Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Det kvite hus sitt kontor for vitskapleg og teknologisk politikk [The White House Office of Science and Technology Policy] har lansert ein femårig forskingsplan som har som mål å utvikle metodar for å reflektere sollyset tilbake til rommet for å «kjøle ned» planeten og redde den frå «global oppvarming».
For berre nokre år sidan vart uavhengige media stempla som ein gjeng ville «konspirasjonsteoretikarar» for å åtvare om at klimasektmedlemmene skifta gir og retta målet rett mot sola for eliminering. No er konspirasjonsteoriane som vi åtvara dykk om i ferd med å bli konspirasjonsfakta.
Ideen bak planen om å blokkere sola er å regulere nivået av ultrafiolett (UV) eksponering på jorda. Dersom nok av dei kan bli blokkerte og reflektert tilbake i rommet, vil temperaturen kanskje gå bitte litt ned, som vi blir fortalt vil hjelpe polariskappene og hindre at strandeigedommar står under vatn i framtida.
Ein måte som globalistane planlegg å bruke for å blokkere sola, er gjennom stratosfæriske aerosol-injeksjonar, òg kjent som «chemtrails». De hugsar sikkert at chemtrails òg vart stempla som ein «konspirasjonsteori» før dei til slutt vart bekrefta som nok eit konspirasjonsfaktum.
Der var òg idear som kvervla rundt om å gjere havskyer «lysare» og cirrus-skyer «tynnare», som klimasektmedlemmene seier kan stoppe sola frå å gjere planeten for varm på dagtid.
«Stratosfærisk aerosol-injeksjon går ut på å spraye ein aerosol slik som svoveldioksid opp i stratosfæren, og fordi den har potensialet til å påverke heile kloden, får den ofte mest merksemd,» rapporterte CNBC.
«Medan argument for moralsk fare har stukke kjeppar i hjula for forsking, får ideen meir presserande merksemd i den stadig verre klimakrisa.»
Investering i klimateknologi lovpriser Biden for å bane veg for meir profitt på global oppvarming
Solblokkeringsplanen frå Det kvite hus sitt kontor for vitskapleg og teknologisk politikk, som vart underskriven av den falske «presidenten» Joe Biden, vil sannsynlegvis involvere spraying av svoveldioksid i atmosfæren, som til og med CNBC innrømmer har «skadelege effektar på miljøet og helsa til menneske.»
Det er verdt det, i det minste ifølgje «vitskapsfolk og klimaleiarar», som lever i konstant frykt for ting som for varmt vêr og andre påståtte «endringar» på klimaet som bekymrar dei.
«Refleksjon av sollys har potensialet til å sikre levebrødet til milliardar av menneske, og det er eit teikn på Det kvite hus sin leiarskap at dei fører forskinga framover slik at alle framtidige avgjerder kan ha rot i vitskap og ikkje geopolitisk avgrunnspolitikk,» lovpriste Chris Sacca, grunnleggjar av klimateknologi-investeringsfondet Lowercarbon Capital, som tener på denne forma for klimagalskap.
Trass den openberre interessekonflikten mellom Sacca sitt føretak og agendaen til Bidens Kvite hus, insisterer Sacca på at han har «null finansielle interesser bortsett frå filantropi».
Ifølgje David Keith, ein professor ved Harvard University, har ideen om å blokkere sollys for å stoppe global oppvarming eksistert sidan iallfall 1965. Det er berre at i dag blir det teke mykje meir alvorleg enn det var tilbake på den tida, truleg fordi samfunnet held fram med å bli dumma ned til eit absolutt idiokrati kontrollert av forskrudde klimasektmedlemmer.
Same året vart det i ein rapport med tittelen «Restoring the Quality of Our Environment», gjeven til dåverande president Lyndon B. Johnson, lufta ideen om å skyte partiklar over havet til ein pris av 100 dollar per 1,6 kvadratkilometer. Totalt, utifrå verdien på dollaren på den tida, vart det estimert at å redusere global temperatur på den måten ville koste rundt 500 millionar dollar per år.
Ikkje alle er overbevist om at blokkering av sollys er vegen å gå, inkludert Janos Pasztor, adm.dir. i Carnegie Climate Governance Initiative. Han seier at «modifisering av solstråling vil aldri bli ei løysing på klimakrisa.»