Fem teoriar som surrar rundt på nettet om kvifor Fox News sparka Tucker Carlson

Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av saksyndig.

Kvifor i all verda gjekk Fox News hen og sparka Tucker Carlson? Han hadde det best vurderte programmet på kabelnyheitene med god margin, og han er vilt populær blant millionar av amerikanarar. Uheldigvis, om du ønskjer å overleve som kabelnyheitsvert i vår tidsalder, er ikkje popularitet nok. Du må tilfredsstille elitistane som eig nettverket ditt, annonsørane som betaler nettverket sine rekningar, og det politiske etablissementet i Washington. I årevis har Tucker Carlson stadig sagt ting på programmet sitt som ingen andre kabelnyheitsvertar ville våge å seie, og det var ikkje til å unngå at dette ville skaffe han store vanskar.

Tucker forstod dette særs godt, men han trudde ikkje at han ville hamne på bøddelens hoggestabbe riktig enno.

Faktisk, på sitt fredagsprogram fortalde han sjåarane at han ville kome tilbake for eit nytt program fyrstkomande måndag:

«Fox informerte om Carlsons avgang måndag morgon, og so langt har ingen kome med ein grunn. Men det verkar tydeleg at trekket kom som ei overrasking for Carlson sjølv, som avslutta fredagens program med å seie ‘vi er tilbake på måndag… vi snakkast då’.»

Tydelegvis kom avgjerda om å bli kvitt Tucker svært kjapt.

Ifølgje Daily Mail visste han ikkje at Fox News hadde tenkt å gje han sparken før svært kort tid før det vart formidla:

«Tucker Carlson vart halden uvetande om oppseiinga si frå Fox News og fekk vit på det måndag morgon kort tid før det vart formidla, fortel kjelder til DailyMail.com.

Sjølv enkelte av hans næraste stabsmedlemmer var ikkje klare over at programmet hans hadde blitt kansellert, og dei fekk fyrst greie på det på Twitter.

‘Ingen eg kjende vart fortalt om det i forkant. Vi vart haldne uvetande,’ sa ein senior-stabsmedlem som jobbar nært med programmet til Tucker, Tucker Carlson Tonight, til DailyMail.com.»

So kvifor bestemte Fox News seg for å gjere dette?

Følgjande er fem teoriar som for tida surrar rundt på nettet:

  • 1. Dominion-søksmålet

Å tape 787,5 millionar dollar kan motivere eit selskap til å gjere store endringar, og mange nyheitsformidlarar peiker på at oppseiinga av Tucker Carlson har kome særs kort tid etter at forliket med Dominion vart avslørt:


«Den høgreekstreme prime time-programverten Tucker Carlson forlèt Fox News umiddelbart, informerte kabel-TV-nettverket måndag.


Meldinga kom nokre dagar etter at Fox News sitt morselskap inngjekk forlik med Dominion Voting System sitt søksmål for ærekrenking for 787,5 millionar dollar. Selskapet sine programvertar fekk ikkje lov til å snakke om søksmålet, eller kome med ei orsaking for det, som del av forliket, rapporterte CNBC tidlegare.»


Men tydelegvis er det nokon på innsida av Fox News som heller kaldt vatn på denne teorien:


«Det Denver-baserte selskapet, som sist veke inngjekk eit forlik på 787,5 millionar dollar i sitt 1,6 milliardar dollars søksmål mot Fox News for ærekrenking, hadde ikkje nokon påverknad på Fox og Carlson si avgjerd om å skiljast, fortel folk med kunnskap om situasjonen til TheWrap. Dominion har allereie teke imot si utbetaling frå Fox News og hadde ingen kommentarar om det som skjedde måndag.»


Medan søksmålet kanskje ikkje direkte førde til at Tucker vart oppsagt, er det sannsynleg at i framtida ønskjer leiinga i Fox News å ha mykje meir kontroll over det som blir sagt på programma deira.

Det kunne potensielt vere grunnen til at uavhengige tenkjarar slik som Dan Bongino og Tucker Carlson no er borte.

Dersom du går til Tucker si personlege nettside akkurat no, blir du møtt av ei melding som seier til deg at Tucker Carlson er «sensuren sin svorne fiende».

Eg trur det seier mykje.

  • 2. Big Pharma

For mindre enn ei veke sidan gjekk Tucker til brutalt åtak på Big Pharma og deira covid-vaksinar under ein av monologane sine.

Det var ein av dei beste monologane i heile hans karriere, og millionar av oss elska den.

Men det var ikkje noko han burde ha gjort dersom han ønskte ein lang karriere innan kabelnyheiter.

Robert F. Kennedy Jr. antydar at dette er den eigentlege grunnen til at Fox News kansellerte han:

«Fox sparkar @TuckerCarlson fem dagar etter at han kryssa den raude linja ved å erkjenne at TV-nettverka pusha ein dødeleg og ineffektiv vaksine for å gjere sine Pharma-annonsørar tilfredse. Carlson sin eksepsjonelt modige 19.april-monolog braut to av TV sine største reglar: Tucker fortalde sanninga om korleis grådige Pharma-annonsørar kontrollerte TV-nyheitsinnhald og han hudfletta servile nyheitsformidlarar for å fremje sprøyter som dei visste var dødelege og verdilause. I mange år har Tucker hatt nasjonens største publikum med 3,5 millionar sjåarar i snitt – 10 gonger so mange som CNN. Fox demonstrerte akkurat den skremmande makta til Big Pharma.»

