Bombe frå den britiske regjeringa: «Covid-vaksinar drep folk i arbeidsfør alder i rekordtal»

Av Sean Adl-Tabatabai, The People’s Voice (tidlegare Newspunch). Omsett av saksyndig.

Den britiske regjeringa har innrømt at alarmerande tal vaksinerte menneske i arbeidsfør alder «ramlar døde om i rekordtal».

Ifølgje data offentleggjort av MHRA – det britiske kontrollorganet for legemiddel – har enorme tal unge, friske vaksne døydd dei siste to åra.

Steve Kirsch rapporterer: Når dei ser store tal rapportar i det britiske Yellow Card-systemet (deira utgåve av VAERS [rapporteringssystemet for biverknader frå mellom anna vaksinar]), trur dei faktisk at det tydar at rapporteringssystemet fungerer (heller enn at legemiddelet er utrygt).

Trur de eg spøker? Sjå dette 17 minutts innslaget frå den britiske professoren Norman Fenton (han posta det nettopp, so de kan vere nokre av dei fyrste som ser det).

Sjekk deretter ut Ofcom-sida. Dei er den statlege sensurorganisasjonen som regulerer medieselskap i Storbritannia og vil gje dei kraftige bøter om dei går mot forteljinga. Sjekk ut kva dei gjorde med Mark Steyn. Ofcom gjorde ein vesentleg innsats for at Mark Steyn skulle få sparken. I memoen deira sa dei at Steyn tok feil, likevel viste dei ikkje dei korrekte tala. Med andre ord kan dei erklære at du tek feil utan å fortelje deg det korrekte talet. Er ikkje det beleileg?

Dette er grunnen til at Neil Oliver har blitt effektivt stilna. Det er ikkje fordi Neil Oliver trur at vaksinane plutseleg er trygge.

Ofcom vil naturlegvis ikkje bøteleggje dykk for å spreie feilinformasjon dersom den samsvarer med regjeringa si forteljing. So sjå denne videoen som tydelegvis er uriktig og villeiande. Videoen seier at dersom du tok AstraZeneca-vaksinen, kan du ikkje døy eller bli sjukehusinnlagt av nokon grunn dei neste 14 dagane. Den gjer deg i grunnen udødeleg. Dei spekulerer på om dei skal injisere ukrainske soldatar med AZ [AstraZeneca] sidan dei ikkje kan døy dei neste 14 dagane. Ingen Ofcom-sanksjonar mot den der.

Og forresten so har no John Campbell to «strikes» på YouTube. Éin slik til og YouTube vil tilinkjegjere alt han nokosinne har publisert og utestengje han på livstid for å ha spreidd feilinformasjon.

For det er slik vitskapen fungerer i Storbritannia, som ikkje har grunnlovsfesta ytringsfridom slik USA brukte å ha.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s