Demokratar preikar om «overbefolkning», men realiteten er svært annleis

Av Tom Williams. Henta frå The Blue State Conservative. Omsett av saksyndig.

Vi har alle høyrt historier om overbefolkning og den lurande krisa som kan oppstå. Mange historier seier at der finst vonde menneske der ute som trur so mykje på det at dei aktivt prøver å redusere befolkninga med ymse former for politikk, og til og med via potensielt vondsinna metodar.

De hugsar sikkert at Georgia Guidestones nyleg vart øydelagt, der lokale innbyggjarar skulda på konspirasjonsteoriar og fremja denne ideen om befolkningsreduksjon. Eit av nøkkelpunkta i Georgia Guidestones var: «Hald menneskeheita under 500 millionar i æveleg balanse med naturen.»

Mange i hovudstraumens «venstreorienterte» media har hoppa på denne ideen òg. Aldri sløs vekk ei god krise til å kunne oppnå endå meir statleg kontroll. Korrekt? Sjå venstresida sin «predikant» Bill Maher i sitt New Rule-innslag, «Let the Population Collapse», i denne videoen, der han prøver å skremme dykk til å godta denne ideologiske politikken om befolkningsreduksjon.

Andre seier at «befolkningskrisa» er eit bedrag. Tidlegare Greenpeace-president dr. Patrick Moore seier at elitane har ei «sjølvmordspakt» for å redusere verdas befolkning. Han seier vidare: «Vi står no overfor ein situasjon der eit stort tal særs mektige organisasjonar og elitar på eit internasjonalt og nasjonalt nivå ber om politikk som essensielt er ei sjølvmordspakt. Grunnleggjande eit slags dødsønske.»

Sjå denne videoen, der dr. Patrick Moore legg ut i detalj om desse planane, som sjølv om deira ideologiske mål kan vere befolkningsreduksjon, er det ein måte å tene pengar på i tillegg.

Men kva seier dataa når dert gjeld verdas befolkning?

Sidan midten på 1900-talet, har den globale befolkninga følgt ei bratt stigande bane. Medan mykje av denne veksten har blitt konsentrert i Kina og India, forventar forskarar at den neste vekstbølgja vil skje i Afrika. Per 2019, til dømes, får gjennomsnittsdama i Niger meir enn seks barn i løpet av livet.

På den motsette enden av spekteret er ei rekkje land som ser ut til å krympe frå eit befolkningsperspektiv. For å kaste noko lys over denne nokso overraskande trenden, har vi laga ei oversikt over topp 20-landa når det gjeld befolkningsnedgang. Dette kan sjåast her.

Den noverande tankegangen til våre «elite»-ekspertar seier til oss at befolkninga vil nå ein global topp på rundt 10 milliardar på jorda innan år 2100. Sjå dette her, og lær meir her.

Dette diagrammet viser kor befolkningsveksten vil kome frå. Vinnaren (eller taparen, alt etter) vil bli Afrika dersom den noverande trenden held fram. Alle andre regionar vil anten vere i stagnasjon eller i nedgang.

Enkelte trur at befolkninga vår allereie har stoppa på grunn av villeiande medieoverskrifter om søkkande fødselsratar. Raten til befolkningsvekst og snittstorleiken på familien har sokke, men det totale talet på menneske som kjem til på planeten kvart år har faktisk auka inntil nyleg.

I 1950 var til dømes verdas befolkning 2,5 milliardar og voks med 1,9% kvart år, noko som resulterte i ein absolutt auke på rundt 47 millionar menneske. I dag er vekstraten på mindere enn 1% per år, men fordi vår totale befolkning er meir enn tre gonger større, er den absolutte årlege auken på meir enn 60 millionar menneske per år.

Kanskje desse ekspertane sine modellar for fruktbarheitsrate tek feil. Det er mogleg at vi har overvurdert befolkningsveksten. Under ein låg-fruktbarheitsrate-modell, kan vi sjå verdas befolkning minke med ein milliard innan år 2100. Det kan sjåast i dette diagrammet, og lærast meir om her.

Men sjølv dei nyss nemnde fruktbarheitsmodellane reknar med at alt vil vere vel på Planeten Jorda. Dette kan vere ein falsk antakelse. Ta til etterretning nokre av dei følgjande scenarioa som kan endre den globale befolkningsdynamikken:

  • Kva om ein meir alvorleg pandemi råkar verda, og reduserer befolkningsveksten betydeleg? Kan ikkje dette til og med utvidast til andre naturkatastrofar òg?
  • Verda har opplevd relativ fred sidan Andre verdskrigen slutta. Kva om geopolitiske problem går over til konfliktar (krig) som kan forårsake befolkningsreduksjon, som det har gjort i fortida?
  • Dersom den globale økonomien lid ein større kollaps på grunn av feilhandtering (eller vondsinna metodar), kan økonomisk harde tider forårsake lågare fruktbarheitsrate – sidan familiar då vil kunne velje å få færre barn?
  • Ettersom teknologien endra familiedynamikken i det 20.hundreåret, kan dei teknologiske framstega til sexrobotar få menneske til å bruke tida si på virtuelle sexpartnerar i staden for ekte partnerar. Kan dette føre frukbarheitsratar til eit endå lågare nivå enn sjølv dei lågaste fruktbarheitsrate-scenarioa?

Kanskje de kan kome på andre scenario som kan endre den globale befolkningsdynamikken. Elon Musk, som ofte går imot mange hovudstraumsidear, antydar at den største trugselen til menneskeheita er befolkningsnedgang – ikkje overbefolkning. Sjå kommentarane hans i denne videoen.

Burde vi late våre elitar og politiske leiarar leike Gud, og endå verre, late dei handtere den globale befolkninga – med tanke på kor godt dei har handtert andre problem rundt om på kloden?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s