Av Rhoda Wilson, The Exposé, 8.juli 2022. Omsett av saksyndig.
Onsdag [6.juli 2022] vart Georgia Guidestones i Elbert County i den amerikanske delstaten Georgia råka av ein eksplosjon. Etterpå vart det som stod igjen demontert av tryggleiksårsaker.
I 1979 dukka ein mystisk framand opp i den aude småbyen Elberton og bestilte konstruksjonen av eit særs framtredande monument i granitt – Georgia Guidestones. Han introduserte seg sjølv som R.C. Christian, men innrømte at det ikkje var hans ekte namn. Forskarar grubla i fleire tiår over hans verkelege identitet og det eigentlege føremålet med Guidestones, som han hevda ville inspirere «Fornufta sin tidsalder» (The Age of Reason).
På det som blir kalla USA sitt Stonehenge, står det på fleire språk ti «bod».
Guidestones vart bygt for 500 000 dollar på vegner av «ei lita gruppe lojale amerikanarar» som forblir anonyme, men ein trur dei inkluderer filantrop og befolkningskontrollentusiast Ted Turner, som Summit News skreiv. Turner har ved gjentekne høve kjempa for ein 95% reduksjon av befolkninga, og går på underlege møte med Bill Gates, George Soros og andre likesinna for å diskutere korleis globalistane kan bruke rikdommen sin til å «seinke veksten til verdas befolkning».
Etter fem års etterforsking vart det i 2015 publisert ein dokumentar med namn «Dark Clouds Over Elberton», der dei utfordra mysteriet. Etterforskarane greidde å overtyde den eine mannen som visste den verkelege identiteten til R.C. Christian, som bestilte Guidestones, til å late dokumentarmakarane opne ein boks, medan kamera gjekk, som inneheldt korrespondanse som avslørte at Guidesones vart bestilt av dr. Herbert Kirsten.
Fire om morgonen 6.juli påførde ein bombeeksplosjon stor skade på Guidestones. Eksplosjonen øydela ein heil fløy av monumentet.
Styresmaktene fjerna raskt resten, visstnok på grunn av tryggleiksårsaker.
Jennifer Arcuri tweeta «Good Riddance New World Order #ItsOver», og la til videoen som viser demonteringa av det som stod igjen av monumentet. Innan slutten av dagen hadde Guidestones blitt fullstendig jamna med jorda.
Joachim Bartoll Official har eit anna syn enn dei som føler at eksplosjonen vart orkestrert av dei som er imot Den nye verdsorden (New World Order):
«Georgia Guidestones-eksplosjonen trendar på sosiale media og det var ikkje ei tilfeldig handling av ein eller annan ‘terrorist’, ei heller var det eit slag mot ‘kabalen’; det var eit på førehand planlagt ritual av jesuittane og frimurarane sidan alt der på verdsscena – og det heile ligg i tala.
Dei vil leggje skulda på ‘radikale venstreekstreme Q-anon-konspirasjonsteoretikarar’ for denne bombinga, og dette vil tenne hatet frå venstre og gjere det lettare å merkje ‘terroristar’ som no spring rundt med ‘bomber’.
Dette skjedde 6.juli, som i 7/6 eller 76. Skull and Bones = 76.
‘Bomba’, eller kva enn det var (DEW?), eksploderte nøyaktig klokka 04:03:33. Du treng ikkje å vere frimurar av 33.grad for å sjå kor mykje etter manus denne detoneringa var.»
Kommentar frå saksyndig: Vart eksplosjonen utført av ein «galen einstøing», ei gruppe «kvite hattar» for å åtvare globalistane, eller var det dei gode, gamle frimurarane og jesuittane som – heilt etter planen, naturlegvis! – jamna det kontroversielle monumentet med jorda? Eg reknar med at ein artikkel om hendinga vil dukke opp i Nyhetsspeilet i næraste framtid…