Eg skriv her litt om det mange ser ut til å tenkje for tida. Menneske ser ut til å ha gløymt allminneleg folkeskikk og sunn fornuft. Empati og medmenneskelegheit har fordufta som dogg for sola. Kvifor har dette skjedd? Eg skal her kome med to moglege forklaringar. Mange som har late seg injiserte med covid-«vaksinane», som er eksperimentell mRNA-teknologi som aldri har fungert i praksis, ser ut til å ha endra både personlegdom og haldningar til sine medmenneske, spesielt dei som ikkje har late seg injisere. Det kan sjå ut til at innhaldet i «vaksinane» rett og slett har infiltrert hjernen og dermed tankeprosessane og kjenslelivet til vaksinerte. Somme vil kalle dei hacka av teknologien i sprøytene, og ideen er ikkje so fjern som den ved fyrste øyrekast kan høyrast ut som.
Vaksinerte er med andre ord genmodifiserte produkt som er styrt av knøttsmå datamaskiner, kanskje på nanoteknologi-nivå. Her står sannsynlegvis 5G-stråling bak som ein av hovudaktørane, og kanskje kan strålinga kontrollere prosessane i hjernen. Den andre forklaringa er ikkje nødvendigvis relatert til mRNA-sprøytene. Eg personleg trur hjernevask og skremselspropaganda er ei meir jordnær forklaring på det djupe skiljet og irreversible splittinga som har oppstått i samfunnet. At produkt som øydelegg hjernen og hjarte- og karsystemet har invadert kroppane til desse folka kan nok òg vere medverkande årsak. Spesielt at «ingen» ser ut til å ville vedkjenne seg den eigentlege årsaka til overdødelegheit, alvorleg sjukdom og alle dei mystiske kollapsane av atletar og idrettstjerner. Og kva med alle dei gråtkvelte jentene som no står fram og seier dei har hatt samanhengande mensen i over eit år? Ingen kan (eller vil?) trekkje koplinga.
At folk i det minste er alvorleg hjernevaska, er eg ikkje i tvil om. Om nokon i 2021 tok til orde for at uvaksinerte burde stengjast ute frå samfunnet fordi dei ikkje hadde gjort si «borgarplikt», var det få – om nokon – som reagerte med sjokk, sinne og vantru. Iallfall ikkje dei som hadde late seg injisere, og dermed gjort det som dåverande statsminister Erna Solberg feilaktig kalla ei borgarplikt. Ei anna likeso viktig borgarplikt må vel vere å ivareta sine medmenneske – og helst ikkje prøve å øydeleggje livet deira. Dette har med få unntak vore fråverande under «pandemien», og til ei viss grad etterpå òg.
Klart, hysteriet og drapslysta overfor uvaksinerte ser ut til å ha roa seg ganske mange hakk. Ingen står no i beste sendetid og ønskjer uvaksinerte utestengde, innesperra eller verre. Men uretten som vart begått mot dei tapre motstandarane av Sirkus Korona-regimet ser diverre ikkje ut til å kunne lækjast enno. NRK meldte nyleg om at to kvinner som hadde blitt bøtelagt for ei lovleg handling (å gå på fest), hadde tapt ein tre år lang kamp mot den fiendtlege staten. Under verste koronahysteriet hausten 2020 var det i Bergen kommune forbode å samlast meir enn fem personar i ei hushaldning – på den aktuelle festen var det 15 stykke. Politiet oppdaga «tilfeldigvis» festen (truleg etter at ein nabo hadde tysta), rykte ut og bøtela festdeltakarane, inkludert dei to modige, forstandige damene, som måtte betale høvesvis 5000 og 10 000 kroner i bot.
Etter at kvinnene forståeleg nok nekta å vedta å bli bøtelagt for fullstendig lovlege handlingar, har «saka gått frå rettsinstans til rettsinstans», for å bruke NRK sine eigne ord. Det står vidare:
«Fyrst vart kvinnene dømde i tingretten, og bøtene vart auka til 6000 og 12 000 kroner. Kvinnene anka vidare til lagmannsretten. Der vart dei frifunne, men frifinninga vart anka vidare til Høgsterett.»
