Siste orsaking frå den amerikanske regjeringa om dødelege covid-«vaksinar»: «Vi sa at de burde ta dei, men vi meinte det eigentleg ikkje»

Av Ethan Huff, NewsTarget. Omsett av saksyndig.

Som vanleg går amerikanske Food and Drug Administration (FDA) i bresjen for løgnaktige statlege embetsfolk slik som Tony Fauci, Rochelle Walensky og den falske presidenten Joe Biden, der alle som éin laug til det amerikanske folket om Wuhan koronavirus (covid-19)-«vaksinane».

Kvar av desse landssvikarane fortalde ved minst eitt høve amerikanarane at dersom dei samtykte til å bli injiserte, ville det stoppe all smitte av Fauci Flu [covid-19]. Dette var ei løgn – og regjeringa innrømmer no at det var ei løgn – men FDA prøver å forsvare desse globalist-kjeltringane ved å hevde at dei ikkje eigentleg meinte det dei sa.

Ein petisjon levert inn av Coalition Advocating for Adequately Labeled Medicines (CAALM) [«koalisjon som kjempar for tilstrekkjeleg merking av legemiddel»] til FDA inneheld eit knippe av dei uriktige ytringane som vart gjort av Fauci, Walensky og Biden på høgda av bløffdemien, der løgnene deira vart eksponerte. Dei er følgjande:

Fauci hevda uriktig at «når du blir vaksinert… blir du ei blindgate for viruset.»

Walensky hevda uriktig at «vaksinerte menneske ber ikkje viruset i seg.»

Biden hevda uriktig at «du kjem ikkje til å få covid» dersom du blir injisert.

Alle desse påstandane er reine løgner, og CAALM krev svar. Den einaste responsen dei får, derimot, er meir tåkelagde påstandar om at ingen av desse folka gjorde noko gale fordi, offisielt, var injeksjonane teknisk sett (blir vi fortalt) aldri lisensiert eller autorisert «for å hindre infeksjon med SARS-CoV-2-viruset eller for å hindre overføring av viruset, ei heller var dei kliniske forsøka som støtta godkjenninga og autoriseringa designa for å vurdere om vaksinane hindrar infeksjon eller overføring av viruset.»

Med andre ord er FDA sin ståstad den at til og med då amerikanarane vart fortalt løgner av den noverande administrasjonen om dei påståtte fordelane med Fauci Flu-sprøytene, og vart oppmuntra til å bli injiserte basert på desse, meinte dei faktisk ikkje det dei sa, og burde difor sleppe unna.

(Relatert: Sjekk ut vår nylegaste dekning av det modifiserte RNA-et, eller modRNA, som er skjult inni covid-injeksjonar for å lære meir om kvifor desse greiene er høgst dødelege.)

FDA forsvarer Fauci, Walensky og Biden: seier dei òg kom med «kompenserande ytringar» som sa sanninga

Sidan FDA er like korrupt som, om ikkje verre enn, den nyss nemnde trioen, gjev det fullstendig meining at det føderale byrået straks gjekk i forsvarsmodus som respons på CAALM-brevet.

«Dykkar petisjon… tek ikkje med dei kompenserande ytringane gjort av somme av desse embetspersonane,» gav FDA som respons til dei. «Til dømes har dr. Fauci sagt at vaksinane ikkje vart utvikla for å beskytte mot infeksjon, og dr. Walensky har sagt at høg virusmengd hjå vaksinerte personar ‘antydar ein auka risiko for overføring’.»

Desse kompenserande ytringane var faktisk berre desse korrupte vesena som snakka med kløyvde tunger, og med det effektivt narra amerikanarar til å tru på løgner. FDA har derimot aldri anerkjent dette, og held i staden fram med å forsvare dei endelause løgnene til det noverande regimet.

«Som respons på Dykkar petisjon, er vi verken einige eller ueinige med nokon av ytringane som er valde ut i petisjonen,» skriv FDA vidare.

«Heller observerer vi at ytringane referert i petisjonen ikkje demonstrerer ei utbreidd tru om at dei kliniske forsøka kom med vesentleg evidens for effektivitet mot SARS-CoV-2-overføring. Vi er ikkje overbeviste om at der er noka utbreidd feiloppfatning av dette.»

Frå Malone [eigentleg Chris Bray; oms.an.] sin ståstad er denne FDA-responsen den same som at byrået fastslår at alle påstandar om covid-sprøyter, påbod og annan tyrannisk fascisme «berre var nokre ord som ved eit uhell fall ut av kjeften tilfeldig, og vi meinte det aldri».

«Det er som å sjå Den franske revolusjonen ende med at ein bråte med folk i gata seier at denne giljotin-greia, øh, kanskje det ringjer ei bjølle…?» konkluderer han.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s