Er den globale befolkninga allereie EIN MILLIARD mindre enn den var før Operasjon Warp Speed?

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Trass alt vrøvlet om å «hjelpe til med å redde liv» som vart fjerta ut i heile verda sidan tidleg 2020 då Wuhan koronaviruset (covid-19) fyrst dukka opp tilsynelatande ut av ingenting, ser befolkninga på planeten ut til å ha falle vesentleg heilt sidan «pandemien» vart erklært.

Dødsfalla byrja verkeleg å renne inn etter at Trump-administrasjonen lanserte Operasjon Warp Speed, den hastige «vaksinasjons»-planen som resulterte i fleire titals millionar alvorleg skadar og dødsfall. No, basert på dataa som er tilgjengelege og moglege å samle, kan det verke som om ein milliard menneske døydde som eit resultat av denne globale psykologiske operasjonen (psyop-en).

I 2021 og 2022 då Fauci Flu-sprøyter [covid-19-«vaksinar»] gjorde sitt i folk sine kroppar, rapporterte talrike land massive mengder overtalsdødsfall so vel som rekordlåge fødselsratar. Her er tala vi har frå desse landa:

  • Japan: 1,58 millionar dødsfall i 2022, det største talet sidan Andre verdskrig
  • New Zealand: 38 574 dødsfall i 2022, det største talet sidan 1918 (Spanskesjuken)
  • Australia: rekordlåge fødselstal og rekordhøge dødstal i 2021
  • Storbritannia: «skarp auke i overtalsdødsfall»
  • Nederland: fleire dødsfall enn fødslar i 2022, som er fyrste gong dette har skjedd sidan 1900
  • Tyskland: bortimot null overtalsdødsfall i 2020, følgt av eit rekordhøgt tal døde i 2021 etter at «vaksinen» vart introdusert
  • Nova Scotia (Canada): «uventa høge tal menneske døyr»
  • Filippinane: 768 504 dødsfall i 2021, det høgste talet på eitt år sidan 1945

Italia og Noreg rapporterte på liknande vis rekordlåge fødselstal i 2022, truleg eit resultat av at sprøytene gjer sitt og øydelegg fruktbarheita og forplantingsevna til mottakarane – dette vart bekrefta av ein studie som viste at mRNA (messenger RNA) covid-injeksjonar øydelegg sædkvaliteten hjå menn.

Som de kan sjå manglar enkelte av dei presise dataa i nokre av landa – med intensjon. Makta som rår speler eit gøymespel med dataa for å prøve å minimere påverknaden av den stygge sanninga bak alt dette, som er at covid-psyopen og covid-«vaksine»-psyopen har gjort eit stort innhogg i det globale befolkningstalet.

(Relatert: Den dag i dag tek Donald Trump framleis æra for dei sokalla «vaksinane», og kallar seg sjølv «vaksinens far».)

Kor mange fleire milliardar vil døy i dei komande åra når sprøyte-indusert AIDS gjer sitt?

Per dags dato er der framleis ingen tal frå Kina eller India, dei to mest folkerike landa i verda, når det gjeld deira høvesvise post-covid og post-Operasjon Warp Speed-skadar og dødsfall. Vi kan berre estimere, basert på tal frå andre land, kva desse tala er.

I Kina spesielt er tala vage fordi landet er ekstremt hemmelegheitsfulle rundt temaet. Med minst 380 døds-, tortur- og «gjen-utdannings»-leirar i landet, kan vi berre gjette talet på kinesarar som døyr kvar einaste dag utan at dette blir offisielt rapportert.

Det vi veit er at i overkant av 90% av den kinesiske befolkninga er «fullvaksinert», som basert på folketalet i landet gjev oss ei aning av kor mange folk der som kan ha blitt skadd eller er døde.

Basert på dette estimerer The Covid Blog at i overkant av éin milliard menneske i verda har døydd sidan covid vart lansert – og spesielt sidan lanseringa av «vaksinen».

«Der er ingen grunn til å tru at vaksine-folkemordet vil roe seg i overskodeleg framtid,» åtvarar nettsida. «Ein milliard fleire overtalsdødsfall i løpet av dei neste åtte månadene kan vere eit konservativt tal. Det vil føre til at den globale befolkninga går ned til under seks milliardar innan slutten av året. Det er heilt vilt å tenkje på. Men der finst bokstavleg tala null legitime motargument.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s