Vaksine-agendaen vart designa for å leggje økonomien i grus

Av S.D. Wells, Natural News. Omsett av saksyndig.

Gjer alt som den korrupte regjeringa ber dykk om å gjere og de vil bli blakke, sjuke og sveltande på kort tid. I USA er frykt big business, og på berre to år har virusmanien si propagandamaskin gjeta 270 millionar amerikanarar strake vegen til giftbrønnen – underkasting gjennom vaksinasjon. Slik David Copperfield fekk Fridomsstatuen til å forsvinne på direktesendt TV, brukte det vaksine-industrielle komplekset triks og fanteri til å få grunnlovsfesta rettar til å forsvinne, og medisinsk fridom til å gå opp i flammer – rett framfor auka dykkar.

Det stemmer, folkens, kom fram her og ver vitne til det umoglege! – nedstengingar, befolkningsreduksjon, hald dykk heime-ordrar, stans i hamneoperasjonar, trykking av «stimulus»-pengar for å halde alle heime, kollaps i forsyningskjeden, massearbeidsløyse og konkursen til småbedrifter – alt var festa til vaksineagendaen. Dersom du ikkje kan sjå skogen for berre tre, er det på tide å fare opp og sjå den frå helikopter. Du vil bli forbløffa.

Dei EKTE grunnane til at Covid-19-«vaksinar» ikkje blir produserte for å fungere slik som alle andre sprøyter mot smittsame sjukdommar

Spør dykk sjølve to enkle spørsmål om dei sokalla Covid-19-«vaksinane» og svara vil overraske dykk på største vis. Det vaksine-industrielle komplekset vil ikkje at nokon nokosinne stiller desse spørsmåla, og desse to spørsmåla vil aldri bli stilte på nasjonale media eller svart på av CDC.

Spørsmål 1: Kvifor skapte ikkje Big Pharma Covid-19-«vaksinane» for å fungere på same måten som alle andre vaksinar har fungert fram til i dag?

Spørsmål 2: Kvifor får, spreier og døyr so mange «fullvaksinerte» av Covid-19?

Svar på spørsmål 1: Covid-19-«vaksinane» er ikkje vaksinar i det heile. Dei er designa for å skape alvorleg betennelse og forverre allereie eksisterande sjukdommar og tilstandar, slik at Big Pharma skal tene store pengar, og redusere verdas befolkning betydeleg.

Svar på spørsmål 2: Covid-19-«vaksinane» hindrar ikkje folk i få og overføre viruset. Dei hindrar heller ikkje dei meir alvorlege tilfella av det, eller til og med dødsfall av det, fordi piggproteina ikkje er dei same som det sokalla «ville» viruset, som vart genetisk modifisert i eit laboratorium i Wuhan.

Korleis bidreg alt dette til å leggje økonomien i grus? Enkelt. Etter kvart som arbeidsstyrken døyr eller blir for sjuke til å vere i arbeid, får dei trygdeytingar og «hald dykk heime gratis»-sjekkar frå O’Biden-administrasjonen [Obama og Biden; somme trur at det eigentleg er Obama som styrer USA via djupstaten; oms.komm.].

Dette gjer til at alle stemmer for meir gratis pengar medan alle fridommane deira blir utsletta, inkludert medisinske val og eigarskap av skytevåpen. I mellomtida byrjar blodpropp-sprøytene å verke på alle, noko som sender dei i flokk til legar, sjukehus og gravlunden i millionar.

Betennelse, blodproppar og hjarteproblem er ikkje «biverknader» av Covid-19-sprøyter; dei er den eksakte grunnen til at injeksjonane vart skapte

For å leggje økonomien fullstendig i grus, er det særs viktig for Demokratane i Washington D.C., der dei jobbar side om side med Big Pharma, å leggje so mykje av arbeidsstyrken ned for teljing som mogleg. Har de fått perikarditt eller myokarditt? Av garde til sjukehuset for å ta dei dyraste diagnostiske testane de nokosinne har sett. De vil kanskje til og med trenge ein pacemaker.

Har de fått sjeldne blodproppar ut av det blå? Det er grunnen til at alle innan uavhengige media kallar dei «blodpropp-sprøyter» [engelsk clot shots]. På tide å få fjerna desse. Vil det koste nokre hundre tusen dollar? Fekk de med dykk det? Den nye verdsordenen sine IRS-agentar [det føderale skatteinnkrevjingsbyrået; oms.an.] vil sikre seg at de betaler, eller blir kasta i fengsel for å ikkje betale.

Vaksineagendaen vart designa for å leggje økonomien i grus. Kan de sjå det? Ved å underkaste seg vaksinane, underkastar størstedelen av befolkninga seg heile virusmani-agendaen. Går de med munnbind som ein lydig liten maur? Blir de testa med jamne mellomrom med uekte, falsk-positive PCR-testsett som de beleilegvis har liggjande heime? Vil de skulde den kroniske betennelsestilstanden, blodproppane og ujamne hjarterytmen på den laboratorieskapte sjukdommen eller dei laboratorieskapte vaksinane?

Alle andre vaksinar fungerer annleis enn Covid-19-sprøytene

Covid-19-genterapiinjeksjonar er designa for å gjere dei sjuke sjukare, å hindre fødslar av nye barn (vaksine-indusert spontanabortar og dødfødslar), og å hindre dagens barn i å lage fleire menneske dei komande åra (det er grunnen til at piggprotein går til åtak på eggstokkane).

Alle andre vaksinar inneheldt kontaminantar for å gjere folk sjuke og dumme, inkludert genetisk modifiserte virus og kvikksølv (tenk multi-dose-influensasprøyter). Men Fauci-influensasprøytene [Covid-19] inneheld nanoteknologi som invaderer og øydelegg vitale organ, inkludert hjartet, hjernen, levra og eggstokkane/testiklane. Dette er den ultimate befolkningsreduksjons-«mekanismen», og vil til sjuande og sist øydeleggje den amerikanske økonomien.

Har de fått Piggprotein-syndrom? Milliardar av menneske er infiserte no. Dette helikopteret vil «lande» snart. Pass på blodpropp-oppfriskningsdosane. Og pass på ein kinesisk (CCP) landinvasjon, som «på magisk vis» kjem frå jordbrukslandet dei driv og kjøper medan de sit og les dette.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s