Kvifor globalisteliten måtte øydeleggje Georgia Guidestones i 2022

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Georgia Guidestones var eit mystisk monument der det var meisla inn ti «bod» for ein «ny tidsalder av fornuft». Det fyrste bodet? Halde verdas befolkning under 500 millionar. Er de klare for eit anna dystert faktum? Bakmennene til det som vart kalla det amerikanske Stonehenge er framleis eit «mysterium»… bortsett frå dei som veit om det. Denne videoen tek føre seg ei mange trekka som definerte dette monumentet, den mørke bodskapen der det vart bede om ein ny verdsorden, og forklarer kvifor det okkulte hemmelege samfunnet som bygde det, bestemte at 2022 var året dei skulle rive det ned.

Georgia Guidestones, som vart laga av fire massive steinar av typen pyramide-blå granitt, var seks meter høge og utgjorde eit mystisk landemerke i Elberton fylke i delstaten Georgia. Medan landemerket var underleg nok til å trekkje til seg merksemd langvegsfrå, var det teksten som var skriven inn på steinane som vekte mest interesse. På granittsteinane var det skrive ti «bod» eller «retningslinjer» [engelsk guides] inngravert på åtte ulike verdsspråk.

Ein kortare beskjed er skriven inn på toppen av strukturen på fire oldtidsspråk: babylonsk, klassisk gresk, sanskrit og egyptiske hieroglyfar. Det er viktig å merke seg at dei fire siste oldtidsspråka er særs viktige i det okkulte hemmelege klikkar lærer frå seg, slik som frimurarane og rosekors-ordenen, grupper som vi vil diskutere seinare.

Desse retningslinjene rører ved tema som er tilknytt «Den nye verdsordenen», inkludert massiv avfolking, ei eiverdsregjering, innføringa av ein ny type spiritualitet, og allusjonar til kontroll over menneskeleg forplanting og eugenikk. Derimot var det den aller fyrste retningslinja som gjorde Guidestones so kontroversielle:

«Hald menneskeheita under 500 millionar i æveleg balanse med naturen.» [på originalspråket: Maintain humanity under 500,000,000 in perpetual balance with nature.]

For å oppnå ei befolkning på mindre enn 500 millionar, må menneskeheita reduserast med rundt 94%. Av denne grunn trudde ein at Guidestones var det konkrete beviset på eliten si interesse i massiv avfolking.

Høyrest dette kjent ut? Alle som har følgt med i seinare år vil ha merka seg at eliten er besett av dette temaet.

Bill Gates vart teken i å innrømme at han håper vaksinar og fødselskontroll reduserer den menneskelege befolkninga.

Og Gates er ikkje åleine. World Economic Forum, leia av Klaus Schwab, har gjort planane sine for menneskeheita tydelege. Schwab si høgre hand, Yuval Noah Harari, erklærte nyleg at WEF ser på det store fleirtalet av befolkninga som ubrukelege og til overs.

Ifølgje Harari gjer sokalla «vanlege menneske» rett i å frykte ei framtid der dei til bli gjort «overflødige». Slik frykt er rimeleg, ifølgje Harari, som snakka på vegner av elitane og bekrefta «vi treng rett og slett ikkje mesteparten av dykk.»

Harari sine kommentarar er djupt urovekkjande fordi når dei blir plassert i kontekst med kommentarar frå andre WEF-rådgjevarar slik som Bill Gates og Jane Goodall, blir det tydeleg at «boda» på Georgia Guidestones blir følgde av ein global elite.

Det er nesten som om dei les eit manus rett frå granittsteinane til Georgia Guidestones.

Og dersom de lurer på kven som vil vere dei heldige få som overlever den store avfolkinga, har WEF svaret til dykk. Overrasking: det er den globale eliten, som vil overleve masseutryddingshendinga takka vere det Yuval Harari skildrar som ein «teknologisk Noas ark».

Når det er sagt, har Guidestones no gått inn i historiebøkene. Før vi forklarer kvifor dei vart øydelagde, er det verdt å ta eit gjenblikk på øydelegginga.

