skriv vidare:
«FBI signaliserte at dei var interesserte i dei påståtte aktivitetane i ein serie raid sist sommar, der styresmaktene til slutt tiltala ein Moskva-mann, Aleksandr Viktorovich Ionov, for å arbeide fleire år på vegner av russiske embetspersonar for å finansiere og styre politiske utkantgrupper i USA. Blant andre ting skal Ionov visstnok ha vore rådgjevar for dei politiske kampanjane til to uidentifiserte kandidatar for eit offentleg embete i Florida.
Ionov sine påverknadsforsøk vart visstnok styrt og overvaka av offiserar frå FSB, ein etterretningsteneste tilknytt den russiske regjeringa. No har styresmaktene lagt til tiltalar mot fire amerikanarar som visstnok følgde ordrar frå Ionov via grupper som inkluderer African People’s Socialist Party og Uhuru-rørsla i Florida, Black Hammer i Georgia, og ei uidentifisert politisk gruppe i California – del av eit forsøk på å påverke amerikansk politikk.»
Veit de kva Demokratar og Republikanarar prøver å gjere kvart andre og fjerde år? «Påverke amerikansk politikk.»
Visste de kva den venstreorienterte, anti-Trump djupstaten gjorde i 2020 for å «påverke» utfallet av dei vala? Dei forstyrra valprosessen ved å lyge om at Hunter Biden sin laptop var «russisk propaganda», og fekk sine allierte innan Big Tech og media til å avfeie eller undertrykkje den historia.
Ifølgje AFP kan konspirasjonstiltalen mot dei fire personane resultere i ein ubetinga dom på opptil ti års fengsel. Tre av dei fire APSP-medlemmene vart òg tiltala for å agere som uregistrerte agentar for Russland, som kan resultere i ytterlegare fem års fengsel.
«Russlands utanlandske etterretningsteneste brukte visstnok våre First Amendment-rettar som våpen – fridommar som Russland nektar sine eigne borgarar – for å skilje og forstyrre val i USA,» sa assisterande advokatgeneral Matthew G. Olsen i Justisdepartementet si pressemelding knytt til siktingane. Han la til: «Departementet vil ikkje nøle med å eksponere og forfølgje dei som sår splid og korrumperer val i USA som teneste for fiendtlege utanlandske interesser, same om dei skuldige er amerikanske borgarar eller utanlandske personar.»
Max Blumenthal, redaktør for The Gray Zone, sa at skuldingane er pølsevev – meir av den same Russland, Russland, Russland-bløffen som dei gjorde mot Trump.
«Denne falske og rasistiske saka flyt frå Russiagate-hysteriet som overbeviste millionar av amerikanarar om at Russland betalte dissident-grupper for å destabilisere det amerikanske politiske systemet. FBI var ikkje i stand til å finne noko reelt, so dei la seg etter African People’s Socialist Party i staden,» skreiv han på Twitter.