Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
I løpet av dei siste ti åra – og spesielt sidan «covid» vart sleppt laus – har presset for å normalisere transkjønnsideolog og transhumanisme blitt hovudstraums. Og ifølgje gravejournalisten og feministen Jennifer Bilek, står mektige interesser på toppen bak dette nøye utpønska overfallet mot menneskeheita.
I følgjande intervju legg Bilek ut om historia bak alt som har med trans å gjere. Mykje av det fekk si byrjing på 1940-talet gjennom arbeidet til ein fyr ved namn William Sims Bainbridge, ein avgangsstudent frå Harvard universitet og sosiologiprofessor som skreiv om sekter, religionar, teknologi, spel og framtida til psykologisk tankekontroll.
Bainbridge jobbar no i leiinga til National Science Foundation sitt Cyber Human Program, som Bilek seier har fokus på å blande menneske med cyber, eller blandinga av menneske med maskiner – det er der terminologien transhumanisme kjem frå.
Transkjønnsideologi er eit middel for å entre transhumanisme og den endelege overgangen til eit kroppslaust tilvære i cyberspace eller «metaverset»
Som Bilek forklarer, byrja transpresset fyrst å få fart på seg seint på 1990-talet og tidleg 2000-tal, då kulturen flytta seg frå den analoge til den digitale tidsalderen. Dette trekte med seg presset for kunstig intelligens (AI), transhumanisme, robotar, nanoteknologi, bioteknologi med meir.
«Dette er omtrent der vi er på veg no,» forklarer ho. «Silicon Valley har drive og pusha ein transhumanist-agenda.»
Rundt den tida møtte Bainbridge ein fyr ved namn Martine Rothblatt, som òg er ein transhumanist. For å gje deg ein idé om kven Rothblatt er, er han ein transperson med ei robot-«kone».
Rothblatt skreiv ei bok som tener som blåkopien for kva som skjer i kulturen akkurat no. Ideologien hans, som skriv seg frå den til Bainbridge, har som mål å fjerne grensa mellom kjønna, som tydar ingen ungdom eller alder, og ingen mann eller kvinne.»
«Transhumanisme er fråværet av grenser – overføringa av reproduksjon til tech-sektoren,» seier Bilek.
Det fyrste lovverket knytt til kjønn fekk sin start på 1980-talet rundt eit tiår tidlegare, og la grunnsteinen for den etterfølgjande overgangen for menneske til eit kroppslaust tilvære i cyberspace, eller virtuell røyndom, eller det som etter kvart har blitt kjent som «metaverset».
Måten dei har drive og kondisjonert folk heilt sidan den tid til å akseptere dette, er gjennom transkjønnsideologi. Via skulen, Hollywood, sosiale media og andre ting som barn synest er tiltrekkjande, driv Rothblatt-ane i verda og kondisjonerer den neste generasjonen til å akseptere den ideen at du kan velje ditt eige kjønn, noko som til slutt vil føre til at menneske blir «lasta opp» i metaverset.
Ting byrja verkeleg å ta av i 2014 då Laverne Cox dukka opp på framsida til TIME Magazine. Sidan den gong har det vore trans for alle pengane.
Bilek seier at særs store og særs mektige NGO-ar (ikkje-statlege organisasjonar) står bak LGBT-presset, og har jobba hand i hand med internasjonale advokatfirma, Open Society Foundation og andre for å skape det juridiske rammeverket for trans-«rettar», som bygde strukturen som driv forteljinga om at ein kan bli «fødd i feil kropp».
(Relatert: Israelitten Yuval Noah Harari seier at han og hans med-globalistar har utvikla ein «teknologisk Noas ark» kjent som transhumanisme for å sleppe unna masseutryddingshendinga som dei er i ferd med å sleppe laus.)
«Prosjektet blir, veit du, støtta av Big Finance, Big Pharma, Big Tech og alle konserna, dei internasjonale advokatfirmaa – alle driv den same forteljinga,» seier Bilek. «Kvifor skulle dette skje over eit tidsrom på ti år når menneskerettsrørsler ikkje fungerer slik?»
Alt blir styrt, åtvarar Bilek, og forklarer at transkjønnsideologi berre er påkøyringsrampa til transhumanisme.