Dr. Mercola åtvarar: Enkelte amerikanske kjøtprodukt har blitt forgifta med mRNA-vaksinar i ÅREVIS!

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av saksyndig.

Nye reportasjar viser at visse kjøtprodukt har blitt forgifta med mRNA-vaksinar i årevis, og der er planar om å utvide kva slags kjøtprodukt som blir injiserte med mRNA-vaksinar.

Forsking av dr. Joseph Mercola viser at amerikanske svinekjøtprodukt har brukt tilpassingsmoglege mRNA-baserte vaksinar på flokkane sine sidan 2018. (Relatert: Staten og Big Pharma planlegg å forgifte matforsyninga ved å injisere dyr med mRNA-vaksinar.)

«[Svinekjøt] er ein av dei mest populære kjøttypane i verda utanfor Midtausten og liknande stader… og dei tilset allereie [mRNA] i matforsyninga,» åtvara Josh Sigurdson i World Alternative Media.

«Der er evidens for at der allereie er mRNA-teknologi i kjøt i matvarebutikkane,» la han til. «Big Ag [Stor-landbruket] har allereie kickstarta planen ved å injisere grisar… med mRNA-genterapi.»

Det Mercola sin reportasje tydar er at amerikanarar sannsynlegvis har ete svinekjøtprodukt behandla med genterapi-mRNA-vaksinar i nesten fem år allereie.

Reportasjen la til at det er umogleg å avgjere kor mange svinekjøt-produsentar som har injisert flokkane sine med mRNA-vaksinar. Vidare kan ein òg trygt anta at sokalla organiske svinekjøtprodukt òg kan vere forgifta, sidan organiske standardar ikkje har nokon reglar rundt bruken av vaksinar, langt mindre mRNA-baserte vaksinar.

«Det verkar rimeleg å anta at nesten alle storskala-svinekjøtprodusentar har utført denne overgangen,» skreiv Mercola. Han åtvara vidare at fleire og fleire kjøtprodukt i USA sannsynlegvis kjem til å bli behandla med mRNA-vaksinar.

mRNA-vaksinar kan snart forgifte forsyningar av storfekjøt og fjørkre

Åtvaringa til Mercola har blitt bekrefta av fleire kjelder, inkludert den Ohio-baserte advokaten Thomas Renz, som åtvara at Big Pharma-selskap slik som Merck og Moderna planlegg å utvide tilgangen til desse uregulerte, eksperimentelle teknologiane til heile matforsyninga for å massevaksinere den amerikanske befolkninga.

«Vi veit at [Big Pharma] faktisk kan lage det som blir kalla ‘overførbart mRNA’. Og det tydar at dei kan setje dette stoffet inn i eit dyr slik at det overfører det til alle som et kva enn dei et, og dei blir vaksinerte,» sa Renz. «So dei kan gjere slik at dette hamnar i planter, i dyr, i ymse ting.»

National Cattlemen’s Beef Association [«kjøtforeininga for nasjonale storfebønder»] nekta for at dei har tillate mRNA-vaksinering for storfekjøt i USA.

«Der er på noverande tidspunkt ingen mRNA-vaksinar som er lisensierte for bruk hjå storfe i USA,» sa foreininga i ei melding. Derimot sa ein lobbyist for foreininga at spesifikke flokkar allereie har blitt «dobbeltvaksinert» med mRNA-vaksinar mot luftvegssjukdom hjå kyr.

Vidare utvikla selskapet Harrisvaccines – seinare kjøpt opp av Merck-dotterselskapet Merck Animal Health – allereie ein mRNA-vaksine for fugleinfluensa i 2015, lisensiert same året for bruk på fjørkre. Nyare mRNA-lipid-nanopartikkel-sprøyter for fugleinfluensa er òg i ferd med å bli laga.

Renz åtvara i eit intervju at visse Big Pharma-selskap, i samarbeid med National Institutes of Health (NIH), kan ha hatt som mål å infisere matforsyninga med mRNA-vaksinar i over 20 år.

«Eg har dokument frå NIH – frå 2002 – som snakkar om å integrere vaksinar inn i matvarer,» sa Renz. «Dei har jobba med å integrere desse inn i matforsyninga vår. Dei har jobba med det i minst to tiår.»

Renz sa at ein måte forbrukarar kan unngå å ved eit uhell ete mRNA-produkt, vil vere gjennom krav om at matprodukt blir merkte. Ein delstat – Missouri – har no eit lovforslag som er til behandling i det delstatlege lovverket der ein krev slik opplysning.

«Dersom vi ikkje får opplysning [om mRNA-innhald], dersom vi ikkje vedtek nokon lover om informert samtykke, er det som skjer er at alle de som stod sterke og sa nei til desse mRNA-vaksinane, de vil få dei likevel gjennom maten dykkar,» sa Renz.

I denne episoden frå World Alternative Media diskuterer programleiar Josh Sigurdson evidensen som beviser at kjøtforsyninga allereie har blitt forgifta med mRNA.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s