Ortopedisk kirurg som fekk covid-«vaksine» og utvikla karriere-endande helsetilstand seier at han har blitt forlaten av sine kollegaer

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Berre sju dagar etter å ha blitt «vaksinert» mot Wuhan koronaviruset (covid-19), utvikla den ortopediske kirurgen dr. Joel Wallskog ein karriere-endande helsetilstand kalla transvers myelitt, som forvandla han frå ein «fullstendig frisk 50-åring» til ein «funksjonshemma ortopedisk kirurg som det var umogleg å ha i arbeid».

(Kommentar frå saksyndig: Transvers myelitt er same sjukdommen som tilbake på 1980-talet råka legen, professoren og føredragshaldaren Ingvard Wilhelmsen, noko han har både skrive om i bøkene sine og snakka om på føredraga sine.)

I gode, gamle dagar ville Wallskog ha fått mykje kjærleik og støtte frå kollegaene sine på grunn av hans tragiske lagnad, men på grunn av den politisk ladde naturen til Fauci-influensa-sprøytene vart Wallskog forlaten av andre i hans profesjon, som tydelegvis er for redde eller hjerneskadde til å gje han noko som helst slags støtte.

«Eg var ein tvers gjennom frisk 50-årig person utan nokon eigentlege helseproblem, fram til rundt sju dagar etter min fyrste – eller skal eg heller seie einaste Moderna-dose – som eg fekk 30.desember 2020,» fortalde Wallskog medverten Rachel Campos-Duffy i Fox & Friends Weekend under ei nyleg deltaking der.

«So eg var altso frisk fram til sju dagar etter sprøyta.»

Campos-Duffy gav han si største medkjensle og spurde Wallskog «kva skjer vidare» med han og «kven tek ansvar for dette», noko han svarte følgjande på:

«Det som skjer er at du er forlaten. Du får sprøyta di, du gjer det du trur er riktig, og du gjer på ein måte din del, og so plutseleg står du der heilt åleine. Og det eg seier er at mange av dei som er skadde er eigentleg forlatne frå ein fysisk, finansiell og emosjonell ståstad.»

(Relatert: Tidleg i bløffdemien åtvara dr. Patricia Lee, ein akuttlege, om at covid-sprøyter fekk mange «fullvaksinerte» pasientar til å utvikle den typen livsendrande helsetilstandar som den Wallskog vart råka av.)

Big Pharma håva inn milliardar medan dei unngjekk alt ansvar for vaksineskadar og dødsfall

Ikkje noko av dette ville ha skjedd dersom den farmasøytiske industrien ikkje hadde blitt gjeve fullt fritak frå ansvar av Kongressen og Trump-administrasjonen like før lanseringa av Operasjon Warp Speed.

Dersom vaksinekonsern slik som Moderna hadde blitt haldne strafferettsleg ansvarlege for alle negative utfall av produkta sine, hadde dei ikkje kunne håve inn «milliardar av dollar», ifølgje Wallskog, medan dei unngjekk «brorparten» av vaksineskadane og dødsfalla.

Wallskog, som erkjenner at der er mange andre slik som han der ute som no er skadde og som har ingen måte å få erstatning, har danna ein organisasjon for å hjelpe andre i same situasjon som han å overleve konsekvensane av deira villeia avgjerd om å bli injiserte.

«Det er dei eg kjempar for,» sa Wallskog. «Og heldigvis er eg finansmessig stabil, men eg kjempar for dei som ikkje er det. Og det er difor eg har starta ein organisasjon for å prøve å hjelpe og støtte dei.»

«Du veit, der er ikkje noko pharma-fond, og der er eit fond kalla – via staten – CICP eller Countermeasures Injury Compensation Program [«Erstatningsprogram for tiltak mot skade»; oms.an.]. Men per dags dato har programmet berre betalt ut tre krav som til saman utgjer mindre enn 5000 dollar. Og uheldigvis er avslagsprosenten for dei som er skadde på 96,5%.»

Ifølgje Reuters vart det sendt inn meir enn 7500 offisielle krav med påstandar om vaksineskadar ved slutten av kalenderåret 2022. Av desse har 68 krav blitt nekta erstatning.

«Det har øydelagt oss,» seier Wallskog om nettsensuren som han og andre offer møter på når dei prøver å dele historiene sine på sosiale media.

«Eg meiner, som de veit, gjennom Twitter-filene eller data-dumpinga frå Twitter, erkjente dei til og med i filene at historiene om vaksineskadde var sanne; dei vart instruerte om å sensurere dei. Og det er øydeleggjande for oss, fordi mellom anna ved hjelp av denne erkjenninga kan vi, håper vi, få diagnose og behandling.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s