Av Belle Carter, Natural News. Omsett av saksyndig.
Ei kanadisk kvinne lid framleis av skadar forårsaka av Wuhan koronavirus (covid-19)-vaksine etter at arbeidsgjevaren hennar ikkje godtok søknadene ho leverte for å få unntak frå vaksinen.
Mora og kona Claudia C. fortalde historia si på vaksineskade-nettsida Symptosi, som rapporterer om folks erfaringar etter å ha blitt injisert med covid-19-vaksinane. Før vaksineskadane var Claudia ein frisk person som var aktivt både i sitt profesjonelle og private liv. Ho leia til og med eit dagheim heime medan ho tok seg av sine tre barn.
Ho stengde dagheimen sin etter å ha teke imot ein statleg kontrakt, som fall saman med byrjinga på covid-19-pandemien. Etter å ha uttrykt ønske om å ikkje ta vaksinane som vart naudgodkjende, sendte Claudia to søknader med krav om unntak til sin arbeidsgjevar.
Eit brev frå legen hennar la vekt på hennar naturlege immunitet mot SARS-CoV-2 basert på blodprøvar, saman med risikoen for alvorlege reaksjonar dersom ho vart injisert. Det andre brevet kom frå hennar erkebiskop, som gav attest på at ho ville ha unntak basert på religiøse grunnar. Begge breva vart likevel avviste, noko som tvinga Claudia til å bli injisert med vaksinane for å kunne behalde jobben sin.
Ho tok fyrste dosen «med tårer i auga», og opplevde brystsmerter etter vaksinasjonen. Ei veke etter vaksinasjonen opplevde ho «konstant svimmelheit og trykk i hovudet», saman med ei brennande eller prikkande kjensle i venstre bein.
Ting vart verre for ho etter andre dosen. Ho hadde utvikla nervesmerte inni hovudet og ved tinningane i desember 2021. Claudia hadde òg utvikla brennande kjensler i hjernen, øyra, lymfeknutane, auga og tunga.
Å gå i trapper vart svært vanskeleg for Claudia. Ho kunne ikkje gå meir enn eitt kvartal og, mange gonger var ho ute av stand til å gå frå parkeringsplassen på arbeidsplassen til kontorskrivebordet sitt. Ho skildra vaksineskadane som fysisk og emosjonelt utmattande for ho.
Ivermectin forbetra Claudia si helse vesentleg
Nettsida nemnde òg at Claudia si helse «vart vesentleg betre» etter at ho fekk tak i ivermectin. Legemiddelet, som vanlegvis blir avfeia som «ormekur for hestar», fekk òg smerta og den brennande kjensla ho opplevde til å letne. Ivermectin har blitt forbode i dei fleste amerikanske delstatar for bruk hjå menneske av Food and Drug Administration (FDA). (Relatert: Lege som vitna om ivermectin som tidleg behandling for covid vart tvinga ut av sjukehusstyremøte.)
«Ivermectin har gjort slik at ho unngår det ekstreme ubehaget som ho opplevde før, derimot held ho fram med å oppleve jamlege oppblussingar og nevrologiske symptom (rykkingar, vogging og svimmelheit),» heldt artikkelen fram, og la til at trebarnsmora har teke kosttilskot. Desse kosttilskota, saman med ivermectin, har hjelpt ho med å oppretthalde eit helsenivå som lèt ho fungere på dagleg basis.
«Claudia si tru er sterkare enn nokosinne, og det er trua hennar som har gjeve ho styrke i denne vanskelege tida. [Ho] håper at ved å dele historia si kan ho få merksemd rundt dei verkelege problema, og late andre vete at dei ikkje er åleine.»
Symptosi sin «om»-seksjon peikte på korleis vaksinane vart utvikla over eit kort tidsrom og godkjent for bruk utan nok kliniske forsøk – ikkje eingong fagfellevurderte data som viser at sprøytene reduserer alvorleg sjukdom hjå dei som får viruset.
«Folket vart forvissa om at vaksinane var grundig testa. Derimot byrja merkelege ting å skje med enkelte etter at dei fekk vaksinane,» sa den. Nettstaden sa at inokuleringane [vaksinasjonane] ikkje beviseleg stoppa smitte og at «dei fleste ikkje går reelt informert samtykke».
I denne videoen avslører hjartelegen dr. Peter McCullough til Alex Newman at 71% av menneske vart funne døde heime etter å ha teke covid-19-vaksinen.