Leiaren som forsvann – var det karma?

Som lesaren sikkert har fått med seg, jobba eg på ei avdeling med alvorleg demente pleiepasientar i underkant av fire år, og hadde offisielt den biletvakre, 40-årige brunetta «Christine» som næraste overordna. Ho var mykje vekke frå jobben på grunn av private forhold, so vi gjekk lange periodar utan ein reell avdelingsleiar. For å underdrive kraftig, hadde ikkje eg og Christine nemneverdig god kjemi, og det såg ut som om dei andre kollegaene hadde same oppfatninga. Vi hadde ulik erfaringsbakgrunn, og dermed totalt ulikt syn på kva som var god eldreomsorg. Dåverande einingsleiar, ein jordnær mann som hadde bikka 60, fungerte som meklar mellom Christine og meg. Då han overraskande pensjonerte seg i desember 2020, miste eg dermed ein viktig alliert på arbeidsstaden, og den nye einingsleiaren som dukka opp på sjukeheimen hadde ein agenda som mildt sagt var i strid med mine interesser.

For å ta ei rask oppsummering, fekk Christine eit nervøst samanbrot i avdelinga i januar 2021 fordi eg tok av meg munnbindet for å få puste etter å ha gått med det i tre timar. Forsøk på å få den nye einingsleiaren til å vere meklar, enda med ei personalsak som til slutt kosta meg jobben. Lesaren kjenner til historia mi, som er like trist som den er sjokkerande.

Etterkvart har eg òg greidd å setje saman historia til Christine, trass at opplysningar om ho har blitt vakta som om dei skulle ha vore statshemmelegheiter. Følgjande sitat kjem frå artikkelen min om Christine som vart publisert 7.mars 2022 («Leiarar, nestleiarar og sjølverklærte leiarar, del 2»):

«Ho [Christine] var del av ein trio av to andre høge, biletvakre brunetter, der barndomsvenninna ‘Karla’ og verneombodet ‘Synnøve’ var dei to andre elementa. Både Karla og Synnøve såg ut til å konkurrere med Christine om å utføre leiaroppgåver, ettersom Christine hadde ein leiarstil som gjorde ho særs upopulær. Denne trioen, denne klikken, denne vesle jentegjengen, utgjorde kjernen i avdelinga.»

Eg hadde tidleg mi oppfatning av Christine:

«Christine var ein dyktig og erfaren omsorgsarbeidar. Ho var etter mitt syn diverre ikkje ein so god leiar. Eg var ikkje åleine om å ha det synet. Ingen på sjukeheimen hadde særleg høge tankar om ho, sjølv ikkje barndomsvenninna Karla. Faktisk sa Karla ein gong at Christine aldri burde ha blitt leiar, og at ho hadde vore lykkelegare om ho hadde halde fram som omsorgsarbeidar i staden for å ta på seg den notorisk krevjande leiarrolla. Dei to andre avdelingsleiarane i etasjen rista på hovudet og himla med auga over Christine sin stressa veremåte og si manglande evne til å ‘puste med magen’ og rett og slett slappe av.»

Verneombodet Synnøve hadde i si tid søkt på den leiarstillinga Christine fekk, men fekk avslag. Karla hadde ei syster som var leiar i bufellesskap, og fekk difor mykje viktig input om leiarrolla derifrå. Følgjande visste eg om Christine i mars 2022:

«Denne 40-årige gruppeleiaren hadde private utfordringar. Mannen hennar fann seg ei ny dame og kravde skilsmisse. Christine flytta ut av eit digert hus og inn i ei blokkleilegheit. Ungane hennar byrja å vere saman med mannen sin nye kjærast, noko som utan tvil fall Christine tungt for brystet. Ho hadde fleire tilfelle av langtidsfråvær frå jobben, og sjølve fråværsgrunnen var gjenstand for strengt hemmeleghald. Karla meinte at Christine kunne lide av depresjon.»

Karla sin hypotese var plausibel. Dei to hadde kjent kvarandre sidan barndommen, og vakse opp i same området. Då «pandemien» gjorde sitt sjokkerande inntog og øydela samfunnet, viste Christine «stadig fleire teikn på uro, depresjon og til tider underleg åtferd». Etter samanbrotet hennar i avdelinga i slutten av januar 2021, byrja ho på det som skulle vise seg å vere ei langtidssjukemelding. Christine sine siste «leiarhandlingar» var å vere til stade på møtet der eg fekk skriftleg advarsel, og halde det som personalgruppa oppfatta som eit underleg personalmøte. Karla meinte at Christine leid av «viral utmatting». No i ettertid kan dette tolkast som at ho var utmatta av covid-19-viruset og alle dei øydeleggjande tiltaka. Den 40-årige, fråskilde dama hadde møtt veggen, men ingen såg ut til å ville vedkjenne seg det.

