Er dei skandinaviske falske nyheitene om Russland meint å distrahere oss frå Sy Hersh sin Nord Stream-reportasje?

Av Andrew Korybko, henta frå Kolozeg.org. Omsett av saksyndig.

Skandinavia sine falske nyheiter om Russland vart publiserte rundt dette spesifikke tidspunktet, og inkluderte spesifikt påstanden om at Moskva vurderer sabotasjehandlingar i NATO-kontrollerte farvatn som ein måte å distrahere frå Hersh sin reportasje og gjenopplive den falske historia om at Kreml sprengde Nord Stream i lufta. Akkurat som reportasjen frå New York Times sist månad, er denne siste saka frå ei samling av nordeuropeiske medieformidlarar difor òg heller ingenting anna enn ein informasjonskrigføringsprovokasjon.

Ei felles «medieetterforsking» av den skandinaviske landa Danmark, Finland, Noreg og Sverige hevda akkurat at Russland har brukt minst 50 sivile skip for å spionere i Nordsjøen det siste tiåret i spekulativ førebuing på ei mogleg utføring av sabotasjehandlingar ein gong i framtida. Kreml-talsperson Peskov nekta for desse påstandane og skulda dei landa for å prøve å distrahere frå Nord Stream terroriståtaket sist september.

Den Pulitzer-prisvinnande journalisten Seymour Hersh siterte ikkje-namngjevne kjelder frå den amerikanske administrasjonen då han rapporterte tidleg i februar om at Biden personleg autoriserte åtaket, som folk flest allereie hadde tenkt seg fram til, men det var likevel ekstremt nyheitsverdig sidan det kom frå nokon med slikt eit rykte som han hadde. Rundt ein månad seinare køyrde New York Times (NYT) ei historie der dei påstod at dei hadde avslørt den påståtte aktøren, som dei sa var ei uavhengig gruppe som ikkje var tilknytt noka regjering.

«USA sin nylegaste desinfo-kampanje om Nord Stream-terroriståtaket var planlagt på førehand,» derimot, sidan ein kan kome med overbevisande argument for at USA planta frøa til ei alternativ forteljing å lene seg på som ein backup-plan i tilfelle sanninga byrja å leke ut slik den gjorde i reportasjen til Hersh. Det er innanfor denne konteksten at «medieetterforskinga» til dei skandinaviske statane vart publisert, noko som altso styrka trua på liknande tankar om at dette òg ikkje er noko anna enn ein distraksjon frå arbeidet til den journalisten.

Trass alt hevda desse formidlarane at Russland visstnok har drive og spionert på Nordsjøen ved hjelp av desse metodane i dei siste ti åra, og det er ekstremt usannsynleg at dei plutseleg snubla over relevant «bevis» som støtta den konklusjonen på akkurat det tidspunktet. Heller vart dei nesten heilt sikkert gjevne denne informasjonen av etterretningstenestene i dei landa, med mogleg input frå NATO som eit heile og/eller deira amerikanske leiar.

Det er uklart om det er noka sanning i reportasjen deira, men det vil ikkje vere overraskande om det i det minste er ei kjerne av sanning, sidan det er ein lur måte å spionere på den NATO-kontrollerte Nordsjøen. Det, derimot, tydar ikkje at dette vart gjort ut av spekulativ førebuing av moglege utføringar av sabotasje der ein gong i framtida. Denne delen av reportasjen deira vart truleg inkludert berre for å gjenopplive den fullstendig latterlege forteljinga om at Russland var dei som var ansvarlege for Nord Stream terroriståtaket.

Kva enn føremålet med Russland sin påståtte spionasje i dei farvatna kan ha vore, er det høgst usannsynleg å ha omfatta sabotasje, kanskje bortsett frå ein absolutt siste utveg i tilfelle ein konvensjonell krig med NATO. Grunnen for denne vurderinga er at berre ein statsnivå-aktør eller ein falskt flagg-«ikkje-statleg» aktør som er tilknytt ein statleg aktør er i stand til å utføre slike handlingar, spesielt i farvatn som er fullstendig kontrollerte av, og under total overvaking av den USA-leia blokka, og å gjere slikt ville ha vore ei krigshandling.

Det er med dette i sinne at Peskov si nekting burde bli teken på alvor, sidan det er urealistisk å førestille seg at Russland driv og planlegg komande sabotasjehandlingar der, og som dei ville ha blitt tekne på fersken i å gjere i det utkantscenarioet der noko slikt ville ha blitt prøvd. Dette tydar ikkje at Moskva ikkje spionerte på NATO sine marineaktivitetar i Nordsjøen, mne berre at dette ikkje vart gjort med intensjon om å planleggje sabotasje, bortsett frå som ein absolutt siste utveg dersom dei nokosinne formelt gjekk til krig mot den blokka.

Med dette til etterretning vart Skandinavia sine falske nyheiter om Russland publisert på dette spesifikke tidspunktet, og inkluderte spesifikt påstanden om at Moskva vurderer sabotasjehandlingar i NATO-kontrollerte farvatn slik at dei distraherer frå Hersh sin reportasje og gjenoppliver den falske historia om at Kreml sprengde Nord Stream i lufta. Akkurat som NYT sin reportasje frå førre månad, er denne siste frå ei samling av nordeuropeiske nyheitsformidlarar difor òg heller ingenting anna enn ein informasjonskrigføringsprovokasjon.

Andrew Korybko er ein amerikansk Moskva-basert politisk analytikar som er spesialist i forholdet mellom den amerikanske strategien i Afro-Eurasia, Kina sin One Belt One Road globale visjon av eit nytt Silkevegen-samband, og hybridkrigføring.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s