Av Caitlin Johnstone, henta frå nettsida hennar. Omsett av saksyndig.
Eg hadde eit mareritt om at eg lak litt gradert informasjon og vart arrestert og utsett for vasstortur av journalistar frå New York Times.
Målet er å halde oss i ein tilstand der vi slåst med so mykje fiendskap som mogleg over tema som skaper so lite bry for herskarane våre som mogleg. Det er verkeleg utruleg kor vellykka dei er i å gjere dette.
Her om dagen såg eg ein video av ein fyr som i sinne køyrde over ein kasse med Budweiser med ein monstertruck av grunnar som ikkje gav noka meining for meg, og alle stod opprømde og skreik ut sine meiningar om det, og eg sat der og tenkte «herregud, vi er so føkka. Dei har fanga oss fullstendig i nettet sitt.»
Du kunne ikkje ha designa ein meir effektiv totalitær dystopi enn den vi lever i akkurat no. Ein der alle har blitt hjernevaska av propaganda utan å eingong vete om det, der alle tenkjer, agerer, røystar og handlar nøyaktig slik herskarane vil dei skal gjere, medan alle trur at dei er frie.
Folk bekymrar seg over teknokratiske eskaleringar slik som auka overvaking, digital-ID, sentralbankstyrt digitalvaluta, etc., og det med rette; desse tiltaka gjev visseleg dei mektige ei større grad av makt over befolkninga. Men mange har den ukorrekte førestillinga om at ein framtidig teknokratisk dystopi skapt på grunnlag av dei tiltaka vil vere svært ulik den dystopien vi lever i akkurat no, og det vil den rett og slett ikkje. Desse tiltaka vil bli brukte for å halde dette noverande systemet låst på plass, ikkje for å skape eit nytt eit.
Folk førestiller seg totalitær dystopi som ein eller annan mørk trugsel som lurer i framtida, fordi dei ikkje skjøner kor grunnleggjande ufri vi er akkurat no. Dei trur vi er frie fordi vi kan velje kva vi skal kjøpe på supermarknaden og kalle presidenten «Brandon», men det er vi ikkje. Dei førestiller seg at herskarane våre har ein eller annan diger konspirasjon om å skape ein dystopi der dei kan tvinge oss alle til å gjere som dei vil, og innser ikkje at vi allereie lever i ein dystopi der vi gjer nøyaktig det dei vil. Det er verkeleg ikkje rom for forbetring. Dei låser det berre på plass.
Seriøst, tenk over det: kva kunne herskarane av det vestlege samfunnet eigentleg trekkje ut av oss som dei ikkje allereie får? Der finst ingen meiningsfull politisk opposisjon, inga antikrigsrørsle, inga antikapitalistrørsle, svært lite kritisk tenking – dei har total kontroll. Alt vi gjer i denne dystopien er designa for å leie profitt inn i kistene til oligarkane, og makt inn i hendene på imperialistane, og alle forsøk på å motstå og endre desse systema har blitt vellykka knust av psykologisk manipulasjon i masseskala.
Denne totalitære dystopien ser ut som fridom fordi dei lèt oss gjere meir eller mindre det vi vil, medan dei kontrollerer kva det er vi ønskjer å gjere ved hjelp av masseskala-manipulasjon. Dei styrkjer dette ytterlegare ved å skape system der det vi gjer har liten eller ingen meiningsfull effekt. Sjølv om vi hadde faktisk programvare i hjernane våre som gav herskarane våre total og fullstendig kontroll over sinna våre, ville dei ha fått massane til å tenkje og oppføre seg på meir eller mindre same måte som dei gjer akkurat no.
Primærvåpenet til våre totalitære herskarar er ikkje overvaking, politirobotar, digital-ID eller sentralbankstyrt digitalvaluta – deira primære våpen er propaganda. Systemet med psykologisk kondisjonering i masseskala som dei har skapt, er ulikt noko anna som nokosinne har eksistert i historia. Evna til å fange opp og undertrykkje ein framveksande revolusjon er djupt underlegen til evna til å bruke psykologisk kondisjonering til å hindre folk i å eingong tenkje om å gjere opprør i fyrste omgang. Slik ser ekte makt ut. Slik er total kontroll.
Dette er ein dystopi der innbyggjarane alle rører seg på linje med viljen til herskarane sine, utan å eingong tenkje over at dei er ufri eller burde prøve å bli det.
Prøv å designe ein meir effektiv totalitær dystopi enn denne.
Du kan ikkje. Den er perfekt.
Propaganda er den ekte kontrollmekanismen, og det er det vi må kjempe mot dersom vi nokosinne skal bli fri. Den einaste vegen ut av denne gigantiske matrisa av psykologisk kontroll, er å vise menneske kor ufri vi er, korleis dei blir bedregne, kor mykje betre ting kan bli. Vekk folk opp til løgnene, til dei ekte naturen til politikk-, utdannings- og medieinstitusjonane som er designa for å halde oss slavebundne, svekkje offentleg tillit til propagandamaskina, og då kan vi kanskje ane byrjinga til moglegheita for ekte endring. Fram til då er vi stengde inne.
Kven du tenkjer på som ein anti-autoritær helt seier mykje om deg som person. Dersom eg ber deg tenkje på nokon som kjempar mot makta og du tenkjer på Tank Man eller Navalny, eller ein eller annan historisk figur i staden for dei levande menneska som kjempar mot maktstrukturen som du faktisk lever under, tydar det at du har svelgt løgna om at di eiga regjering og deira allierte er gode og dydige her og no, og at «å kjempe mot makta» berre er noko som kan skje ut av noble årsaker i andre land eller tilbake i andre tidspunkt av historia.
I realiteten er trongen til å «kjempe mot makta» større under det USA-sentraliserte imperiet som herskar over alle som sannsynlegvis kjem til å lese desse orda, fordi det USA-sentraliserte imperiet er den mest mordariske og tyranniske maktstrukturen i verda akkurat no.
So når eg ber deg tenkje på ein anti-autoritær figur som måtte dukke opp i sinnet ditt, dersom du er klartenkt og ikkje kjem til å tenkje på nokon som Tank Man, Navalny, Gandhi, Mandela eller MLK [Martin Luther King]. Du kjem til å tenkje på nokon som Julian Assange: nokon som kjempar mot den verkelege makta der den står her og no.