I åras løp trekte landemerket til seg mykje merksemd frå dei som forguda det og dei som hata det. Visseleg var monumentet åstad for merkelege ritual og samlingar av heidenske og okkulte grupper – ofte på datoar av astronomisk tyding. Det var òg målet for hærverk i form av sataniske symbol og meldingar mot Den nye verdsordenen som vart spraya på strukturen ved talrike høve.

So, 6.juli 2022, rundt fire om morgonen, vart eksplosiv detonert av «ukjende personar».

Eksplosjonen reduserte ein av steinane til grus og skadde alvorleg toppsteinen. Etter detonasjonen vart det filma ein bil som forlét åstaden. Georgia sitt etterforskingsbyrå sa i ein melding at dei etterforskar eksplosjonen saman med Elbert fylke sitt sheriffkontor.

Deretter, nokre timar seinare, vart strukturen fullstendig jamna med jorda på grunn av «tryggleiksårsaker».

Medan det ekte Stonehenge framleis står etter 5000 år, varte USA sitt Stonehenge, med sine retningslinjer for ein ny verdsorden, knapt nok 40 år.

So, kven gav ordre om at Guidestones skulle byggjast? Kven gav ordre om å rive det ned? Og, viktigast av alt, kvifor?

I 2013 sa Wyatt Martin, mannen som hjelpte til med å mekle fram konstruksjonen av monumentet:

«Eg svor ein eid til den mannen, og eg kan ikkje bryte den. Ingen vil nokosinne vete det.»

Når det er sagt, for dei som kjenner til det, var det aldri eit «mysterium» kven som stod bak Guidestones. Dei gøymde seg alltid i full offentlegheit.

Pseudonymet til den mystiske mannen referert til av Wyatt Martin var «R.C. Christian». Dette er ein ganske so openberr referanse til Christian Rosenkreuz, den legendariske grunnleggjaren av Rosekors-ordenen – eit hemmeleg samfunn som spelte rolla til ei skjult hand, og som sterkt påverka verdshendingar i fleire hundreår.

Alt ved dette monumentet peikte direkte på den okkulte eliten og det hemmelege samfunnet som var drivkrafta bak deira filosofi. Sjølv om monumentet er vekke, er ny verdsorden-ideala bak det ikkje. Desse ideala har eksistert i fleire hundreår.

Derimot har ting i det 21.hundreåret endra seg.

Medan massane ein gong i tida var fullstendig uvetande om agendaen til den globale eliten, har informasjonsalderen forårsaka ei masseoppvakning. No blir planane til den okkulte eliten møtt med stadig meir motstand og motbør.

Dette fører oss til grunnen til at Guidestones vart øydelagde, og at deira globalistiske beskjed vart fjerna. I ein tidsalder av villeiande og forvirrande propaganda, var Guidestones rett og slett for tydelege, for konsise og for fordømmande.

Den globalistiske eliten sine sanne intensjonar – inkludert verdsregjering, avfolking og eugenikk – var bokstavleg tala meisla inn i stein, slik at alle kunne sjå dei.

Dette er grunnen til at Guidestones vart rivne ned. Eliten vil ikkje lenger at vi skal vete om deira langsiktige planar for menneskeheita.

Ikkje-valde globale elitar, leia av Bill Gates og World Economic Forum, set ut i livet alle boda i Georgia Guidestones.

I desse dagar prøver dei å skjule sine sanne intensjonar bak fleire lag med svada, sludder, konsern-preik og propaganda for å halde massane i mørket, der dei trur dei høyrer heime.

Derimot, medan Guidestones er vekke, held dei ti «boda» eller «retningslinjene» inngravert på granittyta fram med å kaste lys på dei mørke dådane til eliten, og forklare deira sanne agenda.

Det er viktig at vi deler denne viktige informasjonen og vekkjer opp so mange som vi kan. Dette er den einaste måten å bekjempe dei som ønskjer å innføre ein Ny verdsorden, med alt det inneber.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s