Av Sara Higdon, The Post Millennial. Omsett av saksyndig.
«Personen som døydde var definitivt den mistenkte i ei barneporno-etterforsking.»
Tim Yergeau (36), tidlegare direktør for strategisk kommunikasjon i Planned Parenthood si grein i sørlege New England, som var ettersøkt for sikting for barneporno, gjennomførde sjølvmord tysdag [11.april 2023]. 6.april gjennomførde politi frå New Haven Special Victims Unit eit raid av nabohuset til Yergeau, som då var under etterforsking. Dei ransaka nabohuset ved eit uhell under eit forsøk på å arrestere 36-åringen.
Politisjefen i New Haven, Karl Jacobson, fortalde New Haven Register at «personen som døydde var definitivt den mistenkte i ei barneporno-etterforsking og personen som gjennomførde sjølvmord». Han la til at internavsnittet driv og ser på korleis etterforskarane raida feil hus, og korleis Yergeau tok sitt eige liv fem dagar seinare, sidan han ikkje vart arrestert og det ikkje var hans hus som vart raida.
Jacobson bemerka at dei framleis hadde to opne etterforskingar rundt temaet for å sikre seg at ingen andre var involverte.
Ifølgje sin LinkedIn-profil, arbeidde Yergeau for Planned Parenthood frå desember 2018 til august 2022, då han byrja å jobbe som marknads- og kommunikasjonsdirektør for Long Wharf Theatre. I ei melding til New Haven Register sa ein talsperson for teateret: «Vi er djupt lei oss for å høyre om utviklinga dei siste 24 timane, og med tanke på dei vanskelege nyheitene, ville det ha vore upassande å kome med vidare kommentarar.»
I respons på nyheitene peikte dr. Anastasia Maria Loupis på at Yergeau hadde sine pronomen i sin Instagram-biografi. Som Elon Musk svarte følgjande på: «Pronomen er dydsposering, so uunngåeleg, som med all dydsposering, vil dei bli brukt som eit skjold av vonde menneske.»
Ein annan brukar, den konservative forfattaren Melissa Tate, påpeikte: «Folk som har som levebrød å rive babyar ut av livmora på mødrene sine kroppsdel for kroppsdel er i stand til kva som helst, so eg er ikkje det slag overraska over at han vart teken for dette.»
Når det gjeld kvinna som eigde huset som ved eit uhell vart raida av politiet, fortalde ho til New Haven Register: «Eg byrja å springe ned gangen, det var akkurat som på film. Dei hadde skytevåpen og lommelykter retta mot meg. Dei pressa meg opp mot veggen og sette handjarn på meg. Eg grein og spurde ‘kva skjer?’.»
Ho la til: «kvar gong eg går bortover den gangen gjenopplever eg det.»
Politidepartementet tilbaud ho mentalhelseomsorg, men ho takka nei etter å ha sendt inn ein formell klage tysdag.