Øh, vent litt, so frifinninga vart anka vidare, altso? Hadde staten faktisk vunne den saka, hadde nok alle festbøter måtte revurderast, og slike sjansar kan ikkje den norske djupstaten ta. Dei vart altso frifunne i lagmannsretten, men nokon anka vidare til Høgsterett:
«No har saka vore oppe enno ein gong i lagmannsretten, etter at Høgsterett oppheva Gulating lagmannsrett sin fyrste dom. No har saka fått sitt siste punktum. Kvinnene tapte den tre år lange kampen om koronabøtene og slepp ikkje unna bøtene. I tillegg til bøtene må dei no betala 4000 kroner kvar i sakskostnader.»
Statsadvokat Rudolf Christoffersen, som var aktor i saka, er «nøgd med avgjerda», naturleg nok. Han torer vel ikkje anna.
Det står vidare i artikkelen at forsvararen til den eine kvinna var John Christian Elden. Ifølgje avdøde Hans Gaarder er Elden tilknytt nettopp den norske djupstaten. Alle som vel han som forsvarar i ei sak mot staten, er dermed dømt til å tape – om ein følgjer den interne logikken til Gaarder og andre skribentar i Nyhetsspeilet. Elden utmerka seg tilsynelatande ved å meine at alle festbøter i Noreg burde revurderast – riktig nok etter at kvinnene vart frikjende i fyrste runde i lagmannsretten. Det er uvisst om han framleis meiner det same. Nokon har nok bede han endre meining, og det litt brennkvikt. Djupstaten vil jo ikkje at folk flest skal tru at det faktisk finst håp.
Tyranniet og den psykiske terroren som Roger Valhammer og resten av byrådet torturerte bergensarar med i 2020 og 2021 vart altso vurdert som «lovleg» av Gulating lagmannsrett. Det tydar ikkje at det som vart gjort var riktig – langt derifrå. Forsvararen til den eldste kvinna i saka, Olaf Halvorsen Rønning frå Elden Advokatfirma «seier dei vil lesa dommen grundig». I skrivande stund var det for tidleg å seie om det var grunnlag for å anke dommen. So det er framleis håp i hengande snøre – eller hengande snørr, sidan det er forkjølingsviruset covid vi snakkar om!
Alle saman veit vi no kva som var grunnen til det «lovlege» skrekkveldet som heimsøkte Bergen og dei fleste andre stader i den vestlege verda i mesteparten av 2020: å gjere folk so desperate etter fridom at dei godtok «vaksinane». Etter so lang tid med traume og overgrep har mange gløymt korleis menneske skal oppføre seg mot kvarandre – kanskje på grunn av mRNA-sprøytene, kanskje på grunn av ein grovt polariserande retorikk som har blitt spydd ut på innpust og utpust i ei æve. Mangelen på logikk og sunn fornuft ser ein i dommar som denne her, og mangelen på empati ser ein på det faktum at ingen protesterer so altfor mykje. Klart, rettssystemet har aldri vore kjent for si medmenneskelegheit, men denne var spesielt guffen, sjølv til kaldblodig jus å vere. Dommen, om den får stå slik den står no, er ei hån og ei vederstyggelegheit. Tydar det at Valhammer og andre korona-aktørar kjem til å sleppe unna rettferdig straff for sine alvorlege brotsverk? Feil. Trass NRK si desperate vinkling, er ikkje siste ord i koronabot-saka sagt enno. Det kan framleis skje eit guddomleg inngrep i favør av desse uredde heltinnene. Det kan framleis skje rettferd og reinvasking.
Saksyndig er interessert i å kome i kontakt med dei to kvinnene frå Bergen for å høyre deira tankar om situasjonen. Ta kontakt på saksyndig@saksyndig.com.