Fråværet til Christine vart berre avbrote av ein kort periode i mai 2021 der ho kom tilbake i gradert sjukemelding. Følgjande snodige hending skjedde då (sitat frå nemnde artikkel):

«Ved eitt høve kom fagsjukepleiaren opp på avdelinga og fortalde meg og ein lærling at Christine under dagens leiarmøte hadde blitt beden om å forlate arbeidsplassen. Då eg etterpå spurde einingsleiar om dette stemte, braut dama ut i raseri og anklaga meg for å spreie usanne rykte. Eg forklarte ho roleg at eg hadde høyrt ‘ryktet’ frå fagsjukepleiaren. Seinare kom fagsjukepleiaren tilbake til avdelinga med eit forpint, skremt uttrykk i ansiktet og fortalde at ‘ei fjør hadde blitt til fem høns’: Christine hadde av eigen vilje forlate arbeidsplassen fordi ho kjende seg uvel.»

Kva som faktisk skjedde under det leiarmøtet vil nok aldri kome for ein dag. Begge elementa er like sannsynlege, og om ho vart sendt heim eller sjølv valde å forlate arbeidsplassen, indikerte likevel at ho var for sjuk til å vere i arbeid. Det er påfallande at einingsleiar straks gjekk i forsvarsposisjon og til og med hevda at eg spreidde usanne rykte; dette illustrerer godt kva slags forhold vi to hadde. Etter episoden på leiarmøtet kom Christine aldri tilbake. Enden på visa vart at vi var utan ein reell avdelingsleiar i lang tid. Til slutt vart Karla konstituert som leiar.

Det siste eg fram til ganske nyleg visste om Christine og sjukeheimen, fekk eg greie på i oktober 2021, då eg møtte ein tidlegare kollega på eit kjøpesenter i nærleiken av sjukeheimen:

«Christine var framleis sjukemeldt. Karla var framleis konstituert. Ifølgje kollegaen stakk Christine innom sjukeheimen av og til, men det var uklart kva ho faktisk gjorde der. […] Situasjonen skulle vere slik til ‘over jul’. Då Karla vart konstituert i mai, skulle stoda vere slik til september. Mållinja hadde med andre ord blitt flytta.»

Dette var i 2021. No i april 2023 møtte eg ein tidlegare kollega frå sjukeheimen, tilfeldigvis på det same kjøpesenteret. Eg stakk tilfeldigvis innom der på veg til seinvakt på min nye arbeidsplass, og trefte ho ved utgangsdøra. Ho hadde følgjande å fortelje:

Christine kom aldri tilbake i sin jobb som avdelingsleiar. Etter eit års sjukemelding forsvann ho, og jobbar ikkje lenger på sjukeheimen. Det er faktisk djupt uvisst kva ho eigentleg driv med. Det skal her òg seiast at den nye einingsleiaren (etter ho hadde blitt kvitt meg og Christine), snudde sjukeheimen fullstendig på hovudet. Det skjedde ei total omorganisering på strukturelt nivå: dei tre avdelingane i min etasje fekk éin leiar, slik som i andre etasje, ein etasjeleiar. Interessant nok kom eg med nøyaktig dette forslaget til den førre einingsleiaren tilbake i 2019 då eg var tillitsvalt, men då avviste han forslaget blankt. Etasjeleiaren er ikkje Karla, men ser ut til å vere nokon utanfrå.

Det har ifølgje kollegaen òg skjedd ei stor utskifting i personalgruppa. Mange har slutta og mange nye har byrja. Dette tolkar eg som om det var fleire enn eg som vart fiende med den nye einingsleiaren. Ein innfører ikkje fryktkultur og overvakingsregime på ein arbeidsplass utan at personalgruppa reagerer. Stoda for dei tilsette har ifølgje ein anna kollega blitt verre, det har blitt meir totalitært; mellom anna får ikkje personalet lenger lov til å bestille mat til seg i helgane fordi bebuarane då kan bli «misunnelege». Dei få som er igjen frå då eg jobba der, har nok sine netter der dei vrir på seg og lurer på om dei valde rett side i denne krigen. Eg veit med meg sjølv at eg tok det rette valet.

Men Christine er altso ute av spelet for godt. Eg har blanda kjensler. På den eine sida kjennest dette ut som karmisk rettferd med tanke på måten Christine behandla meg på i nesten fire år. På den andre sida er dette ein personleg tragedie om ein stressa, upopulær leiar som møtte veggen. Her speler både privatlivets og arbeidsplassens utfordringar inn. Leiinga såg ikkje ut til å ville vedkjenne seg at «Christine-situasjonen» var so ille som den faktisk var. Til slutt kunne ho ikkje lenger arbeide på sjukeheimen fordi ho ikkje makta å ta på seg leiarrolla igjen. Og dersom ho mot formodning hadde greidd å reise seg igjen, hadde ho vendt tilbake til ein sjukeheim med ein ny leiarstruktur der ho ikkje lenger ville vere velkomen som leiar.

Christine-saka er for mitt vedkomande no eit avslutta kapittel. Eg reknar ikkje med å kunne oppdrive meir informasjon om ho. Den som veit mest om ho er nok Karla, men det er uaktuelt for meg å nokosinne ha noko med verken ho eller Synnøve å gjere. Kva enn Christine driv med no, so håper eg ikkje det er ei leiarstilling. Visse menneske høyrer ikkje heime i slike roller, for si eiga mentale helse si skuld.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s