Den tyske helseministeren åtvarar om stenging av sjukehus

Berlin må handle «raskt og drastisk» for å unngå manglar i helsevesenet, seier Karl Lauterbach.

Henta frå RT.com. Omsett av saksyndig.

Mange sjukehus i Tyskland kan bli slegne konkurs på grunn av skyhøge energiprisar og inflasjon, med mindre den føderale regjeringa kjem med noka form for assistanse, hevda helseminister Karl Lauterbach sundag [16.oktober 2022].

«Dersom vi ikkje reagerer raskt og verkeleg drastisk, vil der bli stengingar,» fortalde Lauterbach rikskringkastaren ARD, og la til at «sjukehusa vil stå overfor eit særs drastisk likviditetsproblem dei neste månadene.»

Den tyske sjukehusføderasjonen klaga sist veke at finansieringsgapet kan kome opp i rundt 15 milliardar i 2022 og 2023, men Lauterbach feia det estimatet til side, og sa at ingen kan føreseie kor dyr straumen vil bli neste år. Føderasjonen sa derimot at ekstra energikostnader utgjer rundt ein tredjedel av den summen, medan resten var «ikkje-refinansiert auke i materielle kostnader» på grunn av skyhøg inflasjon.

Helsesjefen skal etter planen møte finansminister Christian Lindner på tysdag [18.oktober] for å diskutere potensielle former for assistanse som regjeringa kan tilby, men har for no gått vekk frå å skape spesialiserte føderale midlar for å hjelpe helseomsorgsfasilitetane med å halde seg flytande.

«Sjukehusa er i ein særs spesiell situasjon,» sa han, men «vi kan ikkje skape separate spesialmidlar for kvar sfære.»

Årleg inflasjon i Tyskland held fram med å stige med tosifra tal, og akselererte til 10,9% i september, viste endelege data frå det føderale kontoret for statistikk (Destatis) på tysdag. Inflasjonsraten har nådd «ein ny topp sidan den tyske gjenforeininga [mellom Aust- og Vest-Tyskland], sa Destatis-president Georg Thiel, og gav «enorm prisauke» på energiprodukt, so vel som matkostnader, som hovudgrunnane for den høge inflasjonen.

Leiande tyske økonomar har nyleg åtvara om at skyhøge gassprisar kan tvinge EU si største økonomi over i resesjon. Dei spår at Tyskland vil bli blant dei landa som blir hardast råka av den globale økonomiske tilbakegangen neste år.

EU strevar for tida med ei alvorleg energikrise, der gassprisar når rekordhøge nivå, noko som driv oppover den generelle inflasjonen. Russland dekte ein gong meir enn 40% av EU sitt gassbehov, før starten av sin militære operasjon i Ukraina og dei påfølgjande sanksjonane. Forsyningar har falle dramatisk dette året, noko som forverrar energikrisa sidan blokka er ute etter å redusere si avhengigheit av russisk energi og straffe Moskva.

Den tyske energigiganten EnBW AG erklærte på tysdag at gassprisar for hushaldningar vil auke igjen med gjennomsnittleg 38%, frå og med 1.desember. Erklæringa kjem rundt tre månader etter at den førre auken vart sett i kraft.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s