Hadde Deagel rett? Globalistane har nifse planar om å utrydde den vestlege sivilisasjonen

Om ein skal tru den mystiske nettsida Deagel.com, som er ei privat nettkjelde for den militære evna til verdas nasjonalstatar, og som mellom anna kjem med analysar og prognosar av folketal og BNP, har vestlege land dystre tider i vente. For USA spådde Deagel til dømes at det i 2025 ville vere 100 millionar færre menneske der, og det var tilbake i 2014, lenge før både «pandemien» og «vaksinane» gjorde sitt inntog. Dette talet meiner enkelte at er identisk med talet som er injiserte med covid-19-«vaksinane». Dette antydar sterkt at «vaksinane» er innført med den intensjon å forårsake massedød på ein skala ein vanlegvis berre ser i verdskrigar.

No seier ei ny kjelde det som vart påstått tilbake i 2022 (og lenger tilbake i tid, om ein reknar med Deagel sine spådommar). Stefan Stanford i All News Pipeline presenterer eit kart frå 2020 som viser kva globalistane tenkte om det framtidige folketalet i verda. Grøne piler indikerer vekst i folketalet, medan raude piler indikerer nedgang. Dess lengre pilene er, dess større vekst eller nedgang i folketalet. For å ta ei kort oppsummering: Det er venta sterk nedgang i folketalet i USA, Canada og Australia, og litt mindre nedgang i dei europeiske landa. Motsett er det venta auke i folketalet i dei fleste ikkje-vestlege land, slik som Kina, India, Brasil, Mexico og alle afrikanske land med unntak av Libya og Etiopia. I land som Russland, Japan, Argentina og Finland ventar ein verken nemneverdig vekst eller auke. Det skal her seiast at Finland ser ut til å vere det einaste europeiske landet der ein ikkje forventar nedgang i folketalet. Interessant nok spår dei nedgang i folketalet i den europeiske delen av Russland, men uendra folketal i den asiatiske delen.

Deagel er ikkje berre ei obskur nettside som kjem med «konspirasjonsteoriar». Som Leo Hohmann skriv i ein gjesteartikkel i The Gateway Pundit 22.april 2023, var grunnleggjaren til Deagel (ein viss Edwin Deagle; legg merke til stavemåten av etternamnet hans i forhold til stavemåten av namnet på nettsida) ein kontraktør for militæret som hadde kjelder velposisjonerte i djupstaten. Deagel Corporation er ei grein av amerikansk militæretterretning som samlar data for avgjerder som blir tekne på høgt nivå, og førebur i tillegg konfidensielle briefing-dokument for byrå slik som National Security Agency, FN og Verdsbanken. Deagel er med andre ord ei påliteleg kjelde for sjølvaste djupstaten, og når dei kjem med spådommar om dramatisk nedgang i folketalet, er dette difor noko som må takast på djupaste alvor.

Som Hohman skriv (mi omsetjing):

«Dersom Deagel-kalkuleringane viser seg å vere til og med delvis nøyaktige, vil dei utryggaste plassane å bu dei neste tre åra vere USA, Canada og Storbritannia, følgt av Tyskland, Australia og resten av EU-nasjonane. Denne befolkningsspådommen var so kontroversiell, der den viste befolkningsreduksjon på opptil 68,5% i USA (frå 2017-nivå) og mellom 25 og 70% for nesten kvart einaste vesteuropeiske land, at studien forsvann på mystisk vis frå nettsida til Deagel i mars 2021.»

Dette var tilfeldigvis perioden då covid-«vaksinane» vart aggressivt pusha på befolkninga i dei same landa. Faktisk klødde mange forskarar seg i hovuda då spådommane om folketalsnedgang kom i 2014. Kva i all verda kunne få fleire hundre millionar menneske over heile verda til å forsvinne på denne måten? Skulle det bryte ut ein ny verdskrig. Då plandemien vart lansert i 2020 gav det heile derimot langt meir meining. Og når ein legg til ei fabrikkert «klimakrise» som i djupstatens auge rettferdiggjer framprovosert hungersnaud, og NATO og USA si ekstreme krigshissing mot Russland i Ukraina, so blir dei dystre tala endå meir plausible.