  • 3. Rupert Murdoc og Fox News-leiinga

Det er ikkje noka hemmelegheit at leiinga i Fox News var byrja å få nok av Tucker Carlson, og Los Angeles Times rapporterer at avgjerda om å gje Tucker fyken «kom rett frå leiaren av Fox-konsernet Rupert Murdoch»:

«Fox News informerte om den forbausande avgangen til deira mest sette programvert måndag utan noka forklaring, men folk som kjenner til situasjonen som ikkje var autoriserte til å kommentere offentleg, sa at avgjerda om å sparke Carlson kom rett frå leiaren av Fox-konsernet Rupert Murdoch, med input frå styremedlemmer og andre leiarar i Fox-konsernet.»

Avisa hevdar òg at påstandane som Abby Grossberg kom med, spelte ei stor rolle:

«Carlsons avgang er relatert til diskrimineringssøksmålet begjært av Abby Grossberg, produsenten som fekk sparken frå nettverket sist månad, seier kjeldene. Carlsons senior executive producer Justin Wells har òg blitt oppsagt, ifølgje folk på innsida.

Grossberg vart fjerna frå ‘Sunday Morning Futures With Maria Bartiromo’ og flytta over til ‘Tucker Carlson Tonight’, der ho påstår at ho vart mobba og utsett for antisemittiske kommentarar, ifølgje eit søksmål i New York.»

Personleg tviler eg sterkt på dette.

Abby Grossberg er ikkje lenger i Fox News, og alle påstandane ho kjem med i søksmålet sitt høyrest temmeleg tvilsame ut.

Eg trur at leiarane i Fox News ikkje har noko anna skit på Tucker, so dei berre pælmar dette ut der for å få seg sjølve til å sjå ut som dei gode.

Til sjuande og sist kan der vere ein heilt annan grunn til at Rupert Murdoch og andre leiarar i Fox News ville ha Tucker vekk.

Ein person på innsida seier at Murdoch faktisk har planar om å selje selskapet, og at det vil vere mykje enklare å gjennomføre utan Tucker «som hovudstjerna»:

«‘Vi trur at Rupert ønskjer å selje selskapet, og at det er vanskelegare å finne ein institusjonell kjøpar med Tucker som hovudstjerna.’

‘Det at Tucker er vekke gjer det til eit meir appellerande selskap å kjøpe,’ seier kjelda.»

  • 4. 6.januar

Tucker Carlson fekk mykje tyn for å eksponere kva som verkeleg skjedde på U.S. Capitol 6.januar 2021.

Andre hovudstraums-nyheitsformidlarar har konsekvent og nådelaust karakterisert det som eit «opprør» [engelsk insurrection], men råmaterialet som House Speaker Kevin McCarthy gav til Tucker viste at dette ikkje var tilfellet i det heile.

Naturlegvis tok mange etablissementspolitikarar frå begge parti til kraftig motæle mot Tucker sine reportasjar, og Los Angeles Times seier til oss at dette er nok ein grunn til at Murdoch var so ivrig etter å sparke han ut bakdøra:

«Murdoch skal òg ha vore bekymra for Carlson si dekning av 6.januar-opprøret på U.S. Capitol. Verten har fremja konspirasjonsteorien om at det vart provosert fram av statlege agentar, og Carlson har kalla Ray Epps – ein Texas-mann som deltok i storminga av Capitol, men som ikkje gjekk inn i sjølve bygningen – som planta av FBI, utan å kome med noko bevis.»

  • 5. Å stille som presidentkandidat

I årevis har der versert rykte om at Tucker Carlson kjem til å stille som presidentkandidat i 2024.

Og no når han omsider er fri frå sine plikter i Fox News, påstår mange at han vil ta slikt eit steg:

«Etter at den konservative kommentatoren Tucker Carlson forlét Fox News måndag, har det blitt spekulert offentleg at han kan få i gang ein presidentkampanje i 2024.

‘Han kjem til å stille,’ skreiv Stephen L. Miller på Twitter, ein konservativ kommentator og redaktør i The Spectator, ei kjensle som mange mediefigurar på høgresida har gjenteke. ‘Det endrar betydeleg primærvalet for Republikanarar 2024 over natta,’ skreiv Philip Wegmann, ein Kvite hus-korrespondent for RealClearNews.

‘Hald eit auge med talar i Granite State,’ skreiv ein annan konservativ kommentator, Hugh Hewitt, på Twitter, og refererte til delstaten New Hampshire. ‘Han spelte alltid ned moglegheita for å stille som presidentkandidat, men det er ei open moglegheit no,’ skreiv Christopher Rufo, ein konservativ skribent og fellow ved Manhattan Institute, ein leiande tenkjetank på høgresida.»

Personleg trur eg at dette er ei samling nonsens.

Eg trur ikkje at Tucker Carlson nokosinne har hatt nokon planar om å stille som kandidat for eit offentleg embete.

Og eg trur iallfall ikkje at han kjem til å stille som presidentkandidat i 2024.

Men eg er sikker på at der vil halde fram med å kome spekulasjonar om framtida hans i dagane som kjem.

Personleg håper eg at han tek seg litt fri no.

Han har visseleg fortent det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s