Som ein potensiell metode for å gjere folk økonomisk «avleggs», føreslår Yuval Noah Harari statleg omdistribuering av rikdom – ikkje berre nasjonalt, men globalt
Av Emily Mangiaracina, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.
Topprådgjevaren i World Economic Forum (WEF), Yuval Noah Harari, erklærte nyleg at verda ikkje «treng det store fleirtalet» av den noverande befolkninga på grunn av teknologiske framsteg.
Harari kom med den bombastiske erklæringa i eit intervju med Chris Anderson, leiaren i den populære TED mediagruppa, noko som er ei gjentaking av tidlegare spådommar om ein «ubrukeleg klasse» av menneske «som ikkje kan tilsetjast».
Harari sitt forslag no i det 21.hundreåret – som gjekk langt frå haldninga i det 20.hundreåret, då dei «store heltane» i dei politiske systema sine rådande forteljingar alltid var «vanlege folk» – er at folk «ikkje lenger er del av framtidas historie». I staden, ifølgje Harari, har dei blitt erstatta av kunstig intelligens (AI; artificial intelligence) og skovne til side av ein høgteknologisk økonomi.
Forfattaren og føredragshaldaren presenterte til Anderson «hypotesen» om at angst om å bli erstatta i den framtidige økonomien av AI og ein høgt utdanna «tech»-klasse, ligg delvis i rota av verdas «desillusjon og motbør mot den liberale ordenen».
«Del av det som kan gå føre seg, er at folk innser – og dei har rett når dei tenkjer det – at «framtida treng meg ikkje… Kanskje, om dei er greie, vil dei kaste nokre smular mot meg, slik som universell grunnløn.» Men det er mykje verre psykologisk å føle at du er ubrukeleg, enn å føle at du blir utnytta,» sa Harari.
«No, spol fram til det tidlege 21.hundreåret når vi rett og slett ikkje treng det store fleirtalet av befolkninga,» heldt Harari fram. «fordi framtida handlar om å utvikle meir og meir sofistikert teknologi, slik som kunstig intelligens og bioengineering.»
Harari la til at «desse teknologiane vil i aukande grad gjere overflødig kva enn folk framleis gjer som er til nytte» og som dermed vil «gjere det mogleg å erstatte dei menneska».
Medan han vedgjekk overfor Anderson at teknologiar slik som AI vil opne nye og «meir interessante jobbar», argumenterte Harari at «det er ikkje tydeleg at mange menneske vil vere i stand til å utføre dei, fordi dei vil krevje høgt evnenivå og mykje utdanning».
Anderson, ein tanke sta, kom med måtar menneske kunne – og, føreslo han, burde – halde fram med å spele ei verdifull rolle i verdsøkonomien på, eller i det minste i samfunnet.
«So igjen, i eit desperat forsøk på å vinkle dette i ei meir håpefull retning… mange av jobbane som blir erstatta er faktisk temmeleg keisame jobbar som ikkje verkeleg går inn til kjernen av kva mennesket er,» sa Anderson.
Han peikte deretter på at «når du tek eit steg tilbake, er det ikkje mangel på ting som treng å gjerast,» inkludert det å adressere verdas «millionar av einsame menneske».
«Folk er verkeleg gode i å få einsame til å ikkje føle seg einsame, og so godt som alle kan gjere det,» sa Anderson. «Du veit, samfunn er eit rot. So godt som alle som bur ein stad kan i prinsippet gjere noko for å gjere samfunnet betre. Dei kan måle eit gjerde, eller gjere friviljug arbeid, eller kva som helst.»
Harari argumenterte deretter for at å kunne «anerkjenne aktivitetar som samfunnsbygging og familieoppdraging som jobbar […] treng vi nye økonomiske og sosiale modellar».
Då Anderson spurde Harari om han ser «noka løysing på det problemet anna enn» meir skatte-omdistribuering av staten, svarte Harari: «Det er den tradisjonelle rolla til staten. Når marknaden ikkje er effektiv nok til å omdistribuere rikdommen, blir dette jobben til staten.»
Harari gjekk so langt som å føreslå at rikdom vil måtte omdistribuerast globalt, slik at profitten til tech-selskap i USA og Kina kan vere til gode for menneske i mindre teknisk utvikla land.
«Eg vil seie at det desidert største problemet ikkje ligg på det nasjonale nivået. Det er på det globale nivået,» sa Harari, som la til at medan han kan førestille seg omdistribuering av rikdom frå «tech-kjemper i California» til «mødrer i Pennsylvania», ser han ikkje at rikdommen kan bli omdistribuert til «Honduras eller Mexico eller Brasil.»
Til slutt peikte Anderson på den uerstattelege rolla til menneske, og spurde Harari:
«Finst der eit scenario der vi kan skrive oss sjølve tilbake i denne historia på ein nokso viktig måte som det å vere dei einaste i universet som vi veit om som faktisk er i stand til det som speler mest rolle i universet – altso kjærleik, glede, kreativitet, den typen fredskjensle som du snakka om?
Teknologi kan ikkje gje oss råd om kva som ligg djupast i hjarta våre. Vi burde ikkje late det gjere det, vi burde behalde kontroll; faktisk lage teknologien vår som tenarar for dei tinga. Og, på ein måte, burde teknologi i forholdet mellom teknologi og oss sjå på sansande vesen som gudar, som har superkrefter den ikkje veit noko om. Ikkje? Er det latterleg?»
Harari adresserte ikkje direkte Anderson sitt poeng, men gjekk inn på «spørsmålet om sanseevne og medvit» som «det viktigaste spørsmålet i dette tilfellet» og «den største gåta i vitskapen».
Det at Harari veik unna spørsmålet kan stamme frå hans ikkje-opphøgde syn på menneske, som blir reflektert i påstanden hans om at «Homo sapiens herskar over verda fordi det er det einaste dyret som kan tru på det som berre eksisterer i deira eigen fantasi, slik som gudar, statar, pengar og menneskerettar,» ein grunnleggjande moment i boka hans Sapiens: A Brief History of Humankind.
Ideen hans er gjenteken i hans berømte påstand om at vi «burde bli vande til idden om at vi ikkje lenger er mystiske sjeler», men er «no dyr som kan hackast».
Som topprådgjevaren til WEFs leiar og grunnleggjar Klaus Schwab, reiser Harari sitt synspunkt om at verda no har eit overtal av «ubrukelege menneske», saman med hans openlyse degradering av menneske som likestilte med dyr, spørsmålet om WEF sine mål er forma av eit slikt syn – og dersom det er det, i kor stort eit omfang.
Sanneleg plasserer WEF omgjevnaden, og ikkje menneske per se, i senteret for prioritetane sine. Dei har inngått partnerskap med FN, som er ivrig for abort og prevensjon – og WEF sin Store tilbakestilling (Great Reset)-agenda har mant fram bekymringar om skaden som er gjort på levebrødet og velværet til menneske rundt om i verda.
Til dømes argumenterer enkelte for at WEF ønskjer den for tidlege avskaffinga av fossile drivstoffkjelder i favør av «grøne», men dyre og upålitelege energikjelder på ein slik måte at dei legg demparar på energibruk og skader heile økonomiar med ein bølgjeeffekt.
Meir bevis for slikt eit verdssyn er WEF si støtte til Covid-nedstengingar, som resulterte i eit hav av tapte jobbar, massiv auke i depresjon, ein auke i vald i heimen, og andre skadelege effektar. Faktisk bad WEF om «strengare» nedstengingar, trass slik verdsomspennande elende, og lovpriste nedstengingane for effekten dei hadde på å redusere utslepp av drivhusgassar og forureining.