Deagel hadde sine kjelder. Rockefeller-stiftinga publiserte sin «Lockstep»-analyse i 2010, der dei nærast garanterte at (med Hohman sine ord) «store pandemiar ville utslette fleire titals millionar menneske, og Bill Gates, verdas rikaste mann, var langt inni sin vaksinefase innan 2014 i tillegg, der han hadde skifta fokus nokre år tidlegare frå datamaskiner og over til meir profitable injeksjonar.»

Og so har vi Georgia Guidestones i Elbert County i delstaten Georgia, monumentet der det stod inngravert at verdas befolkning skulle haldast på 500 millionar menneske «i æveleg balanse med naturen» (på engelsk Maintain humanity under 500,000,000 in perpetual balance with nature.). Monumentet vart 6.juli 2022 råka av ein mystisk eksplosjon, og seinare jamna med jorda. Monumentet skal ha vore åstad for merkelege ritual og samlingar av heidenske og okkulte grupper, ofte på datoar av astronomisk tyding. Monumentet var ofte gjenstand for hærverk frå dei som er ideologiske motstandarar av Den nye verdsordenen, og no har denne vondsinna eliten fått meir og meir motbør i det galskapen og vondskapen deira i aukande grad er blitt eksponert for massane. Eliten sine planar for menneskeheita var rett og slett for synlege; dei var jo bokstavleg tala skrivne i stein. Difor vart det fjerna. So langt har ingen statlege eller delstatlege organ etterforska hendinga – er du overraska?

Skal ein skjøne konteksten til Deagel-spådommen frå 2014 betre, er det verdt å nemne at Ron Klain, dåverande president Obama sin ebola-«tsar» på den tida tilrådde «avfolking» som den beste «løysinga» på dei største problema planeten vår stod overfor. Konseptet er betre kjent som folkemord. All News Pipeline rapporterte tilbake i 2018 at Deagel sine kjelder var det amerikanske forsvarsdepartementet, utanriksdepartementet, CIA, Verdsbanken, EU, i tillegg til den amerikanske kystvakta, marinen, hæren, luftforsvaret og marinekorpset. Alle desse er i globalistane si hole hand.

Hohmann åtvarar: «All globalist-politikken frå dei siste tre åra driv oss mot éin ting, masseavfolking. Ja, dei ønskjer å drepe oss. Fram til de skjøner dette, vil de aldri forstå kva som skjer. De vil aldri finne meining i det. Eg veit det er ei tung pille å svelgje, men avvis det på eigen risiko. Dei som lever i fornekting vil bli lurt atter ein gong. Mange av dei som vart lurt fyrst gong [covid-«vaksinane»], miste livet eller enda opp med livsvarige helseproblem. Enkelte av dei gav til og med barna sine til det militær-biomedisinske tryggleikskomplekset.»

Målet til globalistane ser ut til å vere å erstatte menneske i den vestlege verda med «kunstig intelligens» og «robotar». Kva dette vil gjere med samfunnet og økonomien kan ein berre spekulere i.

Våpenet dei har brukt fram til no, og som har hatt desidert størst effekt på folketalet og den mentale og fysiske helsetilstanden til den vestlege verda, er ein konstruert pandemi. Dette er det stor fare for at dei vil prøve seg på igjen. Saman med konstruert global hungersnaud under dekket av å bekjempe «klimaendring», kan dei òg manipulere vêret, noko som visstnok skal ha vore mogleg iallfall sidan 1940-talet. Medan det kan diskuterast kor stor makt globalistane har over vêr og klima, er det ingen tvil om at dei enkelt kan manipulere det store fleirtalet til å gjere so godt som kva som helst i total forakt for etikk, moral og plikta til å ivareta sine medmenneske. Det såg vi under «pandemien», og alle desse avskyelege handlingane har enno ikkje blitt straffa.

Kva slags våpen har vi mot globalistane? For å avslutningsvis sitere Hohmann:

«Aldri samtykk. Aldri underkast dykk. Førebu dykk mentalt, fysisk og spirituelt no når vi er på veg mot ukjende farvatn.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s