Av «Tyler Durden», ZeroHedge. Omsett av saksyndig.
Vidare bevis for at Verdas helseorganisasjon (WHO) i beste fall er misguida, i verste fall ubrukelege, er at byrået no ber «om hjelp frå folket» til… ikkje å bekjempe apekoppar… men å omdøype dei.
No veit vi i det minste at byrået har orden på prioritetane sine…
WHO gjekk ut førre veke og bad om nye namn på apekoppar «som del av ein pågåande innsats for å ikkje oppmuntre til skadelege feiloppfatningar assosiert med det noverande namnet», ifølgje Bloomberg.
«WHO held ein open konsultasjon for eit nytt sjukdomsnamn på apekoppar. Alle som ønskjer å kome med forslag til nytt namn kan gjere det,» sa byrået i ei faktisk melding som vart mekka av nokon som burde ha brukt energien sin på å faktisk kjempe mot viruset.
Og den utmerka bruken av ressursar stoppar ikkje der. WHO har òg sett opp ein nettportal der folk kan sende inn idear. Omdøypinga av viruset kjem som følgje av «krav frå internasjonale vitskapsfolk» og «folkehelsetilsette» som har påstått at det noverande namnet ber med seg skadeleg stigmatisering.
Dei same nettprogrammerarane som har sett opp nettportalen har òg openbert bestemt å ha namnet «apekoppar» spreidd utover WHO si nettside.
Og dersom du trur at namnet er ille, berre vent til du faktisk får viruset.
Utbrotet omfattar no meir enn 31 000 tilfelle sidan mai, der dei fleste kjem frå USA. Viruset har blitt uproporsjonelt spreidd av menn som har sex med menn, skreiv Bloomberg.
Viruset vart oppdaga i 1958 før ein hadde teke til seg «dei beste praksisar» for å gje namn til sjukdommar og virus.
Vi opnar opp innsendinga berre for å få alle i gang. Kva med «bæsjeinfluensa»?
Kommentar frå saksyndig: Alt anna enn «pride-koppar» vil her vere akseptabelt…